Hopp til innhold

Raimo fekk lågare rente ved hjelp av ei nettside – IT-ekspert åtvarar

Raimo Sørensen fekk lågare rente nesten utan å løfte ein finger. Tenesta han brukte merkar stor pågang i takt med rentehevingane, men IT-ekspert er kritisk.

Raimo Sørensen

SPARTE INN RENTEHEVINGA: Raimo Sørensen brukte ei teneste som gjorde at han fekk såpass mykje lågare rente at han slapp unna rentehevinga som var på det tidspunktet han brukte tenesta.

Foto: Privat

Etter over eit år med stadig nye rentehevingar frå Noregs Bank, er det fleire som ønsker seg lågare rente.

Nokre tar kontakt med bankane for å forhandle. Det gjorde Raimo Sørensen, men han fekk ikkje svar av banken sin.

Så då prøvde han heller ut tenesta Renteradar, ei teneste som sjekkar kven som har lågast renter samanlikna med vilkåra du har i eigen bank.

– Det er veldig enkelt og du slepper å mase sjølv, seier Sørensen.

Ein kan altså laste ned appen, trykke på ein knapp, og vente på svar.

Han fekk forhandla ned rentene såpass at han slapp unna rentehevinga på det tidspunktet.

– Viss du kan bruke fem minutt på å spare 5.000 kroner i året, er det godt brukte pengar og du får godt betalt for dei fem minutta.

Raimo Sørensen

Raimo Sørensen er fabrikksjef for eit fiskemottak i Finnmark, og har heldigvis ikkje veldig mykje lån, ifølge han sjølv.

Foto: Privat

Dobbelt så mange på eitt år

Renteradar samanliknar altså rentene på marknaden for deg, og tar seg av forhandlinga med banken.

Tal brukarar for denne tenesta har eksplodert som følge av rentehevingane, ifølge Sindre Noss.

– Vi har nesten dobla brukarmassen sidan nyttår.

Noss er marknadssjef og eigar av tenesta Heyon, som har Renteradar som si hovudteneste. Dei starta opp i 2020.

Aldri før har dei hatt så mange kundar.

Mann med blå skjorte og krot brunt hår sitter i en grå sofa som står foran en blå vegg. Sindre Noss, markedssjef i Renterdar.no.

Sindre Noss i selskapet Heyon, som driv tenesta Renteradar.

Foto: Renteradar.no

Nyleg passerte dei 140.000 brukarar. 10.000 av dei kom til i august, og det ligg an til like mange i september.

Han opplyser at tenesta er gratis å bruke for forbrukarar som har ein bank som samarbeider med Renteradar.

Viss ikkje kan ein betale alt mellom 199 til 599 kroner for å automatisk forhandle med banken.

Eit firkanta bilde med fire ulike illustrasjonar av korleis ein brukar appen til Renteradar.

Bildet illustrerer nokre av funksjonane til Renteradar.

Foto: Renteradar.no

– Er det gunstig for forbrukaren at de synleggjer dei bankane som de har avtale med betre enn andre bankar?

– Vi må alltid finne ein gyllen middelveg for å lage ei teneste som er god for forbrukarane og der vi som aktør klarar å tene pengar på det, seier Noss.

Han seier at dei aldri viser tilbod frå samarbeidspartnarar viss ikkje kunden kan spare på å bytte til denne banken.

Les også Oksana kutter heller SFO og fritidsaktiviteter: – Har ingen tro på å forhandle med banken

Portrett dame, smiler og ser inn i kamera.

Kritisk til praksisen

Fleire IT-ekspertar har tidlegare reagert på Renteradar sin metode for å hente ut data.

IT-ekspert Jonny Rein Eriksen seier til NRK at han stiller seg kritisk til praksisen.

– Det vil eg ikkje råde å gjere.

Det gjer han av to spesielle grunnar:

  • Renteradar får i praksis full tilgang til brukarane sin nettbank.
  • Brukarane lærer seg til å oppgi BankID til alle moglege aktørar, inkludert svindlarar.
    En skallet mann ser i kamera. Han har på seg lys blå, rutete skjorte og har skjegg. I bakgrunnen ser man konturene av trær med grønne blader.

