Hopp til innhold

Noreg kan produsere nok straum til seg sjølv – har likevel kablar til utlandet

Kraftkablane som bind Noreg til Europa skal trygge forsyninga av straum, men får skulda for rekordhøge prisar i Noreg. Sjølv kan vi produsere nok straum til å klare oss utan import, seier NVE.

North Sea Link

North Sea Link mellom Noreg og England blei skal styrke forsyningstryggleiken på straum både i Noreg og England. Men den brukast mest til å eksportere straum frå Noreg.

Foto: Statnett

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei første dagane denne veka var snittprisen for straum i Nord-Noreg rekordhøg.

Kulde og høgt forbruk, samt lite nedbør og vind til vindkraftproduksjon er blant årsakene.

Men ein annan viktig faktor er energikrisa i Europa, som følgje av krigen i Ukraina. Europa får ikkje lenger særleg med gass frå Russland. Det har fått prisen på gass og andre energikjelder til å auke kraftig.

17 norske straumkablar til utlandet gjer at dei høge prisane no smittar over på oss.

– Det er ganske innlysande at Sør-Noreg er sterkt kopla mot straumprisar på kontinentet, og slik har det vore det siste året, seier kraftanalytikar Olav Johan Botnen i Volue Insight.

Olav Johan Botnen

Kraftanalytikar Olav Johan Botnen seier høg straumpris i Europa har smitta over på Noreg gjennom utanlandskablane.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Noreg har i dag straumkablar som koplar oss til 7 ulike land. I 2020 vart Statnett sin kabel til Tyskland sete i drift. Året etter starta prøvedrifta på straumkabelen North Sea Link til Storbritannia.

– Med så lite vatn som det har vore i Sør-Noreg, ville vi fått den koplinga til europeiske priser likevel. Men dei to siste kablane gjer at dette går raskare, og blir meir varig.

Les også Meløy Energi selger 4.000 kunder – nå har de kun kunder de ikke vil ha

Meløy Energi

Sikrar trygg levering av straum – til kven?

Eksporten av kraft frå Noreg til utlandet har aldri vore høgare over ei veke, enn ved inngangen til desember, viser tal frå NVE.

I fjor eksporterte Noreg 25,8 GWh kraft til utlandet, medan vi importerte 8,2 GWh.

Norsk kraft bidreg til å trygge energiforsyninga i Europa, når det til dømes er lite vind til kraftproduksjon på kontinentet.

97 prosent av kraftflyten gjennom kabelen til Storbritannia er eksport, men også kablane til Nederland og Tyskland er i stor grad eksportkablar, viser ein NVE-analyse, først omtalt av Klassekampen.

Kva med Noreg? Er vi avhengige av å importere krafta frå utlandet?

I eit normalår har Noreg meir produksjon enn forbruk og er difor nettoeksportør av kraft over året. Noreg har i dag nok produksjon til å dekke forbruket i den høgaste forbrukstimen, utan å måtte ha import, seier rådgjevar Silje Jelsness i NVE.

Men fordi vasskraft står for 89 prosent av den norske kraftproduksjonen, er Noreg også sårbar i langvarige tørre periodar.

Les også Statkraft åpnet lukene i elva uten å varsle – laksefisker måtte svømme i land

Flomstor Reinforsen, Rana kommune

I år med lite nedbør, vil krafta bli dyrare ved kaldt og tørt ver. Slik var det i 2002/2003 og i 2010/2011, då Noreg hadde låg fyllingsgrad, og høge prisar, påpeikar Jelsness.

Det kan gi store svingingar i prisen, og i januar 2010 var straumprisen enkelte dagar over 200 øre per kilowattime. Når Noreg importerer kraft, er det fordi prisane i landa rundt oss er lågare enn i her heime.

Vi et veravhengig kraftsystem som er veldig avhengig av tilsiget til vasskraftverka. Om ein får fleire tørre år på rad, vil vi vere avhengig av import av kraft for å sikre forsyningstryggleiken.

Frå gratis til rekorddyr straum i nord

I Nord-Noreg har straumen gått frå å vere nesten gratis, til å nå rekordnivå på nokre få månader.

Mykje nedbør i sommar gav fulle magasin. Høg kraftproduksjon, eksport og lite nedbør og vind dei siste vekene har endra på dette.

