Hopp til innhold

OLF trur på oljeleiting

Oljeindustriens Landsforening, OLF, trur det kjem til å verte leiting etter olje utanfor Lofoten og Vesterålen i 2010.

Troms II

Administrerande direktør i OLF, Per Terje Vold, seier verda har behov for meir energi, og sidan det er påvist olje i området, er det ikkje rett å la den liggje.

- Me både håpar og trur at Stortinget våren 2010 tek eit positivt vedtak på at Nordland 7 og Troms 2 vert opna for leiteverksemd i perioden 2010-2014, seier Vold.

Protestar

Vold meinar at Noreg ikkje har råd til å la vere å pumpe opp olja utanfor Lofoten og Vesterålen.

- Verda treng energi, og Noreg har potensiale til å levere. Noreg er den produsenten i verda som produserer reinast med tanke på utslepp til vatn og luft. Eg meiner me difor må sjå på dei positive ringverknadane for Nordland og Nord-Noreg, seier administrerande direktør i OLF Per Terje Vold.

Lovande

Oljemotstanden i nord er stor. Fiskarar, naturvernarar og vanlege veljarar har vist dette. Eit vedtak om oljeleiting vil vekke store protestar, men Vold trur politikarane vil vektleggje ringverknadane av leiteverksemda.

- Eg vil vise til at områda utanfor Lofoten og Vesterålen vert sett på som veldig lovande. Det ligg store verdiar på havbotn og då må me bore og leite, seier Vold.