Hopp til innhold

Kongeparet møtte folkefest i Hattfjelldal

Kongeparet vart møtt av musikk, sol og folkefest i Hattfjelldal.

Kongeparet ankommer Hattfjelldal i sol og fint vêr.

Kongeparet på besøk i Hattfjelldal.

Det blir gjort klart for kongeleg besøk i fleire av landets kommunar denne veka.

Kongeparet har alltid hatt ein plan om å besøke alle landet sine 356 kommunar.

No manglar kong Harald og dronning Sonja 23 kommunar for å nå målet.

I desse dagar er det Nordland som står for tur, og måndag kveld er dei i Hattfjelldal.

Der vart dei møtt med tale frå ordførar Harald Lie (Sp) og song frå skuleelevar.

Seinare heldt dronninga ei tale der ho takka for velkomsten, snakka varmt om naturen, elgjakta og Elsa Laula Renberg frå Hattfjelldal.

– Arven etter Renberg finn vi i den samiske kultur og utdanningsinstitusjonane her i Hattfjelldal.

Vidare tok ho opp Sannhets- og forsoningskommisjonen som vart lagt fram førre veke.

– Det er mitt håp om at den nye rapporten som vart lagt fram om fornorskinga av samar, kvener og skogfinnar vil gjere noko positivt med oss. At vi vil lytte med eit ønskje om å forstå og lære av historiene som blir fortalt. Slik at vi saman kan gå vidare litt klokare og audmjuke i møte med den fryktelege uretten.

Kongeparet ankommer Hattfjelldal i sol og fint vêr.
Foto: Monica White Martinsen / NRK

– Med alle dei fine ungdommane og barna som vi har sett og høyrt her, så ser det ut til at Hattfjelldal framleis går lyse tider i møte, avsluttar dronning Sonja.

– Tatt verdien av mangfald på alvor

Kongeparet gjekk tidlegare i dag i land på Hemnesberget på Helgeland.

– Her i bygda har de tatt verdien av mangfald på alvor, seier kong Harald under sin tale.

Befolkninga i kommunen ønsker velkomen i skalljakker og vottar.

Kongen og dronningen besøker Helgeland. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Det er viktig å ta vare på gamle handverkstradisjonar. Berre spør dronninga, ho er ikkje til å stoppe om ein spør ho om dette.

– Her kryr det openbert av musikalske talent og kreativ kraft. Vi gler oss til å oppleve alt de har førebudd, avsluttar kongen.

Kongen og dronningen besøker Helgeland. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Kong Harald på plass i Hemnes kommune.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Ordførar i kommunen, Paul Asphaug (Sp) har også ønska kongeparet velkomen:

– Vi håpar at heile reisa blir ei minnerik oppleving, seier ordførar i Hemnes kommune Paul Asphaug (Sp) under si helsing til kongeparet.

Under fylkesturen skal kongeparet krysse av seks nye kommunar frå lista.

Kong Harald ved sida av ordførar i Hemnes kommune, Paul Asphaug (Sp).

Kong Harald ved sida av ordførar i Hemnes kommune, Paul Asphaug (Sp).

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Ferda vidare

I Hemnes får kongeparet fleire musikalske innslag. Dei skal også helse på fire personar som har for fortenestemedaljen.

Kong Harald og dronning Sonja får se utdrag fra Klemetspelet under sitt besøk på Hemnesberget

Kong Harald og dronning Sonja får sjå utdrag frå Klemetspelet under sitt besøk på Hemnesberget.

Foto: Monica White Martinsen

Dei reiser vidare til neste kommune, Hattfjelldal, rundt lunsjtider.

I dag besøker kongeparet desse to kommunane:

  • Hemnes
  • Hattfjelldal
Kongen og dronningen besøker Helgeland. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Kongeparet mottar blomsterbukett frå velkomstkomitéen.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Vi er heilt sikre på at dette blir ei flott oppleving for kongen og dronninga, seier statsforvaltar i Nordland, Tom Cato Karlsen.

– Vi har heile tida gått ut frå at dette besøket skulle bli gjennomført, det er jo det vi har planlagt for. Så vi er veldig glad for at dei no kjem oppover til Nordland og får sett dei flotte kommunane som ikkje har vore besøkt før.

Her kom kong Harald og dronning Sonja med Kongeskipet Noreg for ein time sidan:

Kongen og dronningen besøker Helgeland. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Kongeskipet Noreg før kongeparet gjekk i land på Hemnesberget.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Slik ser resten av fylkesturen ut for kongeparet når dei no besøker Nordland:

Hemnesberget sett fra lufta

Hemnes (5. juni)

Kulturstua i Hattfjelldal

Hattfjelldal (5. juni)

Leirosen

Leirfjord (6. juni)

Esøya. Vevelstad

Vevelstad (6. juni)

Oversiktsbilde over Sømna. Innimellom store åkre ligger spredt bebyggelse i landbrukskommunen.

Sømna (7. juni)

Holm i Bindal

Bindal (8. juni)

17 kommunar igjen etter fylkesturen

I slutten av april skulle kong Harald eigentleg ha vore på offisielt besøk i Skaun, ein av få Trøndelag-kommunar som kongen manglar på besøkslista.

Det skjedde ikkje, då snøkaos og innstilte fly sette kjeppar i hjula.

Kongeparet jobbar likevel med å få besøkt fleire nye kommunar i år.

Her er ei oversikt på kva kommunar som står att for kongeparet å besøke, når dei er ferdige med rundturen i Nordland denne veka:

Kartet er basert på Kongehuset si uoffisielle liste over kommunar som kong Harald og/eller dronning Sonja har besøkt offisielt, eller besøkt i forsvarssamanheng, frå 1958 og fram til i dag.