Hopp til innhold

No må alle som vil inn i Noreg registrere seg digitalt

Alle som skal passere grensa, også norske statsborgarar, må registrere seg når regjeringa no innfører eit nytt reiseregistreringssystem.

Bjørnfjell grensekontroll korona

Politiet kontrollerer grenseovergangen på Bjørnfjell nord i Nordland. Frå no skjerpar dei grensekontrollen ytterlegare. Framover skal også alle som vil passere grensa registrere seg digitalt.

Foto: Frida Brembo-Egilsrud / NRK

– Vi styrker kontrollen ytterlegare no med at vi innfører eit digitalt system for reiseregistrering. Det inneber at folk må førehandsregistrere seg digitalt og få tilsendt ein kode som dei må vise fram på grensa for å kome inn i Noreg, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen til NRK.

Alle som skal passere grensa, også norske statsborgarar, skal registrere seg i det nye systemet.

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen i Bodø havn foran flere hundre teiner som ble fraktet i land mandag.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Desse skal registrere informasjon om blant anna namn, kontaktopplysningar, karantenestad og eventuelt arbeidsgivar når systemet er oppe og går frå januar.

Det betyr og at ein forbetrar smittesporinga og forenklar arbeidet ute i kommunane, seier Ingebrigtsen. Han fortel at det allereie finst liknande system i andre land, til dømes Spania, der også nordmenn må stadfeste opplysningane sine.

– Det er vinterfisket i nord som aktualiserer arbeidet no. Det forventast eit stort innrykk av utanlandske gjestearbeidarar til vintersesongen, så dette synest eg er eit veldig bra tiltak, seier fiskeriministeren til NRK.

Fleire, mellom andre kommuneoverlegar i regionen, har lenge kravd auka grensekontroll i forbindelse med årets vinterfiske. Hit er det venta mellom 3000 og 5000 utanlandske sesongarbeidarar.

Politiet på grensa døgnet rundt

Myndigheitene har også fleire ess i ermet for å halde kontroll på kven som tar seg inn i landet.

– Det vil med umiddelbar verknad bli ytterlegare forsterka grensekontroll på grenseovergangane i Nordland, og i løpet av kort tid kjem det til å vere døgnkontinuerleg kontroll på kven som får passere grensa inn til Nordland, seier politimeister Heidi Kløkstad i Nordland.

Politimester i Nordland, Heidi Kløkstad.

Politimeister Heidi Kløkstad i Nordland politidistrikt.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Politiet seier dei skjerpar kontrollane som eit ledd i å førebyggje importsmitte av korona.

– Dei som skal inn til Noreg for å arbeide skal få kome inn, men vi ynskjer å kontrollere at dei som kjem oppfyller innreisevilkåra og har planar for korleis dei skal gjennomføre karantenen, seier Kløkstad i meldinga.

Jobbar med plan

Under regjeringa sin pressekonferanse i dag bekrefta justisminister Monica Mæland (H) at dei no arbeider med ein eigen plan for å redusere faren for smitte under vinterfisket i nord.

Ho seier næringa sjølv må ta ansvar for å skaffe tilfredsstillande buforhold og fortløpande halde lokale myndigheiter orientert om situasjonen. Det vil bli etablert eigne karantenehotell i regionen, men justisministeren understrekar at det store talet på innreisande vil utfordre kapasiteten på desse.

– Politiet kjem til å ha aktiv innreisekontroll i heile regionen for å kontrollere at vilkåra for innreise er til stade, seier Mæland.