Nordnorske kommunar gjer det dårlegast – igjen

28 av dei 30 kommunane som ligg på botnen av kommunebarometeret er i Nord-Noreg. Skuleresultat og politisk uro er hovudfaktorane, meiner Kommunal rapport.

Laster kart, vennligst vent...

SKRAPAR BOTNEN IGJEN: Dei siste åra har kommunar i dei tre nordlegaste fylka dominert botnen av kommunebarometeret. 2018 er ikkje noko annleis.

Onsdag kom Kommunal Rapport med det årlege kommunebarometeret. Det samanliknar kommunane i Noreg etter 152 nøkkeltal, spesielt på økonomi og tenester kommunen leverer.

I år som dei siste åra er det kommunar i Nord-Noreg som pregar botnen av tabellen. Nordland, Troms og Finnmark skårar generelt lågt på både tenester og økonomi, medan kommunar i Vest- og Austlandet ligg på topp.

Skuleresultat og politisk uro trekk ned

– Det er eit tydeleg trekk at kommunane i Nord-Noreg gjer det langt dårlegare i målingane innanfor grunnskulen enn resten av landet. Vi legg stor vekt på skuleresultat i denne målinga.

Ole Petter Pedersen er ansvarleg for kommunebarometeret i Kommunal rapport. Han fortel at dei større kommunane generelt gjer det betre enn dei mindre.

– Kva som er grunnen til det, kan vere vanskeleg å seie. Min teori er at størrelse tel litt, men at leiing tel aller mest, seier Pedersen.

Han peikar også på at kommunar som ligg lågt på tabellen ofte er prega av politisk uro.

– Å byte ut rådmenn, leiinga i kommunen og anna politisk uro kan vere faktorar til at kommunar i Nord-Noreg ikkje gjer det so bra som dei kan, seier Pedersen.

jente tavle matte

SKULAR ER AVGJERANDE: Pedersen seier skuleresultat veg tungt i Kommunal Rapport sine vurderingar, og at dette er eit punkt mange kommunar kan jobbe på.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

– Vi har unike distriktsproblem

På plass nummer 400 av 433 finn ein Steigen kommune. Kystkommunen har dei siste åra slite med å få budsjetta til å gå opp, og har vore utsett for uro i lokalpolitikken og ein gjennomtrekk av rådmenn.

Ordførar Asle Schrøder (Sp), som har hatt tre rådmenn i sin periode, meiner likevel ikkje at dette har hatt noko å seie for tumultane som har plassert kommunen so lågt på tabellen.

– Dette er nok ikkje rådmennene sin feil. Det er oss politikarar som ikkje er villige til å ta dei harde avgjerdene når budsjett skal balanserast, seier Schrøder.

Schrøder meiner kommunar i nord slit med lange avstandar – både til storbyar og frå bygder til kommunesentrum. Han peikar på at Steigen kommune har fleire ufaglærte lærarar, og meiner avstandane gjer skulestrukturen vanskeleg. Kommunen har i dag fire grunnskular til ei befolkning på berre 2 500.

– Her i nord er mange av oss distriktskommunar. Det fører med seg problem som andre fylke har mindre av, seier Schrøder

Ordfører Asle Schrøder

DISTRIKTSPROBLEM: Steigenordførar Asle Schrøder (Sp) meiner Nord-Noreg har unike utfordringar som distriktsfylke, og at dette spelar ei stor rolle i den økonomiske problematikken.

Foto: Ola Helness / NRK

Lys i enden av tunellen

Men trass i nedslåande tal for Nord-Noreg meiner Pedersen at ein ikkje må sjå mørkt på situasjonen.

– Generelt vert Kommune-Noreg betre. Det er langt fleire tilfelle av at utviklinga går i riktig retning enn at det går i gal retning, seier Pedersen.

– Eg trur ikkje kommunar skal bry seg so mykje om sjølve tabellplasseringa, men heller sjå på kvifor dei har nøkkeltal som er dårlegare enn nabokommunen og kva for område dei ønskjer å bli betre på, seier Pedersen.