Oppringt av falske smittesporere

Bodø kommune åtvarar mot falske smittesporarar, som dei siste dagane har ringt serveringsbedrifter og bede tilsette gå i karantene. Kommuneoverlege Tor Claudi i Bodø sa på ein pressekonferanse tysdag at fleire serveringsstader i Bodø har fått telefonar frå falske smittesporarar, som har ringt frå skjult nummer. – Det er to serveringsbedrifter som har fått telefonar frå skjult nummer om at dei skal vere i karantene. Vi ringjer ikkje frå skjult nummer, sa Claudi.