Hopp til innhold

Turistar slepp ikkje naudetatar forbi: – Minutt og sekund tel

Turistane strøymer til Lofoten, tilsynelatande som aldri før. Det gjer arbeidet til naudetatane vanskelegare.

Allereie den første sommarveka blei rekordane slått på hovudvegen gjennom Lofoten.

I mai opna ei direkte flyrute frå Frankfurt. No skal det opne to til frå Zürich og Paris.

Alle pilene peikar i ei retning: Det kjem fleire turistar.

– Vegane er ikkje dimensjonert for den trafikken som vi har fått dei siste åra, er no min påstand.

Det seier Lars Ottemo Gärtner, brannsjef og koordinator for beredskap i Vågan kommune. Han viser til brannbilen bak seg som er to og ein halv meter brei.

For når desse bilane er på utrykking, slit dei med å kome forbi turistane.

– Ofte kan sekunda og minutta telje, så vi ønsker jo at det skal gå så fort som mogleg.

Lars Ottemo Gärtner

Lars Ottemo Gärtner ønsker turistane velkomen, men oppfordrar folk til å bli meir merksame i trafikken.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Slepp ikkje naudetatar forbi

Gärtner skildrar eit ferskt og vanskeleg tilfelle på veg mot Fiskebøl i Lofoten.

– Det var veldig mange køyretøy som ikkje responderte på oss då vi kom bak, som gjorde at det var vanskeleg å kome seg forbi når vi køyrde utrykking, vi fekk ikkje den frie vegen som vi normalt krev.

Sjølv om alle sesongar har sine utfordringar, kan denne sesongen kan bli ekstra krevjande med tanke på trafikk.

– Akkurat den aukande bubiltrafikken og sykkelturismen gjer jo at det går litt saktare på vegane og bilane er vanskelegare å få flytta på.

Bubilar i Lofoten

Både bubilar og leigebilar har allereie inntatt vegane i Lofoten og omland.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

I trafikken er det gjerne to typar køyretøy som skil seg ut kva gjeld å flytte seg for naudetatane: Bubilar og leigebilar.

Og i mesteparten av vegane i Lofoten har ikkje to køyrefelt med ei dedikert midtstripe i midten.

– Viss du då har leigd deg ein bubil og synest det er skummelt, og ligg midt i vegen, så er det umogleg å kome forbi med ein slik bil som du ser bak meg her, seier Gärtner.

Svolvær brannstasjon
Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Ulik køyrekultur – etterlyser tiltak

Nokre gongar kan det vere sollys som gjer at folk ikkje ser blålysa like godt. Det forstår han.

Men også køyrekultur, korleis folk er opplærte til å køyre i andre land og kva respekt ein har for blålys og naudetatar speler inn.

– Sjølvsagt synest ein kanskje også at vegane er smale her, og at det ikkje er så lett å vike for oss, seier Gärtner.

Han understrekar at turisme er bra, men det meste har ein smerteterskel.

– Det er heilt klart at vi skulle ønske det var betre forhold.

Bildet av vei, hav og himmel på Valberg i Vestvågøy

Øygruppa er prega av smale og kronglete vegar, i likskap med mange fylkesvegar i Nord-Noreg.

Foto: Benjamin Fredriksen

No ønsker brannvesenet at bilistar følger betre med og legg til rette for at naudetatane kan kome forbi. Utrykkingskøyring er nok risikofylt i seg sjølv.

– Vi skulle ønske at dei følgde med i speglane, og når det er mogleg at dei slepp oss forbi. I alle fall at dei signaliserer med blinklys at dei har sett oss og slakkar ned, slik at vi får redusert tida der vi må ligge i motsett køyrefelt.

Leigebilfirma: – Unormalt stor pågang

Også hos firmaa for bilutleige merkar ein større pågang enn før. Marknadssjef i bildelingstenesta Getaround, Lotte Børnick Sørhaug, seier det kokar på marknaden. Store delar av bilflåten deira er utleigd.

– Der er det brennheitt. Det er veldig tydeleg for oss at mange vel å legge ferien til Noreg og norske vegar i sommar. Vi har unormalt stor pågang.

Lotte Børnick-Sørhaug

Børnick Sørhaug trekker fram direkterutene frå europeiske storbyar til både Bodø, Evenes og Tromsø. Då er det rett til bilutleigarane for mange, som skal på roadtrip til særleg Lofoten.

Foto: Hanna Huglen Revheim / NRK

Etterspurnaden gjeld i heile landet. Totalt har etterspurnaden auka med over 40 prosent dei komande sommarmånadane, samanlikna med same periode i fjor, ifølge marknadssjefen.

Halvparten av leigetakarane er utanlandske turistar. Frankrike, USA og Tyskland toppar lista.

I ei fersk undersøking gjennomført av Norstat for NRK viser at langt over halvparten av spurde nordmenn planlegg å feriere i Noreg. Heile 7 av 10 nordmenn skal bli i landet.

I Lofoten er første pulje turistar allereie komne.

Reiselivssjef Line Renate Samuelsen i Visit Lofoten har tatt til orde for å bli strengare på regulering, slik som i Danmark, der det ikkje er lov å parkere bubilen sin utanfor ein regulert campingplass, for å bidra til betre trafikksikkerheit.

Smale vegar sett frå brannbilen

Ikkje mykje plass å breie seg på, når brannbilen ferdast i Lofoten.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Kommunedirektøren i Vågan i Lofoten, Tommy Stensvik, seier også at dei vil få på plass fleire parkeringsplassar i Henningsvær, eit ynda feriemål for mange som skal til Lofoten. Kommunen ser også på moglegheitene for å få gangveg inn til Henningsvær frå Festvåg.

– Det er for å legge til rette for dei som vil besøke Lofoten og spesielt Henningsvær prøvar vi no å legge til rette best mogleg for trafikantar slik at sikkerheita blir tatt vare på, seier Stensvik.

Vil sette inn tiltak

NRK har spurt bildelingstenesta Getaround om kva dei tenker om at naudetatar ikkje kjem seg forbi turistar i bubilar og leigebilar.

– Det er sjølvsagt kjempealvorleg. Eg ser jo at turismen aukar ganske kraftig der oppe og at det er noko regionen i utgangspunktet har ønska, eg håpar jo at alle involverte aktørar prøvar å legge til rette så godt som mogleg slik at vi saman klarar å ta imot alle turistane som kjem, seier Børnick Sørhaug.

Sommerkledde turister går langs kaia i Svolvær. Sola skinner og havet er helt stille. Fjellene brer seg over landskapet.

Sommarkledde turistar, denne gongen langs kaia i Svolvær.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

Etter å ha blitt møtt med problemet, seier ho at dei no ønsker å gjere tiltak for å bidra til betre trafikksikkerheit.

– Det er jo ting vi kan gjere. Utleigarane våre er stort sett ganske flinke til å gi leigetakarar litt informasjon om kva reglar som gjeld, korleis ein betalar for parkering og bompengar. Men eg trur nok dei har brukt mindre tid til å snakke om nettopp dette at i ofoten er det dårleg framkjømd.

Derfor vil dei no sende ut informasjon til utanlandske turistar som skal køyre på dei smale vegane, og som leiger bil spesielt frå Evenes og Bodø.

– Og be dei respektere omgjevnadane, følge med i trafikken og spesielt vere merksam på utrykkingskøyretøy fordi det kan vere vanskeleg å kome forbi.

Oppfordring til å logge på NRKs tjenester.
Foto: NRK

Slik gjør du det