Hopp til innhold

Jonas kjøpte quizbok til barn før påska – men klarte ikkje sjølv å svare på spørsmåla

Cappelen Damm si quizbok for barn får hard medfart av barnefar og quizekspert. Klarar du spørsmåla som forlaget meiner passar for barn mellom 6–12 år?

Oskar (8) og Eva (6)

Barna Oskar (8) og Eva (6) er normalt sett ganske gode i quiz, forklarar Spildrejordet, men dette blei bom.

Foto: Privat

– Kanskje det dårlegaste produktet med to permar eg nokon gong har kjøpt.

Jonas Spildrejordet, politisk rådgivar i Arbeidarpartiet, tok til Twitter etter det som blei eit bomkjøp før påska.

I eit svakt augeblikk, røska han med seg ei quizbok saman med chips, solo og egg.

– Eg er direkte forbanna, skreiv han til ein video der barna stirar tomt ut i lufta etter å få eit av spørsmåla i boka.

Openbert med ein humoristisk undertone.

Skjermdump frå Jonas Spildrejordet sin Twitterkonto

Skjermdump frå Jonas Spildrejordet sin Twitterkonto.

Foto: Privat

Kva år fekk Ezra Dagett og Thomas Kensett patent på hermetikk?

Kva er confit de canard?

Er dette spørsmål du hadde klart å svare på?

I quiz-boka «Påskequiz til barn» kan det verke som at det er meininga at barn skal kjenne til svaret.

– Ser ut som noko ut av AI

Spildrejordet beskrive boka som dårleg, anten det er for barn eller vaksne, med smale spørsmål, og ein del spørsmål utan ordentlege fasitsvar.

Skjermdump frå Jonas Spildrejordet sin Twitterkonto

Skjermdump frå Jonas Spildrejordet sin Twitterkonto.

Foto: Privat

– Det ser jo ut som det nesten maskinelt har kome ut av ein AI eller noko.

– Og for barn er boka rett og slett heilt håplaus, seier han og flirer.

I lista over rare kategoriar tar kommunevåpen-lista kaka, meiner han.

– Og Noregs største hyttekommune er litt artige vaksenquiz-spørsmål, men det er jo ikkje veldig barnevenleg då.

Viss du har barn mellom 6 og 12 år, kan du teste spørsmåla under på dei:

Kan du svare på dette? Hvilken kjent norsk forfatter var medlem av Nobelkomiteen helt i begynnelsen?

Barnekategori i quizbok for barn

I heimen har dei hatt mykje quiz, men med denne boka gav dei opp ganske raskt.

Spildrejordet stussar også over at det er sett inn ein barnekategori inn i barnequiz-boka, og ved kategoriane: Nobelprisen I og II.

Neste gong ser han truleg etter ei quizbok med forfattar, og tittar kanskje litt i boka før han kjøper.

NRK forklarer

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Utenfor Det Norske Nobelinstitutt står det en byste av Alfred Nobel, hvem har laget bysten?

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Hvor mange amerikanske presidenter har fått fredsprisen, og hva heter de?

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Hvilken kommune i Trøndelag som ligger langs riksgrensen til Sverige har tre ryper på blå bakgrunn på sitt kommunevåpen?

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Hvor mange hytter har DNT til sammen over hele landet?

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Vet du hva Kjeragbolten er?

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Hvor mange barn fødte Nadya Suleman i 2009?

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Hva er confit de canard?

Klarar du å svare på desse spørsmåla, henta frå boka?

Hvilket år fikk Ezra Daggett og Thomas Kensett patentet på hermetikk?

I boka finst for eksempel 10 spørsmål om norske kommunevåpen med dyr:

Hvilken kommune på fjellet tror du har en svart moskus med horn i gull, på sølvfarget bakgrunn?

Quizekspert: – I overkant vanskeleg

Liv Boye Okkenhaug er quizmaster og har gitt ut ei rekke bøker med ulike quizar. Ho seier seg einig med Spildrejordet som kjøpte boka.

Hennar dom er at spørsmåla er i overkant vanskelege.

– Eg kan ikkje seie om produktet er ubrukeleg eller ikkje, men det kan høyrast ut som dei har bomma på aldersgruppa, seier Okkenhaug.

Liv Boye Okkenhaug

Liv Boye Okkenhaug

Foto: Privat

Ho har fått sjå fleire av spørsmåla, deriblant eit om norske kommunevåpen med dyr.

Holtålen kommune i Trøndelags kommunevåpen har en hvit fugl på rød bakgrunn. Hvilken fugl?

– Himmel og hav. Eg har ikkje peiling over hovudet. Det er jo frykteleg vanskeleg med mindre det er barn som kjem frå kommunen.

Ifølge Okkenhaug er det visse ting som kjenneteiknar ei god quizbok:

– Det skal først og fremst vere ei triveleg og sosial stund. Nokre har høgt konkurranseinstinkt og har som første prioritet å vinne.

Les også Ein spesiell rettssak, Oscar og Chris Rock i søkelyset – kva fekk du med deg?

Gwyneth Paltrow.

– Men først og fremst er quiz ei kjelde til sosial omgang og det å halde hjernen i form.

Difor skal spørsmåla helst fange alle, helst på eit folkeleg nivå.

Cappelen Damm: – Litt for stort spenn

Kommunikasjonssjef i Cappelen Damm, Tone Hansen, påpeikar at boka også har spørsmål som: Hva heter båten til Kaptein Sabeltann? og Hvem var det som sov i hundre år?

Desse står oppført i barnekategorien i quizboka for barn, noko NRK har stilt spørsmål om.

– Dette er ei bok som skal by på quiz og moro for heile familien og det er då lagt inn varierte oppgåver og vanskegradar slik at dei skal vere noko for alle, skriv Hansen.

Les også Quizbøker som passar til påske

Fire quizbøker som varierer i spørsmålsmengde, men som alle er store nok til å kunne vare gjennom dei
fleste påskeferiar.

Ho opplyser at boka ikkje er generert av kunstig intelligens, og at det er ein person som har sett saman spørsmåla på oppdrag frå forlaget.

– Tanken er også at du gjennom quizen skal kunne lære deg ny kunnskap på ein morosam måte.

Hansen medgir at spennet kanskje er litt for stort frå 6-12 år, og at dei vil vurdere å dele opp målgruppa til neste quiz-bok dei lagar.

Oskar (8) og Eva (6)
Foto: Privat