– No har ein hatt full flyt av kraft ut av Nord-Noreg heile det siste året, som følgje av den låge prisen i nord. No er nivået i den nordnorske magasina normale, og då kan ein lett importere prisar frå Nord-Sverige eller Sør-Noreg når det er veldig kaldt og lite vind.

– Kan kraftprodusentane i nord halde igjen?

Her renner vannet forbi magasinene.

Mykje nedbør i nord gjorde at straumen enkelte timar var heilt gratis, og magasina til kraftprodusentane rant over.

Foto: Ben-Are Pedersen

– Nei, ikkje om ein skal følgje marknaden sine spelereglar. Når prisane i nord ligg mykje lågare enn hos alle andre naboar, då blir det full flyt til alle naboane, seier Botnen.

Ein annan fordel med kablane, er at det gir Noreg sjansen til å tene pengar på overskotskraft. Då nordnorske kraftprodusentar sende vatnet rett i havet i sommar, tapte dei pengar.

Les også Strømsjef advarer kundene mot egen fastprisavtale: – 70 øre er ikke et godt tilbud

– Vi er ein del av eit integrert marknad, og det har vi ein fordel av å vere. Men vi må vite korleis flyten på kabelen fungerer.

Det seier direktør energi- og miljøavdelinga Ole Børge Yttredal i Norsk Industri. Han meiner kablane til utlandet kan vere nyttige også for industrien i Noreg, men at den høge straumprisen er urovekkande.

Direktør Ole Børge Yttredal i Norsk Industris energi- og miljøavdeling

Både og: Direktør Ole Børge Yttredal for energi- og miljøavdelinga i Norsk Industri meiner straumkablar til utlandet kan vere vinn-vinn.

Foto: Tone Buene / Norsk Industri

– Riktig brukt bidreg det til forsyningstryggleik når det er lite vatn i magasina i Noreg. Og så gir det nasjonen Noreg høve til å tene pengar. Men prissmitten vi no ser frå Europa er heilt formidabel.

Netto kraftimport kvart tredje år sidan 1992

Tal frå NVE viser at Noreg dei siste 30 åra har hatt større import av kraft enn eksport ni gongar. I desse åra har forbruket av straum vore større enn den nasjonale produksjonen.

Sist netto kraftimport skjedde var i 2019. Det same skjedde i 2010, 2006, 2004 og 2003, viser tal som Faktisk.no har samla inn.

– Reint statistisk var det slik i eit av ti år tidlegare, der vi trengde kraft utanifrå. I åra framover er det slik i om lag to av ti år, fordi forbruket går oppover og utbygging av nye kraftkjelder kjem seinare på 2020-talet, seier Botnen.

Men Noreg byter ofte på å vere importør og eksportør av kraft. Det handlar nemleg ikkje berre om nedbør og vind, og kor mykje vi kan produsere, men også om pris.

Når det er import av kraft til Noreg, er det fordi kraftprisane i landa rundt oss er lågare, og det difor er lønsamt å importere framfor å produsere sjølv, og ikkje nødvendigvis fordi vi er avhengig av importen, seier Jelsness i NVE.

Spår høge prisar også neste år

Eit alternativ til import er å byggje ut kraftproduksjon i Noreg, og demme opp fleire vassdrag, slik at vi alltid har rikeleg med overskot. Eller satsing på andre typar kraftproduksjon.

– Om vi skal få gjort noko med dei høge prisane, så må vi bygge ut meir kraft, slik at vi har eit permanent overskot på straum, seier Yttredal i Norsk Industri.

Les også Strømsjef advarer kundene mot egen fastprisavtale: – 70 øre er ikke et godt tilbud

Regjeringa har varsla satsing på havvind.

I Tyskland satsar dei på at import av flytande naturgass skal erstatte russisk gass. Men kraftanalytikar Olav Johan Botnen trur det vil ta fleire år før vi ser straumprisar på eit «normalt» nivå igjen i heile landet.

Han trur det vil ta 4–5 år før vi er tilbake der vi var før Russland stoppa gasstilførselen til Europa.

– Men denne gasskrisa er noko som aldri har hendt før i historia. Det var det ingen som kunne rekne med, og det skjedde samtidig med nedkopling av eldre kjernekraft- og kolkraftverk i Kontinental-Europa. I denne situasjonen var det var svært uheldig for norske kraftkundar at nye utanlandskablar kom i drift, og gav sterkare kopling mot europeiske kraftprisar, seier Botnen.