Førre veke gav Nordland fylkesråd selskapet Marine Harvest lov til å drive fiskeoppdrett ved Rørskjæran i Vega. Avgjerda vekte sterke reaksjonar, både frå naturvernarar, politikarar og innbyggarar.
No syner det seg at regjeringa for to år sidan lova å hindre etablering av oppdrettsanlegg i verdsarvområdet i Vega.
- Les også:
UNIKT KULTURLANDSKAP: Vegaøyene er kjende for sitt unike kulturlandskap og eldgamle ærfugltradisjon. Her ser ein dei små trehusa ærfuglane nyttar då dei hekkar. I mange år fungerte sankinga av ærdun som ekstra inntekt på sida av fiske. På denne måten utgjorde kvinner ein stor del av inntekta til hushaldet.
Foto: ScanpixDepartementet ventar klager på løftebrot
Etter mellom anna Kulturvernforbundet, Naturvernforbundet, Norsk Ornitologisk Forening og Icomos Noreg synte uro for utviklinga på Vega, valde Klima- og miljødepartementet å kome med eit svar.
I eit brev til direktøren for UNESCO sitt verdsarvsenter, Mechtild Rössler, lovar departementet at søknadar om oppdrettsanlegg ikkje skal behandlast eller løyve delast ut. Likevel har dette no skjedd.
– Vi kan ikkje kommentere denne saka no, seier kommunikasjonssjef i Klima- og miljødepartementet Jon Berg.
Han peikar på at departementet per i dag ikkje har planar om å følgje opp saka, men vil gjere det om nokon leverer ei klage.
– Vi reknar med at ei klage vil kome, men kan ikkje byrje arbeide med saka før den tid, seier Berg.
LOVAR Å LA VERE: I dette brevet frå 2016 lova Klima- og miljødepartementet direktøren for UNESCO sitt verdsarvsenter, Mechtild Rössler, at det ikkje skulle delast ut konsesjonar til å drive akvakultur i Vega. No har Nordland fylkesråd opna for nett dette, og departementet må stå ansvarleg for eventuelle klager.
Foto: SkjermbileteEr budd på å bruke alle verkemiddel
– Eg reagerte valdsamt sterkt på vedtaket fylkestinget tok. Vi er usikre på kva vi skal gjere, men at vi kjem til å gjere noko er heilt klart, seier Leidulf Mydland, fungerande riksantikvar.
For halvannan år sidan sette Riksantikvaren seg til motverje mot planane om oppdrettsanlegga. Dei grunnla ikkje stillinga med at dei var mot anlegg innanfor verdsarvområdet, men fordi dei meiner det er stor usikkerheit knytt til kva konsekvensar eit slikt anlegg vil få.
– At vi sette oss til motverje stoppa den pågåande planprosessen, og vi har no ein god dialog med Vega kommune for å få gjennomført konsekvensutgreiinga. Difor er vi veldig overraska over fylkestinget sitt vedtak, seier Mydland.
SMILER, MEN IKKJE FOR OPPDRETT: Fungerande riksantikvar, Leidulf Mydland, var sjokkert over fylkesrådet sitt vedtak. Dei vurderer både mellombels freding av Vega og å klage på Klima- og miljødepartementet sitt brev til UNESCO.
Foto: Øystein Ellingsen / NRK– Er det aktuelt for Riksantikvaren å klage til departementet i denne saka?
– Ja, definitivt. Vi vurderar også å gå til mellombels freding av heile området i Vega, seier Mydland.
Dette vil i so fall vere ei drastisk handling som overstyrer fylkestinget i Nordland. Marine Harvest vil altso ikkje kunne starte opp drift før konsekvensutgreiinga er klar. Mydland meiner det er store internasjonale interesser truga av tiltaka, men har enno ikkje bestemt seg for kva Riksantikvaren vil gjere.
– Vi er budd på å bruke alle dei verkemiddel vi har for å få ei god handtering av denne saka, seier Mydland.
- Les også: