Hopp til innhold

Raudt-politikar om Nato: – Vi ønsker ikkje å rekruttere til mordarbanden

– Stygt og respektlaust, meiner politiske motstandarar.

Synne Bjørbæk i Rødt, varaordfører i Bodø

KRITISK: – Nato-krigar har ført til liding og død for millionar av menneske, øydelagde samfunn og ein flyktningstraum med millionar av menneske.

Foto: MARKUS THONHAUGEN / NRK

Debatten om norsk Nato-medlemskap har i mange år vore sovande. Det snudde då Russland invaderte Ukraina.

Ekstra betent blei debatten då Sverige og Finland varsla at dei ville inn i forsvarsalliansen.

Raudt, som er mot Nato i det store og det heile, sette seg imot at våre naboland skulle få bli med.

Ifølge Raudt-politikar Synne Bjørbæk er argumentasjonen for det som følger:

Vi ønsker ikkje å rekruttere til mordarbanden.

Bjørbæk er tidlegare varaordførar i Bodø, sentralstyremedlem i partiet og medlem av forsvarskommisjonen.

Skuldinga om at Nato er ein mordarbande skreiv Bjørbæk i eit kommentarfelt på Facebook, under ein status frå partikollega Andreas Tymi i Raudt i Bodø.

Han meiner Nato er «ein brutal, politisk og maktsentrert militærimperialistisk allianse».

Kraftige reaksjonar

Påstanden om at Nato er ein mordarbande, er det fleire som synest er opprørande.

Sverre Myrli er nyvalt visepresident i Nato si parlamentarikarforsamling, og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Akkurat no er han i Vilnius for å delta på nettopp Nato si parlamentarikarforsamling.

Ifølge Synne Bjørbæk representerer han altså ein mordarbande.

Myrli set ikkje pris på karakteristikken, og meiner ytringa er fullstendig skrivebom.

– Det er trist og vondt at dei held på slik dei gjer. Vi må hugse på at Raudt er eit revolusjonært, totalitært parti. Forgjengaren deira var AKP (m-l) som forsvarte både Mao i Kina og Pol Pot i Kambodsja, så det er eit parti med ei frykteleg fortid. Dei bør gå svært, svært stille i dørene.

Sverre Myrli (Ap) under Debatten 19. mai 2022.

ULIKE OPPLEVINGAR: – Estland, Latvia og Litauen er jo no sjeleglade for at dei er i Nato, som tryggar freden i området her, seier Sverre Myrli.

Foto: NRK

– Ein trekk fram Libya og Afghanistan som enkelte karakteriserer som reine angrepskrigar med dei konsekvensar det har hatt for sivile. Kva tenker du om Raudt sine innvendingar mot desse operasjonane?

– Eg meiner det var heilt riktig. Det var for å unngå ei eskalering av terrorrørsler. Så kan vi i ettertid stille kritiske spørsmål i ettertid, og det har vi gjort.

Han legg til:

– Men det rører ikkje ved basisen her om at Nato er ein demokratisk forsvarsallianse for 30 land i Europa med eitt einaste utgangspunkt, å trygge freden i Europa. Derfor blir det brutalt å høyre slikt frå Raudt i Noreg. Det er stygt.

Også Bård Ludvig Thorheim er provosert. Han er stortingspolitikar for Høgre.

Bård Ludvig Thorheim

FEIL: – Alle synspunkt er velkommen, men det er heilt feil å seie at Nato er ein mordarbande, meiner Bård Ludvig Thorheim.

Foto: Petter Strøm / NRK

Veteran frå Forsvaret: – Respektlaust

Han er også veteran frå forsvaret og tenestegjorde blant anna i Bosnia for Nato sine fredsbevarande styrkar der på 90-talet.

– Eg synest det er respektlaust. Det å kalle Nato for ein mordarbande er så langt frå røynda som du kan komme. Det er ei samling demokratiske land som har ein forsvarsallianse.

