– Vi snakkar om bankranarar. Vi kallar dei for svindlarar, men før i tida ville vi kalla dei bankranarar. Dei skyr ingen midlar for å kome til pengane, og bryr seg ikkje om det er ei bestemor eller kven det er dei ranar.
Stein Vidar Loftås er konserndirektør for kommunikasjon og samfunn ved SpareBank1 Nord-Norge.
Han er frustrert over svindlarar som dei siste månadane har lurt eldre, særleg kvinner, for millionvis med kroner.
– I SpareBank1 Nord-Noreg har kundar tapt 1,6 millionar kroner dei siste vekene. Ser vi på heile SpareBank1-systemet, snakkar vi om tap på kring fire millionar i den same perioden.
Loftås meiner der finst mørketal, i tillegg til at fleire andre bankar også er ramma.
No trur han og politiet at dei kan klare å få bukt med dei som driv med bedrageriet – men det er ikkje sikkert dei eldre får att sparepengane dei mista.
- Les også:
– Det mest effektive tiltaket er å ta direkte kontakt med dei som er i målgruppa for svindlarane. Vi må vere heilt tydelege på at dei ikkje gjev frå seg BankID eller passord eller liknande. Den dagen alle gjer det, vil denne svindelen vere stoppa, seier Loftås.
Foto: Petter Strøm / NRKFleire arrestasjonar
– Det viktigaste vi eigentleg kan gjere er å i førebygge ved å gjere folk merksame på kva som skjer, seier Geir Nordkil, leiar for avsnitt for økonomisk kriminalitet i Nordland.
I tillegg til å informere bankar og brukarar om korleis svindelen fungerer, har politiet arrestert fleire mellommenn, eller sokalla "muldyr".
– Ofte vil vi prøve å følgje pengesporet vidare frå desse muldyra. Og so er det jo vanleg etterforsking – å avhøyre mellommenna om kven dei har hatt kontakt med og kvifor pengane går gjennom deira konto.
Elles føl dei elektroniske spor, som kontakt på e-post. Med dette prøver dei å spore opp dei som står bak.
– Nokre gongar ser vi at desse muldyra kan ha vore umedvitne på kva dei har delteke i. Nokre kan ha blitt nærast lurt til å bli mellommenn.
– Men det er klart at det å stille kontoen sin til disposisjon for andre for pengar ein ikkje veit kvar stammar frå, risikerer ein å i første omgang i alle fall bli etterforska for kvitvasking, om pengane syner seg å ha eit straffbart opphav, seier Nordkil.
Grovt bedrageri, altso svindel over 100.000 kroner, har ei strafferamme på seks år.
Nordkil meiner at desse mellommenna kan, om dei vert dømt for kvitvasking, heleri eller liknande, kan møte same straffa.
- Les også:
Færre tilfelle, men faren er ikkje over
Både SpareBank1 og politiet meiner at talet på svindla eldre har gått ned den siste veka.
– Eg vil både tru og håpe at fokuset gjer at svindlarane er meir forsiktige, men alle må framleis vere merksame. Om det er stille ei stund og folk slappar av på kor forsiktige dei er med å gje ut informasjon, so slår dei her til igjen, seier Nordkil.
- Les også:
SpareBank1 har sett inn ekstra mannskap for å overvake transaksjonar.
Dei sjekkar ekstra godt pengar som vert flytta frå kontoane til eldre kvinner, for å finne ut om det kan vere snakk om bedrageri.
– I sum gjer dette at vi har ein betydeleg betre kontroll på situasjonen enn det vi har hatt tidlegare. Samstundes trur vi ikkje dette er nok, vi veit at dei er kreative og stadig kjem opp med nye metodar, seier Loftås.