    IT-ekspert Jonny Rein Eriksen jobbar for Opera Software. Han lagar system og jobbar med nettverkskommunikasjon, analysar og problematikk rundt sikkerheit.

    Foto: Privat

Renteradar held fast på at tenesta er både sikker og lovleg.

Raimo Sørensen bryr seg lite om at han må oppgi BankID.

– Det er heilt uproblematisk. Om ein er forsiktig og sørger for at ting er som det skal vere så går det bra, er mi oppleving.

Samarbeider med bankar

Sparebank 1 Nord-Noreg er ein av fleire bankar som har avtale med Renteradar. Det bekreftar kommunikasjonssjef Morten Tønder Albertsen.

– For denne tenesta betalar vi Renteradar ein fast sum for kvar kunde som ber om at vi skal ta kontakt med dei.

Han forklarar at når kundar brukar Renteradar si teneste, får dei i nokre tilfelle tilbod frå ein eller fleire andre bankar.

Mann med blå genser står i et rom mens han smiler til kamera. Han har arbeidspulter bak seg.

Kommunikasjonssjef i Sparebank 1 Nord-Noreg, Morten Tønder Albertsen.

Foto: Sparebank 1 Nord-Norge

I desse tilfella kan kundane til banken gi beskjed til Renteradar om dei ønsker å gi banken moglegheit til å snakke med dei før dei byter bank.

– Gevinsten for oss er at vi får oppretta ein god dialog med kundar som vurderer å byte bank. Det opplever vi som verdifullt, først og fremst fordi det sikrar ei god oppleving for våre kundar, seier Tønder Albertsen.

Les også Sarah og Marco gjorde motsatt av norske milliardærer – flyttet fra Sveits til Norge

Marco Rossi og Sarah Schmid står ved en resepsjon og smiler. På resepsjonen står en blomster.

Forbrukarrådet: – Litt salt og litt søtt

Forbrukarrådet seier det ikkje er overraskande om Renteradar oppnår betre vilkår enn vanlege folk.

– Det ligg vesentleg meir forbrukarmakt i å forhandle vilkår for mange enn for ein enkelt kunde, seier Jorge Jensen, fagdirektør i Forbrukarrådet.

– Ingen skal difor vere overraska om Renteradar oppnår betre vilkår enn det ein kan oppnå på eiga hand.

Fagdirektør i Forbrukerrådet, Jorge Jensen.

Fagdirektør i Forbrukarrådet, Jorge Jensen, meiner det er godt for marknaden at fleire forbrukarar shoppar meir rundt i tilboda til bankane med slike tenester.

Foto: John Trygve Tollefsen

– Er dette ein god praksis?

– Det er litt salt og litt søtt. Kick-backs er generelt uheldig for kundane, fordi det stimulerer meklaren eller innkjøpsfellesskapet til å fremje den banken som betalar mest i kick-back, seier fagdirektøren.

– Det er ikkje nødvendigvis det som gir den beste løysinga for kunden.

Likevel meiner han at det er behov for slike tenester.

– Vi antar at folk også er villige til å betale for det. Ikkje alle kan eller vil vere i forhandling med bankane.

Jensen meiner tenesta gjer at ein får ei større gruppe forbrukarar som handlar rundt.

– Det er i sin tur positivt for konkurransen i marknaden.

Les også Renten: Dette har ikke skjedd siden finanskrisen

Boliglån

– Berre tull å betale meir

Raimo Sørensen i Bodø meiner tenesta er bra for folk som ikkje følger så mykje med på renter og slikt.

– Spesielt når rentene aukar så mykje som dei gjer. Nokre bankar er kjende for å ta seg godt betalt, og det er berre tull å betale meir viss du kan betale mindre.

Sørensen vil anbefale tenesta til andre. Men han medgir at det er ei ulempe at tenesta ikkje er gratis i dag.

– Men det er jo ikkje ei stor ulempe viss du kan bruke 400 kroner på å spare 5000 kroner.