Hopp til innhold

Får støtte frå departementet – feil å nekte innsyn i rapport om omstridt sjukehusrapport

Departement ber Helgelandssjukehuset gje innsyn i kontroversiell rapport fra konsulentfirma. Ein «klassikar» at ein hentar inn eksperter utanfrå og hindrar innsyn, meiner presseekspert.

Hanne Nora Nilssen er leiar i Alstahaug Venstre

Hanne Nora Nilssen er leiar i Alstahaug Venstre. Ho er engasjert i debatten kring sjukehusstrukturen på Helgeland.

Foto: JILL-MARI ERICHSEN / Helgelendingen

I april sendte lokalpolitikar Hanne Nora Nilssen frå Venstre krav til Helgelandssjukehuset (HSYK) om innsyn i ein rapport fra konsulentfirmaet Deloitte.

Rapporten, som var på bestilling frå HSYK, tilrådde Mo i Rana som stad for eit nytt, stort sjukehus. Rapporten er omstrid på Helgeland.

Ressursgruppa i HSYK som vurderte den framtidige sjukehusstrukturen i regionen brukte rapporten til å anbefale Mo i Rana som sted for det store akuttsjukehuset på Helgeland.

I vår begynte Nilssen å lure om denne rapporten var so uavhengig som den skulle.

Ho ynskja sjå Deloitte-rapporten som skildra økonomiske analysar kring ulike alternative sjukehusstrukturar. I rapporten har Deloitte brukt e-poster frå avdelingar hos HSYK som kjelder i den økonomiske analysen.

Problemet er at disse e-postane er unnlat offentlegheita.

Her er det Nilssen bad om innsyn i:

  • Å få sjå heile rapporten til Deloitte.
  • Dokument frå Helgelandssykehuset som er brukt i Deloittes økonomiske analyse av HSYK.
  • E-postkorrespondansar mellom Deloitte og HSYKs økonomiavdeling og avdeling for drift og eigedom.

Ho klagde også på Skype-møter mellom Deloitte og HSYK som det ikkje blei skrevet møtereferat frå.

Helgelandssjukehuset avslo store delar av Nilssen krav. No har Helse- og omsorgsdepartementet vurdert saka. De meiner Nilssen har krav på innsyn i både rapporten og e-postane.

«Ein klassikar»

Gunnar Bodahl-Johansen er tidligare leiar for norsk presseforbunds offentlegheitsutval. Han seier det er særs viktig å ha openheit i kontroversielle prosessar.

– I veldig mange slike sammenhengar går ein motsatt veg. Ein lukker døra og hindrar innsyn i opplysningar og dokument. Det undergrev tillita til forvaltninga.

– Dette er ein klassikar. Ein hentar inn eksperter utanfrå. Så hindrar ein innsyn i både sluttrapporten og kommunikasjon mellom oppdragsgjevar og eksperter.

Gunnar Bodahl-Johansen

Presseekspert Gunnar Bodahl-Johansen har sett slikt før.

Foto: Institutt for Journalistikk

I et svar til Nilssen skriv Tore Bratt frå Helgelandssjukehuset at e-postkorrespondansane ikkje er å regne som saksdokument. Derfor er de ikkje arkivverdige.

So kom Helse- og omsorgsdepartementet på bana.

Etter ei klage frå Nilssen har departementet kritisert sjukehuset sitt innsynsvedtak. Dei skriv at sjukehuset hadde rett i å halde på utrekningane bak rapporten grunna konkurransesensitive opplysningar, men at rapporten i seg sjølv måtte offentleggjerast.

Departementet seier i tillegg at e-postane mellom Helgelandssjukehuset og Deloitte ikke kan sees som interne dokumenter uten særs god grunn. HSYK må behandle søknaden om innsyn i e-postane på nytt.

I praksis betyr dette at Nilssen sannsynlegvis får sjå samtalane ho lengtar etter.

Ressursgruppa Helgelandssykehuset

Ressursgruppa som har jobba med å finne den beste staden å leggje det nye akuttsjukehuset på Helgeland.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Openheit må stå i sentrum

– Dette er ei stor sak som angår veldig mange folk. Dimed er det desto viktigare at ein har openheit i prosessen – kva det er det den endelege avgjerda byggjer på, seier Nilssen.

Helgelandssjukehuset kan dermed måtte offentleggjere e-postkommunikasjon mellom dei og konsulentfirmaet Deloitte.

Kva som ligg i desse e-postane, veit Nilssen enno ikkje. Ho trur likevel det vil vere av interesse for folket i regionen.

– Det er jo ikkje noko hemmelegheit at vi her på Helgeland har ei stor – eg haldt på å sei konflikt, men ei stor sak kring den nye sjukehusstrukturen, seier ho.

Helgelandssykehuset, sandnessjøen

Kritikarar av Deloitte-rapporten fryktar for sjukehuset i Sandnessjøen om akuttilbodet vert lagt til Mo i Rana.

Foto: Ole -Christian Olsen / NRK

Er komfortabel med avklaringane

– Helgelandssjukehuset er komfortabel med dei vurderingane som departementet har kome med, skriv kommunikasjonssjef Tore Bratt i ein e-post til NRK.

Tore Bratt, Helgeandssykehuset

Kommunikasjonssjef ved Helgelandssjukehuset Tore Bratt meiner omstruktureringa av sjukehuset er ein open og trygg prosess.

Foto: Bjorn Leirvik

Han seier sjukehuset står ved at dei meiner det ikkje var grunnlag for å gje Nilssen innsyn i fleire av dokumenta i saka.

– I ein slik prosess er det naturleg at det oppstår usemje om kvar grensa for openheit går med tanke på lovgjevinga. Vi set i so måte pris på at våre vurderingar vert sett på prøve, skriv Bratt.

Om e-postane faktisk vert offentleggjort vert avgjort då Helgelandssjukehuset har gjort ei ny vurdering av saka.