Hopp til innhold

Denne fuglen kan stoppe millionsatsing og hundrevis av arbeidsplassar

I Brønnøy har oppdrettarar store planar. Men nokre raudlista fuglar er blant naturomsyna som kan stikke kjeppar i hjula for opplegget.

Utrydningstruet vipe

Vipa er ei av dei raudlista fugleartane som hekkar kring Toftsundet – nett der industriområdet er planlagt. Biletet er frå ein tidlegare NRK-reportasje, ikkje frå Toftsundet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

– Det er jo veldig viktig for oss i kommunen, seier ordførar Eilif Kristian Trælnes (Sp).

Han meiner bygginga av eit landbasert oppdrettsanlegg i kommunen vil gje inntekter frå eigedomsskatt og ikkje minst arbeidsplassar.

Han har blitt førespegla 200 arbeidsplassar i første omgang, med moglegheit for fleire om prosjektet aukar i omfang. Det er nesten like mange folk som bur på Toft i dag.

Men i vegen for desse planane står raudlista fuglar og soppar, naturmangfald og friluftsområde.

Vipe på Karmøy

Vipa er saman med storspova og ærfuglen nokre av artane som held til nett der oppdrettsanlegget skal liggje.

Foto: Arnt Kvinnesland

– Veldig mykje å ta vare på

– Dei vil øydelegge nokre svære område i det som er lokalbefolkninga på Toft og Brønnøy sine friluftsområde, både på land og på sjøen.

Bjørn Økern er tidlegare leiar av Naturvernforbundet i Nordland og ein erfaren miljøaktivist. Han meiner at Toft er eit viktig, tilgjengeleg og nært område for friluftsliv med fleire turstiar.

– Det er veldig mykje som er verd å ta vare på.

– Men dei som byggjer ut vil nok peike på dei økonomiske ringverknadane og arbeidsplassane eit slikt anlegg kan skape for lokalbefolkninga?

– Jada, det er ikkje tvil om det. Men, om ein skal ha det som målestokk; er det so stor arbeidsløyse i Brønnøy kommune at det kan forsvare ei so stor utbygging? Berre for arbeidsplassar?

Skjemdump av Artsdatabanken sitt kart over Toftsundet.

Dette er Artsdatabankens kart over Toftsundet. Det raude skraverte området er hekkeområde for Vipa. Dei andre raude og oransje prikkane er ulike observasjonar av raudlista artar.

Illustrasjon: Skjermdump / Artsdatabanken

Vern eller bruk?

– Hadde eg vore like ung som eg er gamal, so hadde eg stilt til val att og prøvd å få orden på dette.

Bjarne Mørk-Eidem er styremedlem i Aquaculture Innovation, selskapet som ynskjer å byggje på Toft.

Bjarne Mørk-Eidem

Bjarne Mørk-Eidem er sjølv frå Vega, og har hatt mange verv i offentleg teneste. Her frå då han var Riksrevisor i 2005.

Foto: Morten Holm / NTB

Han er også arbeidarpartimann, tidlegare fiskeriminister, har 24 års annsienitet på Stortinget og ein CV som folkevald lengre enn eit vondt år. Han kjenner byråkratiet.

Mørk-Eidem er frustrert over motstanden nokre oppdrettarar møter langs kysten, spesielt der område er verna av natur- og kulturomsyn.

Han trekk fram Vega, som ligg like nord for Toft. Dette er også ei slagmark der bruk og vern står på kvar si side.

– Og eg tenkjer for meg sjølv: her har eg vore folkevald heile livet, i over femti år. Og so har eg vore med på å skape eit slikt samfunn? Det er heilt... ja, seier den erfarne politikaren.

Departementet bestemmer

Brønnøy kommune har vedteke arealplanen sin, og ynskjer oppdrettarane velkomne. Statsforvaltaren i Nordland derimot har stilt seg på naturvernarane si side.

Dei har levert ei innseiing, ein slags protest, på planane. Den skal til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som skal fatte den endelege avgjerda.

– Eg håpar jo at dei ikkje tek innseiingane til følgje, seier Brønnøy-ordføraren.

– Har du trua på at dette kjem til å gå dykkar veg?

– Jada, eg trur det altso. Eg har store forventingar. No hadde vi no sett av området i arealdelplanen før desse greiene. So eg tykkjer nesten vi må få lov til å bestemme sjølv.

Økern og Naturvernforbundet har andre ynskjer.

– Det er vel ikkje vanskeleg å gjette kva de håpar vert utfallet i denne saka?

Naturvernaren ler.

– Nei, det er då greitt nok, men eg trur ikkje det er so vanskeleg å gjette kva det vert heller. Det har stort sett gått den vegen uansett kva vi har heldt på med, seier Økern.

Motsegnet frå Statsforvaltaren i Nordland er framleis til behandling, og er enno ikkje sendt til departementet.