Hopp til innhold

Første 1. mai etter LO-høvdingens bortgang: – Han såg dei rundt seg

1. mai vert annleis og digital også i år. Dette året må nemleg arbeidarrørsla kjempe utan LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

Hans Christian Gabrielsen, 2. nestleder i LO

LO-HØVDING: Hans Christian Gabrielsen var valt som leiar i LO i 2017, og døydde brått 9. mars 2021. Han vart 53 år gammal.

Foto: Trond Isaksen

1. mai er arbeidaranes dag, men årets fering vert spesiell for arbeidarrørsla.

På grunn av pandemien vert arrangementa i år digitale, og dei tradisjonstunge toga og parolane må verte sett på skjermen.

Men i år er også første året arbeidarrørsla må feire utan LO-leiar Hans Kristian Gabrielsen som døde på post.

Ein stor mann

I mars gjekk Hans-Christian Gabrielsen brått bort.

– Det var ein frykteleg nyhende å få. Eg vart veldig lei meg, og det er eg framleis, regionsleiar i LO, Rita Lekang.

Ho kjente den tidlegare LO-leiaren godt. Han har mellom anna vore med på besøk på arbeidsplassar i Nordland.

– Han var raus og ein du kunne stole på og snakke med, fortel regionsleiaren.

– Han var leiaren vi hadde håpa på å skulle ha mange år framover, seier ho.

gKP0rDP3A3M

EIN STOR MANN: Her på 1. mai feiring i fjor saman med Jonas Gahr Støre.

Foto: Terje Bendiksby / Terje Bendiksby

Lekang beskriv Gabrielsen som ein stor mann, samstundes som han var ein god person å vere saman med. Fleire har delt minna sine med henne, og fortalt ho om korleis han brydde seg og såg dei som var rundt han.

– Korleis går de fram no vidare utan han?

– Det er ingen som er uerstattelege. Vi er eit lag, og nestleiar Peggy Hessen Følsvik tok på seg rolla i ei krise som ingen kunne føresett at vi skulle kome i. Ho har leia oss trygt i forhandlingar både med NHO og regjering. Ho er ei god støttespelar for oss leiarar i LO.

Ei sosial rørsle

Regionsleiaren for Landsorganisasjonen (LO) i Nordland, Rita Lekang, fortel at LO har måtta omstille seg til ein heilt anna kvardag i eit år under pandemien.

Rita Lekang Nordland Røde Kors

SAKNA: LO-høvdingen Hans Kristian Gabrielsen vil verte djupt sakna, seier Rita Lekang. Her som leiar i distriktsstyret for Røde Kors.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Vi er ei rørsle som likar å vere ute og treffe folk på møter, forhandlingar eller på arbeidsplassar. Vi treng å vere fysisk til stades, men no har vi måtta dukke inn i Teams-romma i staden, seier ho.

Lekang fortel at sjølv om organisasjonen kan halde fram med strategiar og vedtak mistar dei mykje verdifull lærdom når dei ikkje kan møte arbeidarane på arbeidsplassen.

– Vi mister den mellommenneskelege relasjonen. Det er noko vi elles ikkje legg så mykje merke til, men som er viktig i møtet med menneske.

Trass korona vil LO i år som alle år ha arrangement. I fjor vert dei kasta inn i markeringa med berre eit par dagar til å omstille seg.

Mini-parole laga for Fagforbundet Teater og Scene. Kultur er verdi, ikke profitt, meiner dei.

MINI-PAROLE: Ein av LOs markeringar i år er miniparole. Her har Fagforbundet Teater og Scene tatt bilde av parolane dei går under i årets digitale tog.

Foto: Fagforbundet Teater og Scene

LO hadde markeringar mellom kl. 11 og 13 i dag, med mellom anna appellar frå noverande LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og AP-leiar Jonas Gahr Støre.

– Det vert sjølvsagt litt feststemning, men det vert aldri slik det er å møtest ute på gata, seier regionsleiaren.

– Vi kjem til å sakne Hans-Christian Gabrielsen, og vi kjem aldri til å gløyme han og kva han sto for, men vi må gå vidare. Vi må ta med arven hans og det han jobba for vidare med inn i eit nytt lag.