Hopp til innhold

Olje engasjerer unge i nord

Natur og Ungdom merkar auka pågang.

Oljeboring i nord Lofoten vesterålen

Her leitar dei etter olje.

Foto: Grafikk: NRK / NRK

Ungdom i landsdelen engasjerer seg i spørsmålet om oljeutvinning langs norskekysten og i Barentshavet.

Miljøorganisasjonen Natur og ungdom opplev at mange nye lokallag stiftast for å kjempe mot oljen.

Og for nokon er det nettopp oljemotstanden som er vegen inn i leiinga.

- For meg var det olje-engasjementet det starta med, seier Ola Skaalvik Elvevold frå Tromsø.

Engasjerer seg

Han er frå Tromsø og for tida ein av to nestleiarar i Natur og Ungdom. Han ser at mange kjem seg til Natur og Ungdom når dei vil ta til motmæle mot oljeutvinning.

- Det er dei rike landa som slepp ut mest, medan det er dei fattige landa som råkast hardast. For meg og for mange andre er solidaritetsperspektivet ein viktig del, seier Elvevold.

Organisasjonssekretær Elin Østvik i same organisasjon forklarar at mange unge som vil protestere, organiserer seg gjennom dei.

- Me har i haust fått eit nytt lokallag i Hammerfest, som engasjerer seg mot oljeutvinning i Barentshavet. Me har også fått meir aktivitet i Lofoten og Vesterålen, seier Ørstavik.

I helga skal det veljast nytt styre i natur og Ungdom, og halvparten av dei føreslegne medlemmane kjem i frå Nord-Noreg.