Politimann dømt for sex-sjikane

Ein politimann er i Alstahaug tingrett dømt til betinga fengsel i 45 dagar for å ha sendt slibrige sms-ar til mindreårige jenter.

Politi illustrasjon

DØMT: Ein 39-år gamal politimann på Helgeland er dømt til betinga fengsel i 45 dagar for sex-sjikane.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Han får ei prøvetid på to år.

Han har også mista retten til å arbeide i politiet for alltid. I tillegg må han betale ei bot på 10.000 kroner. Politimannen må ikkje betale erstatning.

Politimannen stod tiltalt for grov uforstand i tenesta, og for å ha utnytta stillinga som politimann.

I dommen står det at mannen vert dømt for å ha sendt tekstmeldingar og bilete av seksuell karakter til ei jente på 16 år. Han har i følgje dommen på denne måten utnytta stillinga som politimann for å oppnå seksuell kontakt, og dermed vist grov uforstand i tenesta og svekka tilliten til politiet.

Ville ha sex i uniform

Minst to gonger skal politimannen ha sendt bilete av sin erigerte penis til to jenter - begge på 17 år og dermed mindreårige.

LES OGSÅ: Politimann tiltalt for sex-sjikane

I tillegg skal han ha sendt fleire tekstmeldingar til den eine 17 år gamle jenta der han i klartekst gir uttrykk for at han ynskjer å ha samleie med ho.

I den eine tekstmeldinga til jenta skal han ha spurt om ho kunne tenke seg til å ha samleie med han medan han var iført politiuniform.

Ifølgje tiltalen sendte mannen desse tekstmeldingane i november og i desember 2006, og i tidsrommet mellom januar og mai i 2007.

LES OGSÅ: - Andre sendte sex-meldinger

Jobba med ungdom

Den 39-år gamle tidlegare politimannen jobba med ungdommar, og det var gjennom dette arbeidet han møtte jentene han er dømt for å ha sendt slibrige sms-ar til.

I dommen har retten lagt til grunn at måten politimannen har oppført seg på har ført til at tilliten til politiet er svekka, og særskilt tilliten til ein politimann som har ungdom som spesialfelt.

LES OGSÅ: Sex-tiltalt politi jobbet med barn