Nordland fylkeskommune, som er byggherre, får no meir drahjelp i samband med markeringa av Knut Hamsun i 2009. Siste bidrag, som kjem frå Gjensidigestiftinga, vil gå til å styrke utstillinga ved senteret.
- Dette betyr veldig mykje. Vi kan no gjennomføre senteret som planlagt, og med den høge kvaliteten som vi skal ha på utstillinga der oppe, seier fylkesråd for kultur, Geir-Ketil Hansen.
Gåva frå Gjensidigestiftinga er svært kjærkomen for Nordland fylkeskommune, etter at budsjettet for Hamsunsenteret har blitt redusert undervegs.
Les:
- Utstillinga var først budsjettert med 20 millionar kroner. Vi har måtta kutta det betydeleg ned mot 15 millionar. No medverkar dette til at vi er tilbake nesten der kor vi hadde tenkt oss, seier Hansen.
Kan senke skuldrene
Hansen meiner fylkeskommunen har sett lite til den omtalte "sponsortørken" i samband med markeringa av Knut Hamsun. Men han vedgår at presset har vore stort den siste tida.
- Ja, både i forhold til økonomi og framdrift er vi under høgt trykk. Men vi kjem til å bli ferdige innan 4. august, og når vi nå får desse ekstra pengane, så kan vi også lage den utstillinga i det senteret vi hadde planlagt, sier han.
4. august i år er det 150 år sidan Knut Hamsun vart født, og denne dagen opnast det nye Hamsunsenteret på Hamarøy. Senteret har ein prislapp på 120 millionar kroner. Til sammen har Hamsunsenteret nå fått 15 millioner kroner fra næringsliv og sponsorer.
- Det er veldig viktig for at Hamsunsenteret skal vere eit nasjonalt og internasjonalt senter, som skal fange merksemd og som tiltrekke seg folk frå hele Europa og heile verda.
- Uproblematisk med Hamsun
Knut Hamsun er omstridt på grunn av forholdet han hadde til nazismen under krigen. Mellom anna har Trøndelag Teater stadfesta at dei ikkje vil markere jubileumsfeiringa av Hamsun.
Les:
Tor Peter Øwre i Gjensidigestiftinga seier dei aldri var i tvil om at Hamsunsenteret var eit godt føremål. Han påpeikar imidlertid at det er regionutvikling og kunst som står i sentrum.
- Frå stiftinga si side har vi ikkje høve til å handtere eller debattere politiske eller religiøse spørsmål. Så den diskusjonen som går på sidelinja i Hamsun er for oss heilt irrelevant. Det har verken lagt til eller trukket ifrå noko i vår vurdering.
Gjensidigestiftinga eiger 25 prosent av Gjensidige forsikring. Utbyttet stiftinga får av eigarskapet, delar dei ut til ulike formål ein gong i året. I Nordland fylke får 21 mottakere penger. Den nest største tildelingen er redningsselskapet som plasserer en nybygd båt i Brønnøysund.