Hopp til innhold

Restaurantar slit utan servitørar: – Svenskane er ryggrada i den norske serveringsbransjen

Restauranteigar Glenn Berg slit med å fylle vaktlistene sine, og snart startar fellesferien. NHO håpar på ei løysing før det vert for seint.

Glenn Berg, gründer og eigar av Bóndi restaurant i Bodø.

Glenn Berg har greidd å halde hjula i gang til no, men veit ikkje korleis det skal gå om ikkje grensene opnar for svenske arbeidarar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire hundre meter lange køar, sprengt kapasitet på ferjer, fullbooka rorbuer og trongt på campingplassane. Slik var sommaren i fjor for mange på ferie i Noreg.

Og slik vert den nok i år også.

Men for dei som skal servere alle desse reisande, lovar ikkje mange turistar berre godt. Utan tilreisande arbeidarar frå nabolanda våre har serveringsbransjen problem med å fylle vaktlistene.

– Svenskane er jo eigentleg ryggrada i den norske serveringsbransjen, seier Glenn Berg.

Han er gründer og dagleg leiar ved Bóndi restaurant i Bodø. Til no har han greidd å finne arbeidarar til å halde hjula i gang, men det har ikkje vore lett.

– Det har jo gått på eitt vis, men vi har måtta ty til alle moglege løysingar. Vi har snakka med vener, og kjende om dei veit om nokon som treng ein jobb. Vi har vore på Facebook, i media, eigentleg overalt. Vi har fått Nav til å aktivt gå ut og leite etter folk til oss. Det er faktisk ikkje lett, seier Berg.

Thea Haugbjørg serverar på Bóndi restaurant i Bodø.

Thea Haugbjørg er blant dei som er i jobb på restauranten til Berg. Dei tilsette merkar at deira svenske kollegaar sitt fråvær.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire slit med bemanning

Og det er ikkje berre restaurantane som ikkje finn nok søkarar. Mange i reiselivsbransjen slit med å få tak i folk, seier regiondirektør Daniel Bjarmann-Simonsen i NHO Nordland.

– Bransjen er skrudd slik saman at vi har mange heilårsarbeidsplassar, men det er toppane ein lev på. Då treng ein sesongarbeidarar, seier Bjarmann-Simonsen.

Han trekk fram at det er svenskar og danskar som gjerne vart permitterte tidleg under pandemien, og at desse reiste heim og no ikkje kjem inn att i landet.

Daniel Bjarmann-Simonsen

Daniel Bjarmann-Simonsen, regiondirektør i NHO Nordland, seier dei jobbar for å få attende dei utanlandske sesongarbeidarane.

Foto: Allan Klo / NRK

– Vi jobbar for å utvide nålauget for kven som får kome attende i jobb og at gjenopningstrinn tre kjem på plass.

Dette gjenopningstrinnet vil mellom anna lette på restriksjonar på skjenking, avvikling av arrangement og ikkje minst «opne for prioriterte grupper arbeidsreisande (...)".

Åse Baustad Nordeide serverar på Bóndi restaurant i Bodø.

Enn so lenge har det gått opp på restauranten til Berg, men korleis sommaren blir, veit han ikkje.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Underskot på servitørar

Midt i dette skal Glenn Berg opne nok ein serveringsstad i Bodø. Og då treng han 20–30 nye tilsette. Men det går neppe utan hjelp frå söta bror.

– Den løkka strammar ganske godt kring halsen allereie.

– Mange stillingar har tidlegare har vore besett av svenskar. Då dei forsvann, måtte alle ty til norsk arbeidskraft. Og der har vi i mange år rett og slett hatt eit underskot på servitørar og kokkar, faglærte og ufaglærte, seier Berg.

– Eg håpar jo at det ordnar seg, men... vi står der og trippar litt, i håp om at grensene skal opne att.

– Men korleis vert det å gå i sommar? Ting tydar jo på at det kjem ganske mange hit nord?

– Der har vi jo to sjansar: anten går det forferdeleg bra, eller forferdeleg dårleg. Det er ikkje so mange alternativ imellom der.