Hopp til innhold

Lokkar med «fri frakt» – trass dei høge drivstoffprisane

– Bransjen blir prega av utstrekt bruk av underleverandørar, seier Christina T. Rooth i Oslo politidistrikt.

BliVakker reklamerer om fri frakt

GRATIS FRAKT: Mellom anna sminkeforretninga Blivakker reklamerer for gratis frakt på sin nettstad.

Foto: Skjermbilde

Drivstoffprisane har aldri vore høgare enn no.

Samstundes held fleire nettbutikkar fram med å reklamere for gratis frakt og retur.

Korleis kan det henge saman?

Det spør direktøren for logistikk og transport i NHO, og Noregs Lastebileier-forbund.

Nelly reklamerer om fri frakt
Mange norske nettbutikker tilbyr framleis gratis frakt.
Fri frakt Nelly
Men korleis kan frakt vere gratis, med skyhøge drivstoffprisar?

NHO: – Nokon må opp om morgonen

Administrerande direktør i logistikk og transport i NHO, Are Kjensli, meiner vi må kvitte oss med illusjonen om at frakt kan vere gratis.

Særleg når prisane på drivstoff er slik som no.

– Mange nettselskap annonserer no med gratis frakt. Det er det ikkje noko som heiter, seier direktøren.

Are Kjensli

Administrerande direktør i logistikk og transport i NHO, Are Kjensli meiner mange forbrukarar begynner å bli klar over at frakt ikkje kan vere gratis.

Foto: NHO Logistikk og transport

– Det er også noko vi ikkje synest er riktig. Nokon må jobbe – opp om morgonen og få ut desse varene. Alle skjønner at det ikkje er nokon som køyrer gratis.

Kjensli trur etter kvart mange forbrukarar begynner å bli klar over at det ikkje er gratis å levere ut varene.

– Men eg synest det er uheldig at ein gir inntrykk av at det kan vere gratis. Det er med på å leggje ei uheldig ramme for denne bransjen, seier direktøren.

Blivakker: – Fokus på kostnadseffektive transportløysingar

Ein av nettstadene som reklamerer for fri frakt, er sminkeforretninga Blivakker.

– Korleis Blivakker betalar for frakt har ikkje samanheng med at Blivakker tilbyr leveringsalternativ utan tilleggskostnadar.

Espen Wetrhus, leiar for butikkutvikling og kunderelasjoner

FRI FRAKT: Espen Wetrhus, leiar for butikkutvikling og kunderelasjonar, poengterer at dei ikkje reklamerer for fri retur.

Foto: Brandsdal Group

Det opplyser Espen Wetrhus, leiar for butikkutvikling og kunderelasjonar, i ein e-post til NRK.

– Vi jobbar langsiktig i relasjon til våre transportpartnarar, der vi saman har stort fokus på berekraft og gode, kostnadseffektive transportløysingar.

– Kvifor meiner de at det ikkje er misvisande å seie at de har gratis frakt?

Blivakker opererer med same produktprisar på nett, som vi gjer i våre fysiske butikkar.

Nettbutikken Nelly seier at det er dei som betalar frakta når det er gratis for kunden. Men det gjeld berre bestillingar som overstig eit visst beløp.

Ved retur betalar Nelly retur dersom kunden byter vara, eller kjøpar ein anna.

– Det er viktig for oss at kundane kan handle hos Nelly og vere trygge på at det er mogleg å endre storleik, utan ekstra kostnad om produktet ikkje passar, seier Anna Andersson, kommunikasjonsrådgivar for Nelly.

Ellos
Nettbutikken Ellos seier til NRK at dei berre har fri frakt på bestillingar over 499 kr.

Men dei vil ikkje svare på NRK sine spørsmål om korleis dei betaler for den frie frakta, eller om det er misvisande at dei kallar han gratis.

NRK har òg tatt kontakt med Zalando, som er det største norske selskapet innan netthandel. Dei har ikkje svart på våre spørsmål.

