Politijurist skuldar Stortinget og regjeringa for politikaoset

Over heile landet er politiet i det dei tilsette sjølv kallar ei krise. Juristar sluttar grunna dårlege vilkår og alvorlege saker vert lagt bort. Politijurist Alf Anton Røst er klår på kvar skulda ligg.

politijurist_alf_anton

– Situasjonen her i Nordland er kritisk. Mange av våre erfarne juristar har slutta fordi føresetnadane for å lukkast i jobben har blitt vesentleg svekka. Det vert tilført stadig nye arbeidsoppgåver, utan at ein vert kompensert med fleire folk, seier politijurist Alf Anton Røst.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

Midt i Politi-Noreg si største omorganisering nokosinne, nærpolitireforma, hopar problema seg opp. I 11 av 12 distrikt vert det varsla om låg bemanning og nærmast krisetilstandar. Politijuristar har arbeidd seg sjuke og forlate jobben med bunkevis av uløyste saker.

– Eg tenkjer at krise er ei dekkande skildring for situasjonen i politiet og påtalemyndigheita både i Nordland og i resten av landet.

Alf Anton Røst er leiar for politijuristane i Nordland. Han seier at omorganisering har lessa ned juristane med arbeidsoppgåver, utan å tilføre nye ressursar.

– Eg trur årsaka til at saker vert lagt bort andre stadar enn i Nordland er at ein må gjere ei prioritering mellom dei svært alvorlege og dei mindre alvorlege sakene. Prioriteringa går ut over dei sakene som ikkje er fullt so alvorlege, seier Røst.

Dei «mindre alvorlege» sakene som vert lagt vekk er mellom anna saker som handlar om seksuell trakassering.

Bodø politihus

Fleire politijuristar har sagt opp og gått over i den private marknaden. Dei seier rammevilkåra er langt betre der.

Foto: Katrine Olsen Sørgård / NRK

Har lenge vore problematisk

I mai i år fortalde NRK om politijuristar som slutta i jobben grunna dårlege arbeidsvilkår og lågare løn enn i privat sektor.

– Rammevilkåra for å utøve jobben vart dårlegare. Slik det er for ein politijurist i dag, får ein ikkje oppfylt krava til jobben ein skal gjere, sa tidlegare politijurist Charlotte Marie Ringkjøb til NRK.

Over heile landet vert juriststallen tynnare og tynnare, og fleire er no uroa for rettssikkerheita. Ein viktig del av problemstillinga er arbeidstidene som vert pålagt dei tilsette i politiet og økonomien.

Snittløna for advokatar i det private, bedrifter, organisasjonar og det offentlege er 1.015.480 kroner, medan snittløna for politiadvokatane er 609 083 kroner.

– Regjeringa og Stortinget har skulda

– Situasjonen her i Nordland er kritisk. Mange av våre erfarne juristar har slutta fordi føresetnadane for å lukkast i jobben har blitt vesentleg svekka. Det vert tilført stadig nye arbeidsoppgåver, utan at ein vert kompensert med fleire folk.

– Det gjer at folk føler at dei ikkje får til jobben fordi arbeidsoppgåvene er for store i forhold til ressursane. Då vel folk å slutte og dette vert ein sjølvforsterkande effekt, seier Røst.

Politijuristen fortel at konsekvensane av dette vert lengre saksbehandlingstid og lågare kvalitet på arbeidet. Han seier dei erfarne juristane ofte jobbar med dei vanskelegaste sakene, som familievald, og at det dimed er desse det går utover.

– Kven er det som har det overordna ansvaret for denne situasjonen?

– Det er regjeringa og Stortinget, utan tvil. Dei har underfinansiert påtale og etterforsking gjennom mange år. Om politiet skal kunne levere på det oppdraget dei er sett til, må vi ha på plass ei finansiering som gjer at vi er i stand til det, seier Røst.

– Og på toppen av det har dei innført ei reform utan å tenkje over at den skal betalast for.