Hopp til innhold

Kenny (20) fekk rasistiske tilrop frå tribunen: – Det gjorde vondt

For tredje gong må tredjedivisjonslaget utvise supporterar for rasistiske tilrop. Sportskommentator kallar det eit samfunnsproblem.

Finnsnesspelar Kenny Marblow fekk rasistiske tilrop i tredjedivisjonskamp mot Melbu.

Finnsnes-spelar Kenny Marblow fekk rasistiske tilrop i tredjedivisjonskamp mot Melbo IL.

Foto: Vidar Lorentsen / VOL.no

Stemninga er intens på Havfisk stadion på Melbu, søndag.

Tredjedivisjonslaga Finnsnes og Melbo IL knivar om plassen i divisjonen.

Ballen ligg mellom to spelarar. Ein duell.

Både publikum og spelarar brølar. Dommaren vender seg til Finnsnes-spelar Kenny Marblow.

Då jallar det over grasmatta frå tribunen:

«Det er ikkje noko vits i å prate til han – han skjønnar jo ikkje norsk»

Bladet Vesterålen omtalte saka først.

Kenny Marblow i NM kamp mot fk Senja.

Kenny Marblow i NM-kamp mot FK Senja.

Foto: Øyvind Aronsen

– Gjer vondt

– Det er jævlig å tenkje på. Det gjer vondt å høyre at folk kjem med slike kommentarar, seier Kenny Marblow.

Som den einaste mørkhuda spelaren på grasmatta trur ikkje 20-åringen at kommentaren kunne ha vore retta mot nokon andre.

– Eg snudde meg mot han og såg han inn i auga. Kan du gjenta det? spurte eg han. Då snudde han seg vekk, fortel spelaren på klingande sørreisa-dialekt.

Marblow kom frå Elfenbeinskysten til Noreg i 2004. Då var han berre 4 år.

– Eg er like norsk som dei andre spelarane på banen var.

Marblow fortel dommaren om kva tilskodaren sa til han.

Marblow fortel dommaren om kva tilskodaren sa til han.

Foto: Skjermbilde frå fotballkampen

Gøymer seg i mengda

– Det er lite vakkert når det går over slike grenser, seier sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt.

Jan Petter Saltvedt

Jan Petter Saltvedt, sportskommentator i NRK.

Foto: Alem Zebiz / NRK

Han trur slike utrop kjem fordi ein kan gøyme seg i ein mengde blant tilskodarane på tribunen.

– Fotball er diverre ein arena der folk får utløp for ein del ting dei aldri burde verken tenkt eller sagt. Det kjennest kanskje for mykje som ein fristad, seier han.

Han meiner ein skal kunne vere grov og partisk på tribunen. Men utsegn som ikkje er tolerert elles i samfunnet er heller ikkje tolerert på tribunen.

– Kan du ikkje seie det rett i fjeset til ein person, skal du heller ikkje rope det på tribunen, seier Saltvedt.

Rasisme på alle nivå

– Det er eit samfunnsproblem. Først og fremst må vi arbeidde for å inkludere og vise at vi har verdiar som er sterkare enn dette, seier Saltvedt.

For rasisme i fotballen er ikkje noko nytt.

Fotballkommentatoren fortel at rasisme skjer i fotball på alle nivå.

I EM i Ungarn opplevde britiske spelarar i Premier League rasistiske utsegn.

Også her heime har vi opplevd rasistiske utsegn.

Særleg under koronapandemien, då det var færre på tribunen, vart dei rasistiske stemmene tydelegare:

Heller ikkje på Melbu er det første gong det skjer.

Både i 2017 og i 2014 vart supporterar utvist for å rope rasistiske utsegn til spelarar.

På Facebook skriv Melbo IL at fotballaget tek sterk avstand frå hendinga og at tilskodaren vart fjerna frå stadionstadion òg utvist frå deira arrangement.

NRK lukkast ikkje først i å kome i kontakt med styret i Melbo IL. Fotballtrenar Thomas Rønning vil heller ikkje kommentere saka til NRK.

Seinare har klubben kome med denne utsegna:

– Slike tilrop høyrer ikkje heime i siviliserte samfunn. Det er ikkje noko ein ønsker å høyre, lese om eller oppleve, seier trenar for Finnsnes IL, Jonas Alexander Bang.

Skjermdump frå fotballkampen mellom Finnsnes og Melbo.

Spelarane frå begge lag knelte på kampen.

Knelte i solidaritet

I pausen mellom første og andre omgang hadde spelarane råd i garderoben.

Dei vil vise at dei ikkje tolererte den rasistiske ytringa.

Slik mange før dei har gjort valde dei to laga å knele før andre omgang.

Det vart først gjort av den amerikanske fotbalspelaren Colin Kaepernick i 2016.

Som ein protest mot mangel på merksemd på forskjellsbehandling grunna hudfarge.

Sidan har knelinga vorte ei symbolsk handling som viser til politivalden mot George Floyd 25. mai 2020.

– Det er viktig i samfunnsdebatten. Det syner at vi står sterkare saman enn åleine, seier trenar for Finnsnes IL, Jonas Alexander Bang.

Det var òg viktig for spelar Kenny Marblow.

For han var det første gong han har opplevd noko slikt. Både på og av fotballbana.

– Eg veit lagkameratar har opplevd rasisme i fotballen før. No veit eg korleis det kjennest. Ingen skal måtte oppleve noko slikt, seier Marblow.