Hopp til innhold

Over 2000 vil vinne #nrkutsikt

Over 2000 bilete er komne inn til NRK sin utsiktskonkurranse. – Det er heilt fantastisk, seier eit engasjert jurymedlem.

Morgonutsikt i Skjomen

Det er ingen mangel på steile fjell, breie vidder og blanke fjordar på #nrkutsikt.

Foto: @sisselaspevik / Instagram

NRK sin utsiktskonkurranse har fått inn over 2000 bidrag – og det er framleis ei veke att før juryen skal legge fram ni finalistar.

– Det er jo so utruleg mange vakre plassar her nord, so det vert utfordrande å finne vinnaren, seier Bente Bratland Holm i Visit Norway. Ho er ein av tre jurymedlem som skal velje ut finalistane i konkurransen.

Må ta unna før finvêret kjem

– Eg tek meg eit par timar og får gjort unna første runde i dag, seier Holm.

Eit høgtrykk frå Russland og varmluft frå sør gjer at meteorologane spår opp mot 30 grader i indre strøk av Nord-Noreg denne veka. Det har gjort at Bratland vil få opp farta med bedømminga av bilete.

– Då vêret vart betre, tenkte eg at eg måtte gå gjennom dei som er komne allereie. Vi har spart på bandbreidda her nord, men no sender vi bilete over alle støvelskaft, seier Holm muntert.

Helgelandsbukken

Sjå nokre av bileta som allereie er komne inn på #nrkutsikt

Foto: Torbjørn Bjelland / DNT

Ser etter originalitet

Det er tre jurymedlem som skal vurdere bileta. Alle har sine eigne kriteria, og Holm seier ho leitar etter det som står ut frå alle dei andre.

– For meg handlar det om å finne dei som har klart å fange augneblinken. Dei som kan skape ei kjensle av stemninga. Det biletet som får meg til å føle eg er der, kjem eg til å velje, seier Holm.

– Eg er kjempefull av forventingar. Eg gler meg til å sjå kva vi vil få inn den neste veka også, seier Holm.

Ver med du og!

For å vere med i konkurransen, legg du ut eit bilete på Instagram med emneknaggen #nrkutsikt.

Konkurransen varar til 23. juli.

Biletet må vere av eiga utsikt frå anten hus eller hytte, ikkje fjelltopp eller liknande. I tillegg må biletet vere teken i Nord-Noreg (Nordland, Troms eller Finnmark) i løpet av 2018.

Konkurransen handlar ikkje om det fototekniske, men om utsikta.