Hopp til innhold

Lars Petter kunne lett blitt ein del av ein dyster statistikk

Berre i 1988 vart det registrert fleire sjølvmord enn i fjor. Ein ny kampanje skal få menn til å snakke om dei vanskelege tinga.

Lars Petter Storfjord

For Lars Petter Storfjord blei starten på vegen ut av sjølvmordstankane ein fastlege som spurde kva som var gale.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Ikkje i stand til å opne meg på grunn av skam. For min del var det tanken om at verda rett og slett var betre utan meg.

Lars Petter Storfjord har vore nær ved å ta sitt eige liv fleire gonger. Det han kallar «svarte tankar» tok overhand.

Om lag 650 menneske tar livet sitt i Noreg kvart år.

To av tre av dei er menn.

Ferske tal frå FHI viser at 693 personar tok sjølvmord i fjor, 70 meir enn året før.

Ei varsla katastrofe, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Kirkens SOS til NTB.

57-åringen frå Mo i Rana fekk etter kvart hjelp, men det sat langt inne å snakke om dei vanskelege tankane.

– Eg har nære folk rundt meg, men eg var aldri i stand til å opne meg på grunn av skam, seier han.

Lars Petter Storfjord

Ved å vere open no så håper Lars Petter Storfjord å hjelpe andre.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

No lanserer Helsedirektoratet folkeopplysning-kampanjen «Snakk om sjølvmordstankar» for dei tre nordlegaste fylka. Den rettar seg særleg mot menn.

Kampanjen er allereie rulla ut i resten av landet.

– Vi veit mange kvir seg for å spørje direkte når dei mistenker at nokon har det vanskeleg – og at dei er redde for å gjere noko feil. Derfor seier vi «snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv», seier avdelingsdirektør Jakob Linhave i Helsedirektoratet til NRK.

– Å tørre å spørje

Målet med kampanjen er at helsepersonell og andre skal ha litt betre føresetnader for å handsame sjølvmordstankar – og at fok flest skal vere meir førebudd til å vere ein støtte.

– Vi som er kollegaer, medmenneske, vener eller familie kan vere den vesle dytten som trengst for å ta tak i ting og få nødvendig hjelp. Å tørre å spørje er rett og slett å gi førstehjelp.

Les også Fikk ikke krisehjelp da Lill Mari (51) døde brått under trening: – Sa det ikke var «krise nok»

Nathalie Andreassen og pappa står i stua, ser ut av vinduet, tulipaner i forgrunnen

Kvifor er det mest menn som tek sjølvmord?

Svaret er komplekst, forklarer Linhave, men han seier vi veit at det kan vere krevjande for menn å erkjenne at dei har behov for hjelp på grunn av dei gamle kjønnsrollemønstera.

Det er difor nærliggande å tru at ein viktig medverkande faktor til høgare sjølvmordsratar hos menn er at dei i mindre grad oppsøker helsehjelp enn kvinner.

Senke terskelen

– Vi menn er ganske dårlege til å dele ting når vi har det vanskeleg. Vi vil gjerne fikse det sjølv. Også er vi kanskje ikkje like godt på å vere merksame på dei andre rundt oss som slit heller, seier Ronny Olsen.

Han er rådgivar folkehelse og lokal samfunnsutvikling, i Nordland fylkeskommune. Målet med kampanjen er å senke terskelen for å snakke om sjølvmordstankar.

– Dei aller fleste i sjølvmordsfare har ikkje eit ønske om å døy. Det er berre så utruleg vanskeleg å leve at sjølvmord blir einaste utvegen, seier Olsen.

Ronny Olsen sitter foran en pc-skjerm.

Rådgivar for folkehelse og lokal samfunnsutvikling, i Nordland fylkeskommune, Ronny Olsen seier menn er dårlege til å dele vanskelege ting.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

– Av og til er det nok at nokon rundt stiller eit spørsmål og vise at vi bryr oss. Kanskje skal det ikkje meir til for å stoppe ein tragedie, seier Olsen.

Flinkare til å lytte

Men du må meine det når du spør folk korleis dei har det. Det meiner Per-Magne Helskog Emilsen. Han er etterlaten etter sjølvmord, og har slite ein del med det.

– Vi må slutte å spørje om folk har det bra om vi ikkje toler å høyre svaret. Det har blitt ein sånn høflegheitsfrase. Den dagen nokon seier dei ikkje har det bra, så trur eg det er veldig få som er klar til å ta i mot det svaret og sette av tid til å spør meir.

Difor meiner Emilsen at vi må bli flinkare til å lytte til kvarandre.

– Eg kan stå her å sjå ganske tøff ut, men inne i oss er vi ikkje så tøff som vi ser ut.

Les også Unikt tilbud har fikset legekrisen for studenter: – Vinn-vinn-situasjon

Studentleger_legestudent

For Emilsen sin del hjelpte det å snakke om det som var vanskeleg. Og han har derfor engasjert seg i organisasjonen Leve.

Han ønsker seg meir resursar til mental helse og førebygging av sjølvmord.

– Det er veldig mykje fokus på å få ned talet på trafikkulykker, mens det er fleire som døyr av sjølvmord enn i trafikken.

Les også Fikk ikke krisehjelp da Lill Mari (51) døde brått under trening: – Sa det ikke var «krise nok»

Nathalie Andreassen og pappa står i stua, ser ut av vinduet, tulipaner i forgrunnen

Hjelpe andre

For Lars Petter Storfjord blei starten på vegen ut av sjølvmordstankane ein fastlege som spurde kva som var gale. Han har fått hjelp, og dyrkar no lidenskapen sin som dirigent i korpset.

Lars Petter Storfjord
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

No håpar Storfjord at han ved å dele historia si kan hjelpe andre.

– Har vi no redda eit menneskeliv, så er det verd det.

Les også Bjørns demenssyke far ble plassert alene i kommunal bolig – naboen måtte klippe tåneglene hans

Mann i sofa