Hopp til innhold

Heile lokalsamfunnet går saman for å finne kattemordar: – Grotesk

Organisasjonen Hjemløse katter Narvik lover no ein dusør på 11.000 kroner for å finne ut kven som drap ein katt førre veke.

Drept katt i Narvik

DRUKNA: Sportsfiskarane som ringde til Dyrebeskyttelsen Narvik var fortvila over funnet av den som viste seg å vere ein daud katt.

Foto: Privat

Førre veke oppdaga ei gruppe sportsfiskarar ein søppelsekk i eit vatn ved Bjørnfjell.

Då dei fjerna beltet og steinen som var surra rundt sekken, fann dei ein daud katt som var innelåst i eit bur.

No lover organisasjonen Hjemløse katter Narvik ut ein dusør på 11.000 kroner for tips som kan oppklare saka.

Drept katt i Narvik

ETTERFORSKING: – Det er mykje snakk om såkalla koronadyr, men kva som gjeld i denne saka veit vi ikkje enno, seier Rita Øien.

Foto: Privat

Samfunnet saman på leit etter kattemordar

– Det er ei grotesk handling. Vi gir oss ikkje før den som er skuldig funnen og må stå til ansvar, seier styreleiar Hilde Fredheim.

Saka har vekka kollektivt engasjement og fortviling i lokalsamfunnet.

Avisa Fremover har tidlegare omtalt saka.

Hilde Fredheim i Hjemløse katter Narvik

– Vi set veldig stor pris på hjelpa, seier styreleiar i Hjemløse katter Narvik, Hilde Fredheim.

Foto: Privat

– Ein trudde ikkje at det skulle skje her. Folk er sinte over handlinga og alle synest det er heilt grufullt, seier Fredheim.

Det er takka vere dei at dusøren, som starta på 5000 kroner, er meir enn dobla på ei veke. Enkeltpersonar bidrar med pengesummar på alt frå ti til 2000 kroner i dusørpotten. Dei ringer også inn med tips og informerer i nærområdet.

Fredheim fortel at dei har fått inn ei rekke tips. Nokre av dei omhandlar både buret og beltet som er brukt.

– Vi har tett dialog med politiet og det som er interessant blir sendt vidare til dei.

Dyrebeskyttelsen: – Ein slik stygg sak kan eg ikkje minnest

Det var Dyrebeskyttelsen Harstad som først fekk beskjed om funnet av den fortvilte gruppa sportsfiskarar.

– Vi får bekymringsmeldingar både på slike dyr og produksjonsdyr som vi tar vidare til Mattilsynet. Men ein slik stygg sak som dette kan eg ikkje minnest, seier styreleiar Rita Øien.

Ifølge Mattilsynet sin rapport om arbeid med dyrevelferd for 2021, er kjæledyr øvst på lista av saker registrert som alvorleg vanskjøtsel av dyr.

Politiet: – Fleire saker

I Nordland er dyrekrimstillinga berre eit år gamal. Det siste året har det jamleg kome inn opplysingar om dyr som blir utsette for vald det siste året.

Stine Marie Brox Gundersen, etterforsker for dyrevelferdskriminalitet i Nordland politidistrikt.

OPPRETTA SAK: – Det kan vere utfordrande å løyse slike saker utan tips frå publikum når vi ikkje har opplysingar om gjerningsperson. Men det er for tidleg å seie.

Foto: Politiet

Det opplyser Stine Marie Brox Gundersen i Nordland politidistrikt som etterforskar dyrevelferdskriminalitet.

– Men dette er den første saka eg har på denne typen mishandling, altså drukning. På landsbasis der ein at det er fleire saker som skjer, fortel Gundersen.

– Det er hjelpsamt med eit slikt samarbeid. Det er viktig å samarbeide med organisasjonar som kan sitte på viktig informasjon. Nokre gongar ser ein at publikum kan gi tips til andre etatar enn politiet.

Det fortel Stine Marie Brox Gundersen i Nordland politidistrikt som etterforskar dyrevelferdskriminalitet.

Ei av dei første sakene etter at Noreg begynte med dyrepoliti var også ei drukningssak. Etter at hunden Lucas blei funnen død og bunden til ei sementblokk i Moss, blei gjerningspersonen dømd til ni månadar fengsel.

Les også: 90 dagers fengsel for drapet på Lucas

Hunden Lucas
Hunden Lucas

Kattar særleg utsette for mishandling

Veterinær og leiar organisasjonen for dyrevern NOAH, Siri Martinsen, trur det kan vere store mørketal.

– Det er nokre faktorar som gjer at kattar dessverre er overrepresentert når det er snakk om sadistisk mishandling. I slike tilfelle som dette kan det vere sadistisk motivert, men det kan også vere nokon som rett og slett forsøker å kvitte seg med katten på ein såkalla lettvint måte.

Siri Martinsen, leiar i NOAH For dyrs rettar

VIL HEVE STRAFF: – Å heve strafferamma vil føre til at høgare straffer blir gitt, meiner Siri Martinsen i NOAH.

Foto: Bente Isefjær / NOAH

Den maksimale strafferamma for dyremishandling er på tre år i Noreg. I England er ho fem.

– No får vi truleg ei forskrift om avl av hundar for å avgrense rovdrift. Vi meiner at vi må ha same forskrift på plass også når det gjeld kattar, seier Martinsen.