Politikarane fjerna båtruta – no er to bygder isolerte frå omverda

– Eg føler meg jo utrygg. Vi får jo ikkje det vi skal ha av post og varer, seier Asbjørn Kristiansen frå Lødingen i Nordland.

Asbjørn Kristiansen

FØLER SEG UTRYGG: Asbjørn Kristiansen byrjar nærme seg 90 år. Han er fødd og oppvaksen i Svartskardet, men føler seg no utrygg. – Vi er jo alle godt over konfirmasjonsalderen som bur her. Nokon må til legen for behandling to-tre gongar i veka, seier Kristiansen.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

I Lødingen finn ein dei veglause bygdene Svartskardet og Kvannkjosen i Lødingen. I årevis dreiv Nordland fylkeskommune hurtigbåten som gjekk mellom dei fastbuande og tilgang på veg, butikk og helsetenester.

I juli skulle kommunen overta ansvaret for transporten, men dei var ikkje klare for oppgåva. På overtid får dei økonomisk støtte, men dei aldrande fastbuande må belage seg på vekevis i isolasjon.

Føler seg utrygge

– Eg føler meg jo utrygg. Vi får jo ikkje det vi skal ha av post og varer, seier Asbjørn Kristiansen.

Han er fødd i Svartskardet og har budd i bygda i snart 90 år. Fleire av dei som bur her er av den eldre garde. Det gjer behovet for transport viktig.

– Vi er jo alle godt over konfirmasjonsalderen som bur her. Nokon må til legen for behandling to-tre gongar i veka. Fleire av oss har ikkje sertifikat heller og kan kome oss til legen sjølv, og då vert det jo heilt stopp, seier Kristiansen.

– Det at de vert isolert på denne måten, er det eit signal frå myndigheitene om...

– At vi skal bort ja, svarar Kristiansen fort.

– Sånn føler eg det; at det er eit signal om at vi skal bort. Noreg gror meir og meir igjen og utkantstrøka stryk med, seier Kristiansen.

Bebuarar i Svartskard

UROA: Bebuarane i Svartskardet er usikre på kva som vil skje, men håpar kommunen og fylket finn ei løysing raskt. Frå venstre: Asbjørn Kristiansen, Jorun Kristiansen, Jan Larsen, Rutt Larsen, June Heimtun og Kurt Kristiansen

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

Var ikkje klare for ansvaret

Fylkesrådet i Nordland gjorde eit vedtak om å overføre ansvaret for hurtigbåtruta til kommunen. Problemet er at Lødingen, som so mange småkommunar, slit med økonomien.

– Vi fekk ei oppgåve i fanget som vi ikkje kunne handtere. Det er klart det er leit for dei som bur i Svartskardet og Kvannkjosen, seier ordførar i kommunen, Atle Andersen.

Kommunen visste om at dei skulle overta transporten frå første juli. Likevel var ikkje noko alternativ på plass då båten slutta å gå. Etter bygdene vart isolert har saka byrja røre seg fortare.

– Var de for seint ute med å ta tak i dette her?

Atle Andersen

BEKLAGAR: – Eg har berre måtta beklage til dei som bur der at det ikkje var på plass eit tilbod. Vi jobbar med saka, men diverre er det ikkje på plass endå, seier Andersen.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

– Vi har prøvd å få hjelp frå fylket. Kommunen har ikkje kompetanse på å skaffe og drifte båtruter, seier Andersen

Ordføraren fortel at dei tidleg etterspurde hjelp for å løyse det praktiske, utan hell. Han peikar på det å leggje ut ruta på anbod og gå gjennom søknadar som spesielt kompliserte oppgåver for ein kommune utan kompetanse på området.

– Det er no på overtid, då klokka har passert tolv, at vi har byrja bygge ein konstruktiv dialog med fylket, seier Andersen.

– Men er manglande hjelp frå fylkesrådet god nok grunn til at folk ikkje får den båtskyssen dei har krav på?

– Det kan ein sjølvsagt stille spørsmål ved, men vi har rett og slett ikkje ressursar til å gjere ein slik jobb. Vi fekk til slutt konsulentstøtte til å lyse ut på anbod og vurdere selskap, men då var vi på overtid. Vi har ikkje hatt moglegheit med eigne ressursar og kompetanse til å få gjort denne jobben, seier Andersen.

No planlegg kommunen å ha eit mellombels tilbod på plass innan to veker.

Svartskardet i Lødingen

ISOLERT: Svartskardet er ei bygd utan veg. Berre hurtigbåten frakta varer og folk til og frå.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK
Laster kart, vennligst vent...

HEILT UTAN VEG: Verken Kvannkjosen eller Svartskardet har vegtilgang. Inntil nyleg kunne ein ta båten til Øksneshamn for å reise vidare. No er ikkje dette mogleg.