Her er kanskje Noregs største flagg

Det norske flagget har 200 års jubileum i år. Difor har 1000 elevar samarbeida for å lage eit flagg som er over 300 kvadratmeter stort. Dei håper flagget vert det største i landet.

Ungdommar framfor kanskje Noregs største flagg i Vefsn Kommune

Sjuandeklassingar frå Kulstad skule framfor det som kan verte Noregs største flagg

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

I Mosjøen jobbar fleire hundre elevar for å lage Noregs største flagg.

Heile flagget er over 300 kvadratmeter.

Den eksakte størrelsen på flagget skal dei avgjere på nasjonaldagen.

Skal vaie over aluminiumsverket

– Det er dritfint, seier Annabel Halligard, som er elev ved Kulstad skule.

Ho er ei av elevane i Vefsn kommune som har jobba på spreng den siste tida for å forsøke å lage Noregs største flagg.

– Eg håper at det er stort nok til at det vert Noregs største, seier Halligard.

For det finst eit konkurrerande flagg lenger nord. I Alta er det nemleg også vorte laga eit stort flagg som måler 15 meter høgt og 22 meter breitt.

Barn frå Vefsn legg siste hand på verket. Det er kanskje Noregs største flagg.

Annabel Halligard og klassekameratane pyntar flagget med 1000 barnehender. Det representerer barna som har vore med og laga flagget.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Flagget skal verte festa til eit skrått tak Mosjøen Aluminiumverk. Flagget kjem til å pryde heile den eine sida av aluminiumsfabrikken, Alcoa Mosjøen, som ligg rett ved E6.

– Om det flyg sin veg er det i alle fall synleg, seier Halligard.

Siste hand på verket

-Det har vore veldig artig, vi har sydd i heile helga, seier Trine Bukten.

Ho er rektor ved Kulstad skule. Ho tok på seg oppgåva med å sy flagget.

– Nokon gonger kjem det eit ja ut av munnen før fornufta når hovudet, seier ho lattermildt.

Syr det som kan bli Noregs største flagg på Vefsn

Rektor Trine Bukten henta ho kortreiste forsterkingar for å sy saman flagget. Ho spurte sin eigen mor, Laila Bukten, om hjelp.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Rektoren håper at det kjem til å pynte fint opp for folk frå Vefsn som køyrer forbi på nasjonaldagen.

– Det er artig at alle barneskuleelevane frå 1. til 7. trinn har vore med på det, og også har handa si på flagget, seier Bukten.

Flagget vert pynta av over 1000 barnehender frå alle barna som har vore med å lage flagget. Det er barn frå alle kommunens fem skular. Det er teikna omriss i farga papir som vert laminert og limt på flagget.

Stoffet dei trong til flagget fekk dei frå det nedlagde veveriet, Mosjøen Veveri, i kommunen.

Syr det som kan bli Noregs største flagg på Vefsn

Stoffet til Flagget på over 300 kvadratmeter har dei fått frå eit nedlagt veveri.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Oslo flaggfabrikk, som er den største aktøren på flagg i Noreg, melder at flagg på 6 meter er det største flagget dei sel på vanleg vis. Men dei lagar også større flagg på bestilling.

Dei har laga flagg som er over 300 kvadratmeter før, men dei vil ikkje seie kven som kjøpte det eller kvar det henger.

Konkurranse i klassar

Jan Oskar Engene er flaggentusiast, statsvitar og instituttleiar ved Universitetet i Bergen.

Han har ikkje sett nokon nasjonal oversikt over kva som er det største flagget i Noreg, men fortel at konkurranse i storleik på flagg er ein kjent sak i verdssamanheng.

– Det er eit kjent fenomen i grensetraktar at enkelte land heiser enorme flagg.

Jan Oskar Engene

Jan Oskar Engene er flaggentusiast, statsvitar og instituttleiar ved Universitetet i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

På 80-talet hadde Nord-Korea rekorden på verdas største flagg på stong i om lag 20 år. Med ei flaggstong på toppen av eit tårn, raga det 160 meter høgt.

Det var sett opp som eit svar på at Sør-Korea allereie hadde sett opp ei 98,4 meter høg flaggstong. Sidan 2017 er det Dei sameinte arabiske emirata som har halde rekorden.

Statsvitaren forklarar at det vert konkurrert i ulike klassar.

Det eine er kor stort flagg du kan få heist på ei ordiner flaggstong. Det er avansert fordi flagget vert tungt og når vinden tek tak treng du ei solid flaggstong. Difor vert det ein eigen kategori i å heise flagget høgast.

– Så har du ein egen kategori med liggande flagg.

USA har laga eit digert flagg som dei har lagt over ein vasskraftdam, men Romania sit ifølge Guinness Rekordbok på rekorden, med eit flagg på 79000 kvadratmeter.

– Men ein gamal flaggregel seier jo at flagget ikkje skal røre ved jorda. Det vert jo vanskeleg i denne klassa, seier Engene.

Uviktige formalitetar

Det er mange regler forbunde med flagg. Med eit så stort flagg som vefsningane har laga trur han det vert vanskeleg å få det opp og ned til rett tid. Men det meiner flaggentusiasten dei ikkje skal bekymre seg for.

– Her er patriotismen så stor at dei nok ikkje kjem under kritikk for slike formalitetar.

Men Tone Moby Røreng, leiar for 17. mai-komiteen i Vefsn, er førebudd på å følge flaggreglane.

– Vi må prøve så godt vi kan. Vi har sett oss inn i reglane ganske godt, så det trur eg vi skal klare.

Barn frå Vefsn legg siste hand på verket. Det er kanskje Noregs største flagg.

Siste hand vert lagt på verket av sjuandeklassingar frå Kulstad skule i Vefsn.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Flagget er laga i bevernylon og skulle eigentleg ha vore brukt til parkdressar til ungar. Det er tjukt og kraftig. Saman med dei 1000 barnehendene vert det tungt.

Difor måtte dei sjå seg om etter eit tak for å få plass til det.

– Vi er veldig glad i Alcoa. Det er jo hjørnesteinsbedrifta vår. Men vi valte det òg av omsyn til storleik. Vi har ikkje så veldig mange stader å velje mellom.

Først tenkte dei å la det henge, men det vert for stort og tungt. Difor valte dei å leggje det på eit skråtak på aluminiumsfabrikken. Dei får hjelp av Alcoa med heving og senking av flagget.

17. mai-komitéen tok utgangspunkt i det største flagget dei fann. Det var på 300 kvadratmeter og hang etter eit fly for nokre år sidan. No står att det å sjå om det faktisk vert det største flagget.

– Vi høyrer at vi har knallhard konkurranse frå Alta, så det blir spennande å sjå til slutt kven som dreg av med sigeren, seier Røreng.