Hopp til innhold

– Eg tenkte «wow, me er verkeleg ikkje så ulike kvarandre»

Fredag vart om lag 70 soldatar heidra med tenestemedalje i Oslo. Visekorporal Anders Johan Tobiassen fortel at tida i Nord-Irak var ei utruleg oppleving.

Anders Johan Tobiassen og ein kurdisk soldat

GODE VENSKAP: Visekorporal Anders Johan Tobiassen fortel om band knytt på tvers av språkbarrierar.

Foto: Anders Johan Tobiassen / Privat

– Ein skulle tru kulturforskjellen var mykje større, men eg kunne sjå meg sjølv att i mykje.

Visekorporal Tobiassen frå Straumsjøen i Nordland er no heime i Noreg, men dei siste fire månadane var han i Nord-Irak og trena kurdiske soldatar som kjempa mot terrorgruppa ISIL.

Blei heidra med medaljeseremoni

Fredag blei Tobiassen og vel 70 andre soldatar heidra i Gamle Logen i Oslo med tenestemedalje. Generalløytnant Rune Jakobsen delte ut medaljane, og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide gratulerte sjølv soldatane.

Medaljeseremoni

STORSTILT BESØK: Generalløytnant Rune Jakobsen delte ut Forsvaret sin operasjonsmedalje Irak. Forsvarsministeren gratulerte soldatane.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

– Det er kjekt å bli heidra på denne måten. Spesielt artig er det når veteranar tek seg tid til å komme og gjere litt stas på oss, seier Tobiassen.

Dei soldatane som blei medaljerte no har trent opp om lag 1 500 kurdiske soldatar i kampen mot ISIL, skriv Forsvaret i ei pressemelding.

– De representerer Noreg på ein utruleg god måte, og de har levert eit viktig bidrag til kampen mot ISIL, sa statsråden.

Støtte på språkproblem

– Mitt lag reiste rundt i Kurdistan og trena kurdarane der dei var, fortel Tobiassen.

Tobiassen på trening i Nord-Irak

KROPPSSPRÅK: Tobiassen fortel at mykje kommunikasjon gjekk på kroppsspråk, her på trening utanfor Kirkuk.

Foto: Anders Johan Tobiassen / Privat

I grupper på åtte reiste dei over heile Nord-Irak, og var ettertrakta av kurdarane, men dei møtte nokre utfordringar ved å reise så mykje.

– Nokre gonger møtte ikkje tolken oss då me skulle trene, og me måtte gå etter kroppsspråk og miming.

– Men det er utruleg kor langt ein kjem med litt galgenhumor og kroppsspråk, ler visekorporalen.

– Dei var heilt fantastiske folk

– Eg tenkte "wow, me er verkeleg ikkje så ulike kvarandre", seier Tobiassen.

Dei norske reglane er at under trening, skal norske styrkar gjere nett det same som dei dei trenar.

– Når ein trenar i lag, et saman og ber på likt utstyr kjem ein liksom i prat om heilt vanlege ting, fortel soldaten.

– Ein skulle tru kulturforskjellen var mykje større, men ein kunne sjå seg sjølv att i mykje av det dei gjorde.

Kurdiske soldatar får opplæring

OPPLÆRING: Norske og Nederlandske soldatar gjev kurdarar opplæring i bruk av nye køyretøy.

Foto: Anders Johan Tobiassen / Privat

Mindre enn ei mil frå frontlinja

Sjølv om dei norske soldatane som dreiv opplæring aldri var i strid, var dei nær kampane.

– Me kunne høyre flya til amerikanarane innimellom, men me var aldri nær kampane, seier Tobiassen.

Likevel var nordmennene saman med soldatar som kom frå frontlinjene.

– Eg tenkte no på det. Eg fekk høyre mange triste historier og lagnadar, men det er diverre slik røynda er. Det er jo nettopp difor me er der, for å hjelpe desse menneska, seier visekorporalen.

– Verda er verkeleg ikkje slik som me har det heime i Noreg, Irak vart liksom ei påminning om dette, fortel Tobiassen.

– Det som hjelpte meg var tanken på at om eg klarte å lære desse noko, hjelpte det dei kanskje å komme trygt heim etter neste oppdrag.

Anders Johan Tobiassen, visekorporal
Frontlinja er berre åtte kilometer vekke

ÅTTE KILOMETER UNNA: ISIL sette fyr på oljebrønnar for å hindre sikta til amerikanske og russiske fly- og droneangrep. Den svarte røyken la seg utover ørkenen i Nord-Irak.

Foto: Anders Johan Tobiassen / Privat

– Men eg har mange fleire gode minner enn dårlege, for å sei det slik, smiler Tobiassen

Kulturforskjellar som humor

– Heime i Noreg er me ikkje så vande med å halde hender, men når ein blei god ven med kurdarane, var det vanleg å halde hender og leie kvarandre, seier Tobiassen.

Sentral-Asiatiske land som Irak og Afghanistan har andre måtar å syne venleik på, og fysisk kontakt med vener er mykje viktigare enn i tradisjonell norsk kultur.

– Det var enkelte som tykte det var ganske flaut, ler Tobiassen.

Han fortel at dei gode stundene meir enn veg opp for dei triste historiene nokre av kurdarane hadde.

– Det eg ser attende på, er kameratskapet og alle me blei kjend med.

Tobiasson ser ut over Arbil

Anders Johan Tobiassen ser ut over Erbil, hovudstaden i det Irakiske Kurdistan.

Foto: Anders Johan Tobiassen / Privat

– Eg håpar verkeleg det ikkje vert lenge til neste gong

Anders Johan Tobiassen, visekorporal