Hopp til innhold

Rekord for Musikkfestuka

Nordland Musikkfestuke slo alle rekordar. 23 000 menneske samla seg om konsertar og teater.

Arve Tellefsen på Keiservarden

Over 4 000 menneske tok turen opp på Keiservarden for å sjå og høyre Arve Tellefsen.

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

Nordland Musikkfestuke greide i år å samle heile 23 000 menneske. Dette er 5 000 meir enn i fjor.

Søndag vart festivalen avslutta og festivalsjef Rolf Cato Raade er storfornøgd med resultatet.

- Heilt fantastisk! Vi er utruleg fornøgde, og må berre seie "tusen takk" til publikum som har støtte opp om arrangementet. Det varmar verkeleg, og gir inspirasjon til vidare satsing.

Taus om pengar

Han meiner at publikum no også er meir opne for den nye musikken. Han peikar på at musikarane får god respons når dei spelar såkalla samtidsmusikk. Men han vil ikkje seie noko om det økonomiske resultatet.

- Det er for tidleg å seie noko om. Vi veit at har nådd budsjettet når det gjeld billettinntekter. Men det er mange utgifter. Så vi veit ikkje resultatet før om ei god stund. Det ser bra ut, men det er vanskeleg å seie noko om det.

Hjartet i festivalen

Han skryt uhemma av dei over 200 frivillige som har jobba under festivalen.

- Dei er heile hjartet i festivalen! Dei har gjort ein fantastisk innsats. Det er altså folk som brukar fritida si på å vere i Spektrum, eller på Nyholmen, eller på Keiservarden, eller i Domkyrkja i omlag eitt døgn. Dei gjer ein uvurderleg innsats. Så det er berre å seie "tusen takk" for all hjelp. Utan dei hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre ein slik festival, slår Rolf Cato Raade fast.

Reporter Bjørn Tore Pedersen oppsummerar Nordland Musikkfestuke 2007.

Christel Alsos om å opptre under Musikkfestuka. Reporter Adrian Dahl Johansen.