Noregs sjømatråd eksporterte for 13 milliardar
Noregs eksporterte sjømat for ein verdi på 13 milliardar kroner i juli månad, skriv Noregs sjømatråd i ei pressemelding.
Det er ein auke på 727 millionar kroner, frå same månad i fjor.
Sjølve verdiauken for norsk eksport var størst i Storbritannia, kor dei fekk levert over 19.000 tonn norsk sjømat i juli.
Dei største marknadene for norsk sjømateksport i juli var Polen, Danmark og Nederland. Det blei eksportert sjømat til totalt 111 land i juli, som er eitt meir enn juli i fjor.
– Årsaka bak auken i eksportverdien for juli er ei svekka norsk krone både mot euro og dollar. Vi ser at ein ganske kraftig prisnedgang på laks blei kompensert av ein volumvekst, og til slutt er det valutaen som gir verdiauke.
Det seier Christian Chramer, administrerande direktør i Sjømatrådet.
– I ein rolegare periode for dei resterande største artane som blir eksportert, med relativt låge volum, er det samtidig ein rekord-juli for sild og makrell, seier han.