Hopp til innhold

Oppbevarte våpen og narkotika – tok imot tjuvegods frå Lofoten

Politimeisteren i Nordland har tatt ut tiltale mot ein mann som no er busett i Vesterålen. Han er tiltalt for grovt narkotikalovbrot, innbrot, tjuveri, ulovleg oppbevaring av skytevåpen og heleri.

Det skriv Lofotposten.

Alle lovbrota har skjedd i Lofoten og Vesterålen.

I fjor haust fann politiet 1.6 kilo amfetamin som låg gøymt i ein koffert i ei bålpanne i Vesterålen der mannen budde. Dei fann også fire våpen og tilhøyrande ammunisjon på ulike plassar i huset.

– Tre av våpena og ei mengde ammunisjon låg usikra på soverommet. Ei hagle med tilhøyrande ammunisjon låg i takkonstruksjon ute ved inngangspartiet, heiter det i tiltalen.

Saka skal bli behandla i Midtre Hålogaland tingrett i august og det er sett av tre dagar til forhandlingane.

Midtre Hålogaland tingrett Harstad
Foto: Henrik Einangshaug / NRK