Hopp til innhold

Politiet køyrde av vegen

Ein patruljebil på veg til ei ulukke køyrde sjølv av vegen. Ulukka skjedde på E10 ved Trældal. Ingen skal vere skadd. Politibilen skal ha køyrd forbi ein annan bil, og måtte svinge av vegen for å unngå kollisjon med møtande trafikk.