Les også: Motebransjen vil kutte CO₂, men vil ikke kutte bruk og kast

Bilmerket Ferrari har begynt å designe egne klær som selges, som her, i en av bilbutikkene i Milano.
Bilmerket Ferrari har begynt å designe egne klær som selges, som her, i en av bilbutikkene i Milano.

– Frakt er ikkje gratis

Kjell Olafsrud, marknadsdirektør i Noregs Lastebileier-forbund, har i fleire år jobba med å få politikarar til å sjå kor problematisk det er med gratis frakt og retur.

– Måndag vil dieselprisen vere 19,98 pluss moms. På fjorten dagar har han gått opp fjorten prosent. Frakt er ikkje gratis, det er det einaste vi er sikre på.

Kjell Olafsrud

Kjell Olafsrud, marknadsdirektør i Noregs Lastebileier-forbund peiker på at det heller ikkje i eit miljøperspektiv er berekraftig å skulle bruke sin eigen heim som prøverom, for deretter å sende tilbake det ein ikkje vil ha.

Foto: Norges Lastebileier-forbund

Marknadsdirektørens hovudbekymring er at det er for lite kontroll av sjåførane som fraktar varene.

Køyrer du ein liten varebil er det nemleg ikkje same krav til registrering og løyve. Og det er ingen kontroll på moms og skatt hevdar Olafsrud.

Difor er han uroa for om sjåførane får betalt det dei skal ha.

Varebil uten lykter

Sjølv har Olafsrud opplevd at varer som blir levert med fri frakt blir levert av biler i svært dårleg stand. Denne varebilen mangla fleire lys og var med dårlege vinterdekk.

Foto: KJELL OLAFSRUD / PRIVAT

Christina T. Rooth, næringslivskontakt i Oslo politidistrikt, seier at politiet er kjent med at det har vore store problem i varebilbransjen.

Førre veke hadde Oslo politidistrikt eit seminar med fleire aktørar for å auke merksemda rundt dette.

Christina Rooth, næringslivskontakt i Oslo politidistrikt

Christina T. Rooth, næringslivskontakt i Oslo politidistrikt seier det er uoversiktleg og vanskeleg for dei å kontrollere transportbransjen sidan det er utstrekt bruk av underleverandørar.

Utan at politiet kommenterer dei aktuelle nettbutikkane som reklamerer med gratis frakt, kan Rooth fortelje at dei har sett at det er problem i transportbransjen.

Dei har avdekka omfattande kriminalitet i varetransporttenester.

– Kriminaliteten finn dei enklaste vegane, og varebilsegmentet er uregulert, seier Rooth.

Det er låg inntening på nedste nivå og bransjen blir prega av utstrekt bruk av underleverandørar, seier Rooth.

Olafsrud fortel at det sjeldan er norske sjåførar som køyrer dei små varebilane.

– Vi synest det er trist at ein opererer med gratis frakt. Vi meiner vareeigarar bør sjå transporten som ein del av sjølve varekjeda.

Direktøren understrekar at det òg finst dei som driv skikkeleg og heiderleg, men åtvarar om at det er mange useriøse aktørar.

Les også: Forbruket øker i Norge: – Må legge til rette for et godt liv med færre nye ting

Vindu med salgsplakat i Oslo
Vindu med salgsplakat i Oslo

– Blivakker samarbeider med Bring og vi er trygge på at dei er profesjonelle i utføringa av sine tenester. Det kan også våre kundar vere, seier Westrhus i Blivakker.

Dei andre nettbutikkane har ikkje svart NRK på korleis dei jobbar for å sørge for at deira sjåførar får rett betalt.

Har du nokon gode tips eller innspel til saker eg bør sjekke ut? Tidlegare har eg skrive saker om mellom anna mysteriet om sjøkabelen som forsvann, Coops nye gigantpakkeri, sjøfugl som forvinn frå Lofoten og at norsk garn ikkje er av norsk ull