Hopp til innhold

Nei til asylmottak

UDI leitar vidare etter samarbeidspartnarar, etter at dei ga Andøy kommune avslag på søknaden om asylmottak i går.

Militærleiren i Skarsteindalen

Militærleiren i Skarsteindalen er ikkje lenger aktuell som asylmottak i kommunal regi, etter at UDI forkasta søknaden frå Andøy kommune.

Foto: NRK

UDI har forkasta planane om eit kommunalt asylmottak i Andøy, etter at dei ikkje klarte å bli einige med kommunen om vilkåra for mottaket.

- Kommunen har gitt oss eit tilbod om ei avtale som er vesentlig dyrare enn det vi har for andre mottak. Når vi skal forvalte dei pengane vi får frå departementet på ein forsvarleg måte, så kan ikkje pristilbodet frå Andøy kommune forsvarast, seier regiondirektør i UDI i region nord Bjørn Fridfeldt til NRK.

Han vil ikkje seie noko om prisen kommunen stilte krav om, men kan avsløre at tilbodet var dobbelt så dyrt som det UDI betalar for tilsvarande mottak.

Bjørn Fridfeldt

Bjørn Fridfeldt i UDI.

Foto: Mathis Eira

Skuffa over avslaget

Andøy kommune og UDI var i fjor einige om å starte eit forprosjekt for å etablere asylmottaket i den nedlagte militærleiren i Skarsteindalen. Ordførar i Andøy, Jonni Solsvik (H) er skuffa over avslaget.

- Det tilbodet som vi har gitt, det ivaretar alle dei forholda som UDI og Andøy kommune heile tida har vore einige om, seier Solsvik.

Men UDI er klar på at dei ikkje kan drive eit asylmottak til dei vilkåra dei vart bydd av kommunen. Det handla ikkje berre om pris, fortel Fridfeldt.

- I tillegg var det ein del manglar i konkurransegrunnlaget. Vi gjekk ut med ein konkurranse som gjekk på 350 plassar, og 150 beredskapsplassar. Andøy svarte berre i forhold til dei 350 plassane, og dermed så har dei ikkje svart på heile det konkurransegrunnlaget som gjekk ut, seier Fridfeldt.

Ny anbodskonkurranse

Uavhengig av forhandlingane om asylmottaket i Skarsteinsdalen, har UDI lyst ut ein annan konkurranse om 500 ordinære plassar og 100 stykkevis plassar for asylsøkarar i Nord-Noreg.

- Her vil Skarsteinsdalen kunne bli vurdert som alle andre anlegg som kan brukast. Det betyr at kommunen kan vurdere om dei vil gå inn i ein ny konkurranse, og levere eit revidert tilbod, seier Fridfeldt i UDI.

- Men vil UDI då fire på krava?

- Skarsteindalen er eit veldig stort anlegg, og om det skal være ein fornuftig drift der som kan svare seg, så vil eg tru det vil måtte ha ein storleik som det vi har skissert i den konkurransen som har vore ute no. Eg trur ikkje det vil være aktuelt å gå inn med noko særleg mindre tal på plassar enn det vi har hatt i denne omgang.

Opnar for privat løysing

UDI har framleis ikkje fått svar på anbodskonkurransen, men interesserte aktørar i Nord-Noreg har til slutten av månaden med å levere inn tilbod. Bjørn Fridfeldt utelukkar ikkje at eit asylmottak i Skarsteindalen i privat regi vil være interessant.

- Eg ser ikkje bort frå at andre aktørar kan komme på banen å bruke Skarsteindalen som utgangspunkt for oss.

Ordfører i Andøy, Jonni Solsvik vil ikkje støtte eit privat initiativ i Andøy, så lenge tilbodet blir dårlegare enn det kommunen og UDI var einige om. Solsvik meiner nemleg kommunen har pressa prisen ned så mykje som mogleg var.

Ordførar i Andøy kommune Jonni Solsvik

Ordførar i Andøy kommune Jonni Solsvik.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

- Eg er svært skeptisk til at UDI no skal gå ut og inngå avtale med andre aktørar til å drive eit asylmottak i Skarsteindalen til ein lågare pris enn vi har gitt. Det betyr at innhaldet i asylmottaket ikkje blir slik det bør være, etter vårt syn.