– Eg reagerer på måten enkelte besøkande oppfører seg på når dei er her, seier Tom-Henrik Hasselberg.
Avføring, plastposar, tomme brusflasker og ølboksar.
Det er noko av det Hasselberg finn både i hagen og på tur med hunden rundt Sørvågvatnet i Lofoten.
– Eg synest det er trasig, rett og slett, seier han.
Veldig mange nordmenn har lagt ferien til Lofoten i sommar.
Og i år skal nesten halvparten av befolkninga sove i telt, viser ferske tal frå Ipsos. Heile tre av fire unge planlegg å gjere det.
SLITASJE: «De legger seg i området som har minst slitasje, og bygger bålplasser ved teltene. Resultatet er at miljøet påvirkes negativt med samsvar til slitasje,» skriv Hasselberg i eit Facebook-innlegg.
Foto: Tom-Henrik HasselbergAnslår at hundrevis har sett opp telt siste tida
Men når ein skal telte ute, følgjer det nokre reglar (sjå fakta). I Sørvågen er det eit fricamp-område, og dei siste åra har talet på fricamparar i området auka, fortel Hasselberg.
Eit ønske om ikkje å telte oppå kvarandre, gjer då at mange veljar å telte andre stader og nær busetnaden i staden for.
KUNNSKAPSMANGEL: – Problemstillinga er at folk har ikkje kunnskap, seier Hasselberg, som har brukt området mykje opp gjennom åra.
Foto: Privat– Sånn er det kvart år. Folk som bur her ute, roper ikkje så høgt, seier Hasselberg.
Vesterålingen bur sjølv i Steinkjer, der han studerer naturforvaltning ved Nord universitet.
Men på sommarstid disponerer han ein bustad i Sørvågen av nokre venner.
– No har eg vore her sidan førre måndag. Det som eg har sett rundt vatnet av telt, så anslår eg at det har vore innom mange hundre menneske på dei dagane, seier Hasselberg.
- Berre 50 meter frå hustrappa har fleire slått telt:
– Bæsj, rett og slett
Vanlegvis er det utanlandske turistar som har pleidd å telte i området. I år er det annleis.
– Eg er litt sjokkert. Dette trudde eg var typisk for andre nasjonalitetar. No har eg opplevd det her i år med norske turistar, seier han.
NOKRE FÅ: – Dei øydelegg omdømmet for dei som kjem etter, seier Hasselberg, som har konfrontert fleire av dei.
FORSØPLING: – Det her trur eg ikkje er eit problem berre her i Sørvågen eller i Lofoten. Det her trur eg er likt over heile landet der du har denne typen friluftsområde
Det er to toalett i området, men ikkje alle bruker dei.
– Avføring ligg rundt overalt her. Bæsj, rett og slett. Det er i tillegg til alt anna som ligg igjen: søppel. Du ser det ute i vatnet her. Det ligg brusflasker og ølboksar, seier Hasselberg.
Det er i Facebook-gruppa Friluftsliv Norge han først la ut sitt hjartesukk og fleire bilda.
- Her er eit utdrag:
LITE KUNNSKAP: Hasselberg meiner folk må tenka på at dei berre er på besøk
Foto: Skjermdump- Les også:
Minst 150 meter frå bebudd i hus
– Bilda tyder på at her er det telting som krenkjer grunneigar på ein slik måte at grunneigar med lova i hand, kan vise bort folk som ikkje campar innanfor rammene i lova.
Det seier generalsekretær i Norsk friluftsliv, Lasse Heimdal.
VIS OMSYN: – Med så mange ute må vi vera ekstra flinke til å visa omsyn, enten vi er grunneigar eller på telttur, seier Heimdal
Foto: Norsk FriluftslivHan seier det er flott at mange ønskjer å telte ute i år, men at det er viktig å vise omsyn.
– Ferdsel og telting skal skje omsynsfullt og med tilbørleg varsemd. Det skal ikkje skade miljøet og ikkje vere til utilbørleg fortrengsel for grunneigar eller bruker, seier Heimdal.
- Les også:
Utan avtale kan telting berre skje i utmark, ifølgje Allemannsretten.
Det skal vere minst 150 meter frå bebudd hus eller hytte, og det kan ikkje stå meir enn 48 timar utan løyve viss du ikkje er i fjellet eller eit godt stykke unna allfarveg.
– Dei same reglane gjeld for hengekøyer, seier Heimdal.