Ordførar ynskjer oppdrett velkomen

Medan Riksantikvaren, Fylkesmannen, miljøvernarar og stortingsgrupper hamrar laus på Nordland fylkesråd, stiller ordførar Andre Møller seg bak oppdrett i verdsarvområdet i Vega. – Vi skjønar ikkje heilt problemstillinga, seier Ap-ordføraren.

Andre Møller, ordførar i Vega kommune

Ordførar i Vega kommune, Andre Møller (Ap), brukar same argument som fylkesrådet nytta då dei gav Marine Harvest løyve til å drive akvakultur: – Dei har venta lenge nok på eit svar.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

– Det er kanskje andre som ser på det som meir problematisk enn oss. Vi skjønnar ikkje heilt problemstillinga i forhold til verdsarvstatusen, seier Møller.

Etter Nordland fylkesråd gav Marine Harvest eit mellombels løyve til å drive akvakultur ved Rørskjæran i Vega kommune. Dette er innanfor eit verdsarvområde, og har hausta reaksjonar frå alt frå naturvernarar til stortingsgrupper og jusprofessorar.

Ordføraren i kommunen sjølv stiller seg bak den verdiskapande oppdrettsnæringa.

Turistar på Vega

Det er enno uvisst kva påverking oppdrettsanlegga vil ha på ærfuglbestanden i Vega. Dei er ein av dei største trekkplastera som trekk turistar til øyene.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

– Vern og bruk må gå hand i hand

– Vi har jo mange som held på med turistfiske, kring 30-40 båtar som fer ut om morgonen. Vi har og anna næringsaktivitet i verdsarvområdet, so kva det er med oppdrett, ser vi ikkje heilt, seier ordføraren.

Ordføraren peikar på det same som fylkesrådet brukte som hovudargument for deira vedtak: det er gått tre år sidan Marine Harvest leverte sin søknad, og dei fortener eit svar.

– Søkarane må jo få eit svar. Og desse konsekvensutgreiingane har vi spurt etter heilt sidan vi fekk verdsarvstatus i 2004, seier Møller.

Det fylkeskommunen har gjeve Marine Harvest er eit mellombels løyve på fem år. Etter den tid skal nye vurderingar gjerast, og drifta er dimed ikkje sikra i lengre framtid.

– Om konsekvensutgreiinga syner at oppdrett ikkje er i tråd med verdsarvverdiane, må vi gjere ei ny vurdering. Då kjem jo Vega kommune i ein heilt anna situasjon. Då får jo ikkje vi bruke verdsarvområdet til anadrome fiskeartar, og då må ein stille spørsmål om kva slags kompensasjon Vega kommune skal få for det, seier Møller.

Anadrome fiskeartar er artar som vandrar mellom salt- og ferskvatn, som laks, aure og røye. Det er desse artane som ofte vert brukt til oppdrett.

Vega

– I verdsarvområdet har menneska levd i takt med både fiske- og dyreliv. Vi har skjøtta området i 1500 år og då trur eg vi greier å skjøtte det vidare og, seier Møller.

Foto: Bente H Johansen / NRK

Føler seg svika av eige parti

– Eg ser på dette som arrogant åtferd eg ikkje deler i det heile teke, seier Martin Skjefstad.

Skjefstad var fylkespolitikar for Arbeidarpartiet – same parti som fylkesrådsleiar Tomas Norvoll og vegaordførar Møller kjem frå. Etter det kom fram at rådet opna for akvakultur i Vega, trakk han seg frå partiet og alle verv.

– Er det noko eit verdsarvområde treng, so er det konsekvensutgreiingar. Den siste setninga i intensjonsavtalen seier jo at det skal lagast ei utgreiing, seier Skjefstad

Han syner til intensjonsavtalen som vart skriven før Vega vart innlemma i verdsarvlista. Den sa at området sin status på lista måtte eksistere i samspel med næringsverksemd, til dømes oppdrett.

– Denne tråden opplever eg at rådet har klipt av, seier Skjefstad.

Martin Skjefstad

– Eg trur at om vi hadde fått konsekvensutgreiinga på bordet, kunne vi avvege forholdet mellom verdsarvverdiane og havbruk. So kunne vi funne ut på ein skikkeleg måte korleis vi kunne bygd ut akvakulturen slik at det ikkje kryssar verdsarvverdiane. Havbruk har og skal ha ei stor framtid, men vi må vite korleis vi skal gjere det på ein skikkeleg måte, seier Skjerstad.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Fryktar freding kan skade næringslivet

– Eg tykkjer det er uheldig det fylkesrådet no har gjort, seier Rita Johansen, dagleg leiar i stiftinga Vegaøyan verdsarv.

Men sjølv om Johansen meiner fylkesrådet handla forhasta, er ho heller ikkje glad i tanken om tvangsverning som Riksantikvaren lufta. Ho seier stiftinga ynskjer aktivitet i området.

– Eg fryktar at det vil forseinke heile den prosessen som no var byrja. Det er ikkje sagt verken ja eller nei til oppdrett enno, og vi veit jo ikkje kor lang tid det vil ta å få oppheva ei eventuell freding, seier Johansen.

Rita Johansen

Rita Johansen er ikkje utelukkande negativ til oppdrett i verdsarvområdet, men meiner ein må vere viss på kva konsekvensar som kan kome.

Foto: Bente H. Johansen / NRK