NRK Meny

RødeKors tilbake i normal beredskap

Røde Kors er no tilbake i normal beredskap etter påskeferien. Dei nær 200 frivillige i Nordland har trekt ned frå fjellet, og er i vanleg beredskap til å hjelpe til i leiteaksjonar og krisesituasjonar. På landsbasis behandla Røde Kors 455 skadar, medan dei i fjor hadde 660.

– Me har hatt ei roleg påske, og eg er nøgd med innsatsen til alle våre frivillige, seier distriktsrådsleiar i Nordland, Jan Ove Edvardsen.