Hopp til innhold

Nytt forslag: Hentar inn pensjonistar for å gjere fødeavdelingane tryggare

– Glad for å kunne ta vakter når det passar meg, seier pensjonert jordmor Margunn Omtvedt.

Jordmødre steller med en nyfødt gutt på fødeloftet ved Stavanger Universitetssjukehus

Leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup, ber regjeringa om fleire tiltak for å sikre ein trygg og ansvarleg fødselsomsorg.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Måndag la arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) fram eit forslag om at pensjonerte sjukepleiarar kan jobbe i stillingar under 20 prosent utan at det går utover pensjonsbetalinga deira.

– Det som har vore problemet er at dei har vore tilbydd ei luseløn for arbeidet dei har gjort. Det har dei ikkje akseptert.

Det seier leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup.

– Dei har sagt klårt ifrå gjennom si fagforeining om at dette ikkje er godt nok, og dette må regjeringa endre på viss dei skal vere villige til å jobbe saman med andre jordmødrer.

Dei må rett og slett få ei løn som gjer det verdt å gå på arbeid, seier Schjelderup.

Og no kan det hende dei får akkurat det.

Kvinne med blondt hår smiler til kamera mens det snør lett rundt henne

– Vi har to liv i hendene våre på kvar vakt og kvar fødsel. Det skulle berre mangle at vi har gode nok arbeidsvilkår, seier Hanne Charlotte Schjelderup i Jordmorforbundet.

Foto: Kristin Henriksen / Norsk Sykepleierforbund

Vil få fleire pensjonistar i arbeid

Jordmorforbundet (NSF) har lenge jobba for å få på plass gode insentiv slik at også dei mest erfarne jordmødrene skal arbeide når det er store hol i turnusen.

Årsaka er den prekære jordmormangelen.

NRK har tidlegare skrive om talet bekymringsmeldingar, at jordmødrer ikkje alltid rekker å vaske rom mellom fødslar og kvinner som gruar seg til å føde.

No foreslår altså regjeringa å frita pensjonerte sjukepleiarar fødd før 1965 frå innmelding i sjukepleiarpensjonsordninga dersom dei jobbar i stillingar under 20 prosent.

– Noreg har eit stort behov for sjukepleiarar. Eg er glad for at vi saman med partane har kome fram til ei løysing som gjer at pensjonerte sjukepleiarar kan jobbe inntil 20 prosent utan at pensjonen blir redusert, seier Tonje Brenna i ei pressemelding.

Tonje Brenna

– Det er eit stort behov for den erfaringa og arbeidskrafta pensjonerte sjukepleiarar utgjer, seier Brenna.

Foto: William Jobling / NRK

Det gler Jordmorforbundet seg over.

– Så vi treng alle gode tiltak for å halde på jordmødrene våre ute i arbeidslivet så lenge som mogleg, og det er vi veldig glade for at regjeringa no legg til rette for, seier Schjelderup.

Les også Jordmor Ida Karin rakk ikke gå på do og blødde gjennom uniformen: – Det er hverdagen

Ida Karin Rosset er jordmor ved føde/gyn-mottaket på Ullevål sykehus i Oslo. Hun elsker jobben, men tidspresset er sterkt.

– Dei har behov for oss

Margunn Omtvedt har jobba som jordmor i 40 år. Ho er i dag pensjonert, men tar vakter på Rikshospitalet. Omtvedt likar godt forslaget, som kan føre til at ho kan jobbe meir utan å miste pensjonspengar.

Eg stortrivst i jobben min, og er glad for å kunne ta vakter når det passar meg. Det er det som er fordelen når du først har blitt pensjonist, at du kan styre kvardagen din sjølv.

Jordmor Margunn Omtvedt på barselavdelinga på Rikshospitalet. Hun har kort lyst hår, ikledd hvit sykehusdrakt og smiler bredt til kamera.

Margunn Omtvedt har jobba som jordmor i 40 år.

