Hopp til innhold

Meiner Ap sviktar om Nord-Norgebanen: – Dei er ute og køyre

Den nye regjeringa vil ikkje svare på om dei vil bygge Nord-Norgebanen, sjølv om den er nemnt i regjeringsplattforma. – Anten er dei heilt uvitande, eller så er dei motvillige, seier SV.

Tog Bodø

Samferdselsministeren sår tvil på om det vert Nord-Norgebane, sjølv om regjeringsplattforma seier regjeringa vil satse på tog i nord.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Den nye regjeringa har lova å greie ut Nord-Norgebanen med mål om å realisere han.

Men førebels ventar Arbeidarpartiet og Senterpartiet med å sette i gang.

– Målet om å realisere Nord-Norgebanen ligg fast, men må igjennom ein ordinær prosess og vil bli ein del av det ein vurderer inn i Nasjonal Transportplan, seier Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til NRK.

Det var VG som først omtalte saka.

Om det vert tog i Nord-Norge vil ikkje regjeringa svare på før den nye Nasjonale transportplanen vert lagt fram. Det skjer i 2025.

– Det vert altså ikkje klart før i 2025 om banen vert bygd?

– Slik er det med disse prosessane og mange saker, seier Nygård.

– Er det nokon tvil om at dette prosjektet kjem til å verte gjennomført?

– Når vi har ein tydeleg målformulering bør ambisjonen ligge fast, men alle prosessar må gjennom utreiingsprosessar.

Det gjer mellom anna SV forvirra.

Torgeir Knag Fylkesnes

Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV og stortingsrepresentant for Troms, er skuffa over at samferdselsministeren sår tvil om jernbaneprosjektet i Nord-Noreg

Foto: Anne Sofie Rønnfeldt / NRK

– Eg er veldig overraska. Førebels set eg det på konto for ein samferdselsminister som er ute og køyre, seier Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV og stortingsrepresentant for Troms.

Han meiner at Hurdalsplattforma tydeleg seier at regjeringa har mål om å realisere Nord-Norgebanen.

Regjeringa vil: Gjennomføre ei konseptvalgutreiing med mål om å realisere utbygging av NordNorgebanen. Konseptvalutreiinga skal verte ferdigstilt og behadla i forbinding med neste Nasjonale transportplan.

Hurdalsplattformen

Første post på programmet er å avgjere om Nord-Norgebanen skal få ei eiga konseptvalutgreiing (KVU), eller om det held med ein som allereie går føre seg.

– Viss dei no skal skjule seg bak prosjektet om ein utreiing av transport generelt i Nord-Norge, og at det skal vere nok til å ta stilling til Nord-Norgebanen, har dei verkeleg ikkje forstått poenget, meiner Fylkesnes og legg til:

– Det trengst ein eigen konseptvalutgreiing, og dei må følge opp det dei sjølv har vore med å stemme igjennom, nemleg at Nord-Norgebanen skal verte realisert.

Tog Bodø

I dag går det ikkje tog lenger nord enn Fauske og Bodø i Noreg.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Inviterer ministeren til Nord-Noreg

Aksjonsgruppa for Nord-Norgebanen har i tjue år kjempa for tog i Nord-Noreg. Leiar for aksjonsgruppa, Svein Arnt Uhre, er òg skuffa over at samferdselsministeren no sår tvil om jernbanen.

Han meiner det føyer seg inn i rekka over vonbrot frå den nye regjeringa med saker som flystasjon på Andøya, som ikkje var nemnt i regjeringsplattforma.

Men nett denne saka overraskar, nettopp fordi ho var nemnt i Hurdalsplattforma.

– Dei formulerte det så sterkt og gjorde vedtak om at dei ønska realisering. Så fekk ein det stadfesta i Hurdalsplattformen. Der står det spesifikt om ein eigen KVU for Nord-Norgebanen.

Uhre viser til at fleire transportaktørar allereie satsar på å frakte gods på bane.

I går lanserte Kjell Inge Røkke nye store planar for eit grønt industrieventyr som krev togbane for transport.

Svein Uhre, leiar for aksjonsgruppa for Nord-Norgebanen står foran kontainarar på godsterminalen på Fauske ein lastar om frå lastebiler til jernbane i dag.

Svein Uhre, leiar for aksjonsgruppa for Nord-Norgebanen står framfor konteinarar på godsterminalen på Fauske ein lastar om frå lastebilar til jernbane i dag.

Foto: Privat

Aksjonsgruppeleiaren trur straumprisar i Nord-Noreg er forlokkande for eit næringsliv som har behov for grøn kraft. Å nytte togbane i Sverige ser han ikkje som noko alternativ.

Dei mange åra aksjonsgruppa har kjempa for togforbinding mellom nord og sør har dei hatt mange opp- og nedturar.

Dirfor trur ikkje Uhre dette kjem til å setje ein stoppar for kampen.

– Den førre samferdselsministeren reiste Noreg på langs. Vi vil gjerne invitere den nye samferdselsministeren til å gjere det same.

– Berre ein pengesekk

Gisle Solvoll, professor ved Handelshøgskulen ved Nord universitet, meiner derimot at det er fornuftig av regjeringa å sitte litt på gjerdet før dei stupar inn i dyre investeringar i tog.

– Dette er eit stort prosjekt for kanskje 120 milliardar. Det er vanleg at ein vil skyve så store investeringar framfor seg.

Gisle Solvoll

Gisle Solvoll, professor ved Handelshøgskulen ved Nord universitet, meiner det er fornuftig at regjeringa tenker seg nøye om

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) er heller ikkje den første samferdselsministeren til å så tvil. Det har også tidlegare samferdselsministrar gjort.

– Det er berre ein pengesekk. Eit så omfattande jernbaneprosjekt vil gå ut over andre prosjekt, som til dømes vegprosjekt, luftfart og hamneutbygging, seier Solvoll.

Professoren viser òg til at det vil ta tiår å kome i gang med prosjektet. Sjølv 2025 er for optimistisk for byggjestart for Nord-Norgebanen, ifølge han.

Men han er ikkje i tvil om at det må verte gjort ein eigen utreiing for banen.

– Men ein må sjå det i samarbeid med andre investeringar som skal verte gjort som til dømes veg og hamneutbygging. Ein må sjå alt i ein samanheng.

– Uvitande eller motvillige

Politikarane derimot ser ting i ein annan samanheng. Stortingsrepresentanten for SV i Nordland, Torgeir Knag Fylkesnes trur Arbeidarpartiet no på ta ein titt på eigen politikk.

– Anten er dei heilt uvitande, eller så er dei motvillige. Då reknar eg med at andre i partiet set skapet skikkeleg på plass, men for veljarane må dette vere ein pinsle, seier Fylkesnes.

Men samferdselsministeren ber SV om å ta det med ro, og ikkje frykte omkamp heilt enno.

– Dette er ordinære prosessar i samferdselsplanlegging i Noreg som også SV er kjent med, seier Jon-Ivar Nygård (Ap).

Arbeidarpartiet sit saman med Senterpartiet i ein mindretalsregjering. Fylkesnes peiker på at dei er avhengig av stønad frå SV.

– Eg forventar at han steller seg til fleirtalet i denne saka.