Bård Ludvig Thorheim (H) gifter seg i uniform med medalje fra Nato-operasjon i Bosnia.

Bård Ludvig Thorheim (H) giftet seg i uniform med medalje fra Nato-operasjon i Bosnia.

Foto: Privat

– Bjørbæk seier ytringa gjeld på eit overordna nivå og at det ikkje er soldatane ho vil ramme med denne utsegna. Har du forståing for at også Nato har vore involvert i operasjonar der det har gått med sivile liv?

– Ein kan ikkje skilje slik. Vi som har tenestegjort i Nato-operasjonar, har gjort det med formålet til operasjonen, som er å trygge freden på Balkan og å halde vekke terrorisme i Afghanistan.

Delar av årsaka til at Thorheim blir provosert, er tidspunktet for Bjørbæk si ytring.

Putin sitt Russland truar Noreg sine naboland, Sverige og Finland, med represalie dersom dei går inn i Nato.

– Nato har halde fred i Europa sidan 1949. Denne utsegna bør ikkje komme i det tidspunktet vi er inne i no, seier han.

Les også Rødt-topp om Steigan-bråket: – Jeg forlater ikke en kamerat i en kamp

Per Gunnar Kung Skotåm

Medlem av forsvarskommisjonen

Før jul blei det kjent at regjeringa sette ned ein ny forsvarskommisjon som skal vurdere kva sikkerheits- og forsvarspolitiske val og prioriteringar Noreg kan gjere for å ta vare på norsk sikkerheit.

Kommisjonen blir leia av tidlegare justisminister Knut Storberget og har 17 medlem. Eit av dei er Synne Bjørbæk.

Thorheim set spørsmålsteikn ved hennar posisjon som medlem i forsvarskommisjonen.

– Eg ser ikkje kva verdi ho har i ein slik kommisjon når ho kjem med slike utsegner, og det i ein kontekst der Putin sitt Russland truar våre naboland med represalie dersom dei går inn i Nato.

Sverre Myrli meiner derimot at ein må ta høgde for dei ulike stemmene.

– Slik er demokratiet, at også dei som er heilt ueinige skal få kome til orde. I motsetnad til Raudt, som er eit revolusjonært parti, meiner eg demokratiet må forsvarast, seier han.

Nato-krigar har ført til liding og død

Bjørbæk svarar slik på kritikken frå både Arbeidarpartiet og Høgre:

– Mogleg eg var flåsete i min kommentar, men eg og Raudt kjem aldri til å sende ei einaste bombe over land og folk som aldri har angripe oss. Kan Thorheim og Myrli seie det same?

Ho understrekar at sjølv om Raudt er imot Nato, så er dei for å bygge opp eit reelt og defensivt territorialforsvar.

– La meg slå det fast, min merknad omhandlar ikkje veteranar eller tilsette i forsvaret, som eg ikkje har anna enn respekt for.

Bjørbæk meiner det er både viktig og legitimt å diskutere norsk utanriks- og forsvarspolitikk.

– Ikkje minst er det nødvendig å ha ein realistisk og sannferdig diskusjon om kva Nato har stått for dei siste 20 åra. At Russland invaderer Ukraina og driv ein motbydeleg angrepskrig betyr ikkje at vi skal gløyme ofra for Nato og Nato-land sine brutale krigar i Irak, Afghanistan og Libya eller Nato-landet Tyrkia si krigføring mot kurdarane.

– Nato-krigar har ført til liding og død for millionar av menneske, øydelagde samfunn og ein flyktningstraum med millionar av menneske. Mine svigerforeldre blei politiske flyktningar etter det USA-støtta militærkuppet i Chile i 1973. Mange nordmenn blei flyktningar eller har foreldre som blei flyktningar på grunn av USA og andre Nato-land sine krigar som stridar mot folkeretten.

Les også Rødt-politiker nekter å skrive under på «lojalitetserklæring»

Geir Jørgensen