Hopp til innhold

Regjeringa vil trygge norske sjøkablar, men berre i oljenæringa

Regjeringa gir 43 millionar for å trygge norske sjøkablar. Men tiltaka treffer ikkje kablar som tidlegare har vore kutta i nordområda.

Kabelen bærer preg av å være kuttet etter at den er revet løs, sier Troms politidistrikt. Kabelbrudd ved Lofoten-Vesterålen havobservatorium (LoVe).

BROT: Slik såg kabelen til havforskarane i Vesterålen ut, etter at han blei brote. Dei får ikkje pengar av regjeringa til å sikre at det ikkje skjer igjen.

Foto: Troms politidistrikt

Sjøfiberkablar utgjer ein viktig del av den digitale infrastrukturen på sokkelen.

No vil regjeringa løyve pengar til dette gjennom revidert statsbudsjett.

Grunnen? Mellom anna hendinga ved Nord Stream 1 og 2.

Men det finst også sjøfiberkablar som ikkje berre blir brukt til olje og gass.

Både utanfor Vesterålen og Svalbard har slike kablar blitt kutta dei siste åra.

Men desse kablane blir verande like usikre.

– No er det berre éin kabel til Svalbard. Det er ikkje meir å gå på, seier stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim (H).

Satellittbilde av gasslekkasjen i Østersjøen. Nord Stream

Hendinga ved Nord Stream 1 og 2 er ein av årsakene til at regjeringa gir pengar til trygging av norske sjøkablar.

Foto: AFP PHOTO / HO / PLANET LABS PBC

Norsk gassproduksjon prioriterast

Regjeringa kjem med følgande forslag:

– Med desse tiltaka vil regjeringa styrke tryggleiken på norsk sokkel, når det gjeld både utfall av telekomtenestar og førebygging og handtering av moglege truslar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) seier tiltaka vil førebygge handtering av moglege truslar for norske kommunikasjonskablar.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Det gleder i utgangspunktet representanten for Nordland Høgre, Bård Ludvig Thorheim.

– Hittil har ein overhovudet ikkje gjort noko. Eg er glad for at ein erkjenner at det no er ein trussel.

Høgrepolitikaren har vore tilsett i etterretningstenesta og tidlegare arbeidd med nordområdepolitikk og sikkerheitspolitikk.

Stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim (H) mener myndighetene må være mer åpen med folk om hva de vet om det som skjer i Nord-Norge og hvordan de svarer på det.

Stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim (H) meiner det er på tide å sette sikkerheit for sjøkablar på agendaen.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Men tiltaka frå regjeringa er ikkje retta mot kablar som dei utanfor Vesterålen og Svalbard.

– Sjøfiberkablar understøtter norsk gassproduksjon og dette er bakgrunnen for den ekstra løyvinga, seier Sigbjørn Gjelsvik til NRK.

Bilde tatt frå den einaste undersjøiske stasjonen som framleis fungerer.

Kva såg forskarane?

Det undersjøiske nettverket samla nemleg inn informasjon om kva som rørte seg på havets djup.

Frå fiskar, kval og djuphavskorallar til trålarenotar og ubåtar.

Trommel med sjøkabel som skal legges utenfor Lofoten og Vesterålen

Kven kutta kabelen?

Seinare blei kabelen funne, om lag 11 kilometer unna. Politiet konkluderte med at det var eit fiskefartøy som hadde kappa kabelen.

– Også ein stor sårbarheit

Thorheim i Høgre har forståing for at digital infrastruktur til olje- og gassplattformer blir sikra først. Det er kjent at Russland bruker energiforsyning som eit politisk våpen.

– Men den digitale infrastrukturen, som vi er heilt avhengige av i kvardagen, er også ei stor sårbarheit for oss. Vi er eit av dei mest digitale samfunna i verda.

Kabelhus Svalbard

Sjøfiberkablane som går langs sjøbotnen frå fastlandet til Svalbard kjem inn i dette vesle huset. Huset er gjerda inn med piggtråd, men det er sikringa av kablane som er kritisk, meiner Thorheim i Høgre.

Foto: Jannicke Mikkelsen / NRK

Difor meiner han det også er viktig å skire kablar som til dømes den til Svalbard.

– Kablane er lette mål og med sivile fartøy kan ein kutte dei.

– Eg synest vi bør sjå på nye typar regelverk som gir ein høgare terskel for å drive med aktivitet der kablane er.

Les også Russiske trålere krysset begge kablene før forbindelsen forsvant

AIS-sporing av russiske fiskefartøy

– Olje- og gassproduksjon er nok litt høgare prioritet

3. april i 2021 gjekk plutseleg alle skjermane i svart for forskarane frå Havforskningsinstituttet i Bø i Vesterålen.

No er forskarane usikre på om dei tør å leggje ny kabel. Dei vurderar ei trådlaus kopling i staden.

– Vi har ikkje kontroll over utanlandske fartøy der borte. Om vi ikkje legg ny kabel er det mindre sannsyn for at noko blir øydelagt, seier Geir Pedersen i Havforskningsinstituttet.

Geir Pedersen, seniorforskar og prosjektleiar for «LoVe Ocean»

Geir Pedersen, seniorforskar og prosjektleiar for «Love Ocean» i Vesterålen seier at dei òg ser på akustiske system, slik regjeringa foreslår, som eit alternativ til å leggje nye kablar.

Foto: Christine Fagerbakke / HI

– Er det ikkje litt rart at de ikkje får noko av desse midla?

– Det kan du seie, men sikkerheit knytt til olje- og gassproduksjon er nok litt høgare prioritet, seier havforskaren.

Les også PST varsla om mysterium på havbotnen: 10 tonn tung kabel sporlaust forsvunne

Den digre kabelen som forsvann

Regjeringa: Merksame på hybride truslar

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik seier at det er aktørane sjølve som har ansvaret for å følgje opp krav frå styresmaktene om forsvarleg tryggleik.

– Vi er i tett dialog med aktørar for å vurdere statleg stønad til sikring utover dei krava som kan bli stilt til den enkelte verksemd.

Dette seier han òg gjeld Space Norway som eig og forvaltar Svalbardfiberen. Dei har tidlegare mottatt stønad til sikringstiltak.

Brudd på sjøkabel rammer området i rødt.

Brot på sjøkabelen til Svalbard ramma området i raud. No er det berre ein kabel som går til øya. Det meiner Thorheim gjer infrastrukturen utsett for angrep.

Foto: Telenor

– Ser regjeringa at slike kablar òg er utsett for ein tryggleiksrisiko?

– Tilbakemeldingar frå eigarane av sjøfiberkablar på sokkelen er at det er uhell forårsaka frå maritim verksemd, slik som fiskebåtar, som til no har forårsaka dei fleste utfall.

Likevel påpeiker Gjelsvik at tryggingsstyresmaktene er merksame på dei hybride truslane og at tilsikta handlingar kan verte forsøkt kamuflert som uhell.

Departementet er oppteken av tiltak for å redusere risiko knytt til tilsikta og utilsikta handlingar.

Les også Mysteriet på havbotnen: Finst «sjømonster» som kan flytte ti tonn kabel

3O8Bom8yIhU

Les også Får ikkje pengar til å erstatte undersjøisk kabel: – Kjem til å skje igjen

Node 7