Hopp til innhold

Bygger gigafabrikk til 17 milliardar

Regjeringa har sett ned ti punkt som skal gjere Noreg til stormakt i verda på batteriproduksjon. Dei stiller med 4 milliardar i form av lån og garanti til gigantfabrikken på Mo, som kostar 17 milliardar kroner.

Freyr, batterifabrikk i Mo i Rana

STORE SUMMAR: Gigafabrikken Freyr brukar 17 milliardar. Regjeringa stiller med 4 milliardar i form av lån og garanti.

Foto: freyr

– Potensialet for verdiskaping er på 90 milliardar kroner fram til 2030. Her skal sjølvsagt Noreg posisjonere seg, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Eit nytt kapittel blir skrive i Noregs første batterieventyr.

Batteriteknologien som heiter litium-ion skal drive oss inn i framtida mot klimaløftene for 2050.

Med stor betydning for lågutsleppsamfunnet og vår elektriske framtid.

Ikkje minst for bilane, ferjene, lastebilane og syklane våre.

Dette er planen til regjeringa

Fleire stader i Noreg blir det bygga batterifabrikkar og den internasjonale konkurransen er enorm. Noreg sitt fortrinn er mykje fornybar energi som gir billeg straum og gode vilkår for batteriindustri.

Det gjeld særleg Nord-Norge.

Det største prosjektet, gigafabrikken Freyr i Mo i Rana, skal på lang sikt stå for batteriproduksjon for 180 milliardar kroner årleg.

Nokre meiner det kan avløyse inntektene frå olje og gass.

Nyheita kom i dag under næringsministeren sitt besøk i Mo i Rana. Her la han fram Noregs første batteristrategi.

Det er ein tipunktsplan for korleis Noreg skal bli ein leiande produsent og utvikle det som blir kalla ein lønnsam batteriverdikjede.

Målsettinga til regjeringa er store.

Næringsministaren

HISTORISK: – La det vere klart, vi skal nå klimamåla i Parisavtalen og vi skal ta omsyn til naturen og det biologiske mangfaldet.

Foto: NFD

– Vi skal tiltrekke oss dei store investeringane og gigafabrikkane i Noreg. Og vi skal vise leiarskap i heile batterifabrikkjeda. Det handlar om alt frå utvinning av mineraler til batteri, til bruk av fornybar energi, seier næringsministeren.

– Det er mange fagre ord i denne tipunktsplanen. Kva gjer regjeringa med omsyn til støtteordning, økonomi og tilskot?

– Vi bidrar aktivt gjennom verkemiddelapparatet vårt i form av lån og garantiar. Då eg og statsministeren la fram grønt industriløft i førre veke, så peika vi på eit behov for estimert 60 milliardar kroner i statleg risikoavlasting til grønt industriløft fram til 2025, seier Vestre.

Han legg til:

– Dersom det er gode nok prosjekt og privat investeringsvilje, så skal vi dimensjonere vårt verkemiddelapparat til å møte dette aukande behovet.

Skal tiltrekke dei store gigafabrikkane

Ifølge ein rapport laga av Sintef treng Europa 55 nye gigafabrikkar i løpet av dei 8 neste åra. Det er berre for å tilfredsstille elbilmarknaden.

Innan 2050 har verda behov for 600 nye batterifabrikkar, ifølge Rystad Energy. Etterspurnaden etter batteri vil stige frå dagens 300 GWt (300 millionar kilowattimar) til 4.900 GWt.

– Vi skal vise verda kvifor dei skal kome til Noreg for å vere med på denne industrien, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Bilde frå pressekonferanse

STORE PLANAR: Næringsminister Jan Christian Vestre på besøk hos Freyr i Mo i Rana

Foto: Lars-Petter Kalkenberg

Dette får store konsekvensar for kommunane og lokalsamfunna. Prosjektet stiller krav til bustadbygging, kulturtilbod, bygging av vegar og tomter. Men berre dersom staten stiller opp, seier Vestre:

– Om Noreg grip moglegheita kan den norske verdikjeda for batteri sysselsette fleire titals tusen personar og omsette for minst 90 milliardar kroner innan 2030. Den globale etterspurnaden veks eksponentielt.

Styreleiar og gründer i Freyr, Torstein Dale Sjøtveit, er tilfreds med investeringa:

– Vi er svært fornøgde med den indikerte støtta på 4 milliardar kroner i lån og garantiar til Freyr. Det vil vere ein katalysator for å sikre ytterlegare kapital til våre utbyggingsplanar.

– Dette er historie

Etterspurnaden etter batteri er nær tredobla sidan 2018 og den globale marknaden kan bli opptil 20 gongar så stort dei neste åtte åra.

– Dette vil vere ein av dei absolutt største fabrikkane i Europa, seier administrerande direktør i Freyr, Tom Einar Jensen.

Dei vil drive anlegget i Mo med drygt 600 menneske, og har ein ambisjon om å eliminere CO₂-utsleppa.

– Eg er veldig glad for at vi bidrar med lån og garantiar for 4 milliardar kroner for at dette prosjektet kan bli utløyst, seier Jan Christian Vestre.

Stiller høge krav til miljøet

Utfordringa er å møte klimautfordringa.

– La det vere heilt klart: Vi skal nå klimamåla i Parisavtalen og vi skal ta omsyn til naturen og til det biologiske mangfaldet. Det inneber at batteri må produserast på ein endå meir berekraftig måte og med låge eller ingen klimagassutslepp, seier Vestre.

Regjeringa varslar at Noreg skal sørge for sirkulære løysingar, gjenbruk og utvikling av miljøvenlege batteriteknologiar som kan bli framstilt med lågare energiforbruk.

Batterifabrikken på Mo i Rana er ei viktig satsing for Nordland for å få på plass det dei kallar ein grøn industri.

Mange arbeidsplassar – men mangel på kompetanse

Ifølge ein rapport utarbeida av NHO kan batterifabrikkane i Noreg gi opp til 30. 000 nye arbeidsplassar og omsette for rundt 180 milliardar kroner innan 2050.

Etableringa på Freyr i Mo i Rana kan gi rundt 2.150 nye arbeidsplassar i kommunen, ifølge ein rapport gjort av Menon Economics på oppdrag frå Rana kommune og Nordland fylkeskommune.

NRK skreiv først at regjeringa bidrog med 17 milliardar kroner til gigantfabrikken. Det er feil. Det riktige er at regjeringa bidrar med 4 milliardar kroner i form av lån og garantiar.

Les også Slik påvirker batterifabrikkene strømregningen din

Slik påvirker batterifabrikkene strømregningen din