NRK Meny
Normal

Opnar for oppdrett ved verna natur

Nordland fylkesråd gjev løyve til å drive fiskeoppdrett i verdsarvområdet i Vega kommune. Avgjerda møter hard kritikk frå både naturvernarar og stortingspolitikarar.

Vegaøyene

STORSLÅTT: Vega satsar tungt på naturen sin for å marknadsføre seg. Området har både eit rikt dyreliv og ei historie med fiske og fangst som strekk seg frå steinalderen til i dag.

Foto: Tomasz Furmanek

Vega er ein kommune med mange naturverneområde. Desse er ein viktig del av marknadsføringa av kommunen. Dei har også planar om eit nytt verdsarvsenter med eit budsjett på fleire titals millionar.

I 2016 åtvara Kulturvernforbundet om at Vega måtte passe seg for å sleppe til oppdrettarar i skjergarden. Dei meinte oppdrettsnæringa dreiv ei ikkje-berekraftig verksemd, og at området kunne falle ut av den prestisjetunge verdsarvlista som følgje av det.

Denne veka gav fylkesrådet i Nordland selskapet Marine Harvest konsesjon til å drive oppdrett innanfor verdsarvområdet, like ved grensa til fleire verneområde.

Laster kart, vennligst vent...

MIDT MELLOM VERNA OMRÅDE: Skjæra fylkeskommunen har gjeve løyve til å drive oppdrett. I tillegg til naturverneområda merka på kartet er skjergarden eit verdsarvområde.

Ville ikkje vente lenger

– Denne saka har vore særs komplisert, seier næringsråd i Nordland, Ingelin Noresjø.

Det er tre år sidan Marine Harvest søkte om løyve til å drive oppdrett ved Rørskjæran. Næringsråden fortel at fylkesrådet desse åra har venta på forskjellige rapportar og ein planstatus frå kystkommunane. Då desse ikkje kom valde dei å gje løyve til bedrifta.

– Dette drog ut i tid og vi kom til eit punkt der vi meinte vi ikkje kunne vente lenger med å gje eit svar, seier Noresjø.

– Men er det i tråd med føre-var-prinsippet å gje løyve før alle fakta er på bordet?

– Dette er ei svært komplisert sak. Verdsarvstatusen gjer at området er spesielt, og difor har vi tatt oss god tid. Men til sjuande og sist vart dette ei politisk sak der vi måtte ta ei avgjerd, seier Noresjø.

Fylkesråd for kultur, miljø og folkehelse, Ingelin Noresjø

FORSTÅR UROA: – Eg har stor forståing for at mange tykkjer dette er ei feil avgjerd, men no har fylkesrådet kome til ein konklusjon, seier Noresjø.

Foto: Ole Dalen / NRK

Uroa for naturen

– Dette er heilt uakseptabelt, seier Gaute Eiterjord, leiar for Natur og Ungdom.

Vedtaket kjem i ei tid då halvparten av områda på verdsarvlista er truga av industri og utslepp og miljøskadar som følgje av oppdrettsanlegg er diskutert. Fylkesmannen i Nordland avslo i fjor ein annan søknad om å starte oppdrett ein annan stad i Vega. "Det er ikkje sannsynleggjort at området toler den auka belastinga som utsleppet frå oppdrett vil utgjere" sto det i avslaget.

Gaute Eiterjord, Natur og Ungdom

SKEPTISK: Gaute Eiterjord meiner ein kvar vekst i oppdrettsnæringa er uakseptabel. – Dei må finne betre ordningar for avfallshandtering og satse meir på lukka anlegg, seier Eiterjord.

Foto: Natur og Ungdom

– Oppdrettsnæringa har i dag so mange miljøproblem at ein kvar vekst er uforsvarleg. At området i tillegg ligg i eit verdsarvområde og grensar til eit naturvernområde gjer det endå verre. Vi er veldig skuffa over at fylkeskommunen har tillate dette, seier Eiterjord.

– Men dette er jo berre eit mellombels løyve som gjeld i fem år. Etter det må jo nye søknadar og diskusjonar til.

– Det kan skje mykje skade på dei fem åra. I tillegg kan det bli vanskelegare å sei nei om fem år då selskapet har investert og byrja produsere, seier Eiterjord.

Lånan/Vega/Nordland På dunværet, Lånan, har Ærfuglbestanden tatt seg opp og det er flere hekkinger enn før. Det betyr mer dun for de dunsankerne. Foto: Øyvind Nordahl Næss/VG

UNIKT KULTURLANDSKAP: Vegaøyene er kjende for sitt unike kulturlandskap og eldgamle ærfugltradisjon. Her ser ein dei små trehusa ærfuglane nyttar då dei hekkar. I mange år fungerte sankinga av ærdun som ekstra inntekt på sida av fiske. På denne måten utgjorde kvinner ein stor del av inntekta til hushaldet.

Foto: Scanpix

Stortingsgruppe skeptisk til konsesjonar

– Dei legg jo alle omsyn bortsett frå økonomi til side.

Ketil Kjenseth frå Venstre er leiar for Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Han fortel at ei konsekvensutgreiing for næringslivet i verdsarvområdet kjem i løpet av året og meiner vedtaket om å dele ut løyve er forhasta.

– Det å ta avgjerda no, tyder på at ein berre vil ta stilling til dei økonomiske interessene knytt til eit slik anlegg, seier Kjenseth.

– Dette er jo myndigheit som ligg hjå fylkesrådet. Vert det aktuelt for Stortinget å engasjere dåke i saka?

– Ein skal ikkje sjå vekk ifrå det. No diskuterer vi i Stortinget ei naturressursskattlegging på oppdrett. Det vil då vere sannsynleg at ein gjer forskjell på oppdrettsanlegg. At det då vil bli høgare skattlegging i område som ligg nær naturverneområde og verdsarvområde ligg då i korta, seier Kjenseth.

Ketil Kjenseth

FORHASTA AVGJERD: Kjenseth meiner fylkeskommunen har handla forhasta. Han peikar på fleire element som enno ikkje er avklart.

Foto: Margret Helland/NRK

Håpar på debatt

– Dette er jo ei utruleg komplisert sak. Vi tek naturverdiane på høgaste alvor samstundes som vi er forvaltningsmyndigheit for akvakultur. No får vi sjå om dette fører til ein diskusjon om vern kontra bruk, seier Noresjø.

Natur og Ungdom er noko meir spisse i si førutseiing av debatten som kjem:

– Eg meiner politikarane bør tenke seg om om dei vil ta vare på Vega som det vakre naturområdet det er, eller om dei vil late oppdrettsnæringa ture fram og øydelegge, seier Eiterjord.

Sidan konsekvensutgreiinga skal kome i løpet av året og skattlegging av oppdrettsanlegg ligg på bordet i Stortinget, er det naturleg å tru at denne saka kjem til å verte tema for debatt i tida som kjem.

Hysvær på Vega

PIPA HADDE EI ANNAN LÅT: Her på Hysvær i Vega fekk ikkje oppdrettsnæringa lov å starte opp. Øyene ligg innanfor det same landskapsvernområdet som det nye konsesjonsområdet grensar til. Det var Fylkesmannen i Nordland som nekta drift her i 2017.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK