Hopp til innhold

Politiet meiner dei ser ei auke av «flokking» – ungdommane følar seg misforstått

Fleire unge vaksne tar ikkje politiet på alvor. Haldningsendringar og nedsettande åtferd er ei utfordring for storsamfunnet, meiner politibetjent.

Illustrasjonsfoto fra politiet

– Lokalt i Vesterålen har vi ikkje sett denne type åtferd før, seier politibetjent.

Foto: Politiet i Nordland

Den siste veka har vi sett fleire tilfelle der politiet blir overfalne av ungdomar.

Måndag reagerte fleire ungdomar med opprør då politiet møtte opp på ein kaotisk Halloween-fest på Vesterålen.

Politiet sin nattpatrulje meldte om ungdom som la seg over panseret på ein politibil og «flokka» seg rundt ein politimann.

Same kveld blei det meldt om at ungdomar kasta stein og egg mot politiet på Furuset i Oslo.

Les også Ungdom på 13 år rekrutteres inn i kriminelt miljø – ble etablert under pandemien

Gruppe med ungdommer (illustrasjon)

«Flokking» av politiet: – Aukande tendens

Flokkinga i Vesterålen fann stad ved at ungdomar samla seg rundt ein politibetjent, prata med stygg ordbruk og filma med kamera på ein aggressiv måte.

– Vi ser ein auke i oppdragsløysing på dette.

Førebyggande politibetjent Oscar Emanuel Ramstad

– Eg kan ikkje understreke nok at det er enkeltindivid som øydelegg for fleirtalet, men det er synd at nokre ikkje tar dette temaet alvorleg, seier førebyggande politibetjent i Vesterålen, Oscar Ramstad.

Foto: Politiet

– Ser politiet ei endring i haldningane som unge har til politiet?

– Ja, det vil eg seie, seier førebyggande politibetjent Oscar Ramstad.

Ramstad seier at det ikkje berre er snakk om denne hendinga.

– Lokalt i Vesterålen har vi ikkje sett denne type åtferd før. Til vanleg har vi ein god dialog, men vi opplever no at noko har endra seg.

Les også Oliver (21) greide å slutte med rus: – Det tøffeste du kan gjøre er å få hjelp

Frivillig og ruskonsulent på rusfritt tilbud i Bodø

Ifølge Ramstad fortel tenestemenn- og kvinner som har jobba i politiet i tretti år om nedsettande åtferd og språkbruk mot politiet. Det er nytt for dei.

– Vi ønsker ikkje ei slik åtferd velkomen her, og vi er opptatt av at den ikkje skal få grobotn.

Han understrekar at det er forventa at enkelte, vaksne eller mindreårige, ikkje vil høyre på politiet.

Politiet sin autoritet er i endring

Ungdommane som var på festen fortel ei anna forteljing.

Dei meiner politiet var aggressive mot dei allereie frå då dei kom til staden, og at dei brukte hard hand utan at det var grunn til det.

Ein 17 åring som var på festen seier til NRK at han trur dei fleste stilte seg rundt politimannen fordi dei ikkje forstod kva som skjedde.

– Dei flokka seg neppe rundt for å gjere betjenten ukomfortabel. Eg trur berre dei ville få det med seg.

Då ungdommane flokka seg rundt politibilen seier 17-åringen at det var fordi dei meinte ein av ungdommane blei ført vekk utan grunn.

Elisabeth Myhre Lie

Høgskulelektor Elisabeth Myhre Lie meiner det farlegaste er om politiet slutter å tru på at dialog fungerar.

Foto: Privat

Elisabeth Myhre Lie, høgskulelektor på Politihøgskolen har jobba mykje med kriminalitetsførebyggande politiarbeid og ungdomskriminalitet.

Ho seier forholdet folk har til autoritetar som til dømes politi har endra seg.

– Det vi veit er at politiet sin autoritet har endra seg dei siste 50 åra. Det handlar om samfunnsendring. Autoritetar i dag er ikkje naturgitte.

