NRK Meny
Normal

Rasar mot NFF

Norges Fotballforbund forskjellsbehandlar klubbane i eliteserien, meiner Bodø/Glimt sin trenar Kåre Ingebritsen.

Kåre Ingebrigtsen

Bodø/Glimt-trenar Kåre Ingebrigtsen treng alle tilgjengelege spelarar mot Viking på søndag.

Foto: Morten Sjåfjell / NRK

Grunnen er at Glimt måtte sende midtbanespelaren Anders Konradsen til privatkamp for G19 landslaget onsdag kveld, fire dagar før neste serierunde, medan Vålerenga slapp å sende sine tre aktuelle spelarar til same kampen.

- Forbundet sa det ikkje var mogleg at vi fekk halde han her i Bodø, så dei kravde at han skulle vere med til Bulgaria. Eg blir jo litt overasska då når Vålerenga sender utpå tre mann som eigentlig burde vore i Bulgaria saman med Anders.

Etter at Runar Berg fekk sitt tredje gule kort for sesongen mot Stabæk søndag, må han stå over kampen mot Viking denne helga. Dermed var Konradsen svært aktuell til ein plass på laget frå start, men Ingebrigtsen vil ikkje overbelaste det 18 år gamle supertalentet.

- I utgangspunktet er tankane våre på Anders. Vi skal utvikle han på best mogleg måte, og eg trur ikkje dette er den beste måten.

Samstundes som Konradsen måtte reise til Bulgaria for å spele ein uviktig landskamp, kunne Vålerenga sende utpå tre av sine unge landslagsstjerner i treningskampen mot Liverpool på tysdag. Ingebrigtsen reagerer sterkt på dette.

- Då byrjar eg å lure på om forbundet forskjellsbehandlar, seier han.

Fotballforbundet avviser kritikken

Men hos fotballforbundet får Ingebrigtsen ingen forståing. Spesialkonsulent Norges Fotballforbund Tor Grønnerud seier Glimt-trenaren ikkje har noko å klage over.

- Eit sånt landslagsuttak blir jo gjort i rimeleg god tid før tiltaka startar. Som vanleg er det jo mogleg å snakke med landslagstrenarane om å finne fornuftige løysinger når det krevjast, seier han.

Men Glimt-trenar Ingebrigtsen seier han har gjort det han kan, utan at det har gitt resultat.

- Vi var i kontakt med forbundet og landslagstrenarane rett etter at Runar Berg fekk sitt tredje gule kort, og ba om at Anders fekk vere heime. Men det er nokon som får det som dei vil, og andre som ikkje gjer det.

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
I tredje episode av Stortvildet må Erna Solberg tegne Jonas Gahr Støre. KrF må debattere som SV og motsatt. Hvem vinner debatten?
 Er Jonas Gahr Støre (Ap) god på seksualundervising? Se episode 2 av Stortvildet.