Foto: Privat

Men det er travle dagar som jordmor. Ifølge Omtvedt blir dei pålagt fleire og fleire oppgåver, utan at bemanninga aukar.

Og skal vi tru leiaren i Jordmorforbundet er arbeidsame pensjonistar med på å berge heile fødetilbodet.

– Det seier jo litt om korleis bemanningssituasjonen er rundt omkring. At dei har behov for oss, og at dette kan vere med på å gjere at fleire kan tenke seg å ta vakter når ein får behalde lønna si og kan jobbe inntil 20 prosent, seier Omtvedt.

Leiaren i Jordmorforbundet er ikkje i tvil om at pensjonistane klarar å halde seg oppdatert på utviklinga innanfor faget.

– Det er ikkje tvil om. Dei har halde det gåande gjennom heile arbeidslivet og jordmødrene jobbar effektivt, er flinke til å omstille seg og er kjappe ute i feltet. Dei er nokre av dei flinkaste, seier Schjelderup.

Regjeringa vil no fremje lovforslaget i løpet av hausten, slik at Stortinget kan behandle det før jul.

Les også Mysteriet med dei få borna

IMG_6788

Har varsla lenge

Jordmorforbundet har lenge varsla om jordmormangelen og fleire har reagert på sommarstengde fødeavdelingar.

Faktisk er dei avhengige av pensjonerte jordmødrer året rundt, og fleire eksempel frå dei største sjukehusa i landet kor jordmormangelen er størst.

– Vi har enkelte vakter der det er berre jordmødrer som er pensjonerte på jobb. Det seier noko om kor mykje vi har bruk for denne arbeidskrafta ute i helsetenesta.

Fire pensjonerte jordmødre i uniform

Her ser du fire pensjonerte jordmødrer i uniform, som dekka ei heil vakt ved Rikshospitalet tidlegare i år. Fremst frå venstre: Eli Hole og Kari Hendis. Bak frå venstre: Karin Jansen og Jorid Beck Bardøl.

Foto: Hanne Charlotte Schjelderup / Jordmorforbundet

Forskinga er tydeleg, ifølge Schjelderup: Faren for komplikasjonar er større for mor og barn når reisetid er over ein time til fødestaden. Det aukar risiko for å føde før dei når fram og auka risiko for at barnet døyr under eller like etter fødsel.

– Vi er ikkje nøgde med at det blir sommarstengt fødeavdelingar rundt om i landet, det har mykje å seie for kvinner som er gravide og som skal føde på det tidspunktet.

Leder i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup med et nyfødt barn på Rikshospitalet.

Leiar i Jordmorforbundet Hanne Charlotte Schjelderup.

Foto: Jordmorforbundet

Bekymra for sommaren

Berre i Nordland vil fødeavdelinga i både Mo i Rana og i Sandnessjøen vere stengd fire veker kvar i sommar. Det same gjeld fødestova i Brønnøysund.

Årsaka er ferieavvikling og at det skal vere fast, kjent personell på plass på fødeavdelingane.

– Vi jordmødrer er jo alltid bekymra for vi veit at dette er høgtid for fødslar og det er jo veldig fint at det er mange barn som blir fødde på sommarstid, men vi veit også av erfaring at vaktene blir ekstra travle.

Det går utover barseloppfølging og kvinner som føder.

Les også Tomrommet etter Erik

Renate og Anders.

Rett før nyåret fortalde NRK historia om Renate som blei sendt heim frå UNN fordi fødeavdelinga ikkje hadde kapasitet. To dagar seinare døydde sonen hennar i magen.

Politikarane gav uttrykk for at historia gjorde inntrykk og var einige: Det har blitt utdanna for få jordmødrer. Slik kan det ikkje vere.

– Det skal utdannast cirka 150 jordmødrer årleg, men i realiteten er det litt over 100. Vi er ikkje nøgde med at det går så sakte å løyse ei prekær jordmorkrise, for det rammar jo befolkninga, seier Schjelderup.