Ho meiner det er viktig å ikkje lese for mykje ut av situasjonar som Halloween-festen i Vesterålen.

Faren er at politiet vel å setje «hardt mot hardt» mot ungdommane i staden for å prate med dei.

– Det som er farleg er om politiet tenkjer at dei må endre måten dei møter ungdom på, og mistar trua på at dialog fungerer.

Politistudenten Maren øver på slag. Foto: SIMON SOLHEIM

Politistudentane i Noreg blir trent opp til harde situasjonar, men vel så viktig er det at dei blir gode på kommunikasjon, fortel Lie.

Hendingar som den i Vesterålen handlar nemleg ikkje nødvendigvis om ungdom, men om gruppedynamikk, ifølge lektoren.

– Det kan også skje med vaksne for eksempel på demonstrasjonar eller fotballkampar. Det er rett og slett gruppepsykologi.

Les også Erna Solberg om unge kriminelle: – De ler litt av politiet og av hele vårt justissystem

Møte om kraftsituasjonen

– Alle har respekten mi til dei misbrukar han

Ungdommen NRK har prata med frå festen meiner politiet kunne ha reagert på ein annan måte.

– Viss politiet hadde spurt om eg vennlegast kunne trekkje unna, hadde det vore heilt annleis, meiner han.

– Alle har respekten mi helt til de misbrukar han.

Skjermbilde frå Politiets nettpatrulje om hendinga i Hadsel

Politiets nettpatrulje publiserte eit innlegg om hendinga i Hadsel i Vesterålen. Ungdommane frå festen meiner dei blir framstilt som galne, og at dei ikkje har respekt for nokon. Det meiner dei ikkje stemmer.

Foto: Skjermbilde

Ungdommen, som ønsker å vere anonym, fortel at han har respekt for politiet og det dei står for, men nokon gangar trur han dei gjer ting dei ikkje bør.

– Det kan ikkje vere slik at berre fordi dei har uniform, kan dei få gjere kva dei vil.

Bør ha fokus på førebygging

Erle Hybertsen Mikkelsen er student ved politiutdanninga i Bodø på tredje året.

Ho fortel at situasjonar med flokking kan opplevast som skumle, med tanke på både politibetjentane og dei som flokkar seg.

– Om ein ser at dette skjer oftare, er det absolutt ikkje ein bra utvikling. Det viser jo at det er nokon, i fåtal, som ikkje høyrer på politiet.

Politistudenter får vitnemål i Bodø

På politihøgskulen i Bodø starta 144 studentar på utdanninga i år. Bildet er frå avgangsstudentane i 2015.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

På Politihøgskolen har dei ikkje spesifikke timar med fokus på flokking som fenomen. Til gjengjeld lærer dei mykje om kommunikasjon og å skalere ned situasjonar, som dette handlar om.

– Ein vel jo yrket av ein grunn. Kvar enkelt student og politibetjent gå inn i seg sjølv, om dette er noko ein er innstilt på at kan skje, seier Mikkelsen.

Ho meiner politiet bør ha fokus på å lære korleis dei kan førebygge slike situasjonar, og kunnskap om konkrete tiltak som kan gjerast der og då, i staden for å vere redd for at det kan skje.

Håvard Valstad er leder av Bodø ungdomsråd

I forbindelse med dramatiske hendelser sprer rykter seg fort, ifølge politiet. Nå ber de ungdom tenke seg om.

Lie ved Politihøgskolen meiner studentane på Politihøgskolen er av den same generasjonen som dei med endra forhold til autoritetar.

– Når vi snakkar om å opptre respektfullt mot folk med studentane, oppfattar eg at studentane tenker at dei er den profesjonelle part og tar på seg det ansvaret.

Les også Politiet advarer mot ryktespredning etter at 17-åring døde: – Det får oss til å tenke

Håvard Valstad er leder av Bodø ungdomsråd