Hopp til innhold

Lofotkommune snur etter omstridt vedtak om å politimelde forelder

Moskenes kommune ville politimelde ein forelder som gjorde opptak av eit foreldremøte utan å seie ifrå. No snur dei og gjer om på reglane igjen.

Marlene Sæthre

Marlene Sæthre og to andre uavhengige representantar i kommunestyret bad om lovlegheitskontroll av vedtaket.

Foto: Privat

Saka skapte mykje merksemd òg utanfor kommunen. Retten til å ta opp ein samtale ein sjølv er del i, er heimla i norsk lov.

Kommunen hadde med andre ord eit vedtak i september om at kommunen skulle opptre strengare enn lova tilseier.

– Dersom dette vedtaket skulle bli ståande, ville vi hatt éi lov i Noreg og ein annan i Moskenes. Slik kan vi ikkje ha det, seier Sæthre.

– Kan ikkje ha eiga lov

Saman med dei andre uavhengige politikarane bad ho om at vedtaket måtte til lovlegheitskontroll.

– Vi har prøvd å seie ifrå i kommunestyret både då vedtaket vart gjort og etterpå. Vi har ikkje vorte høyrde, så til sist måtte vi ta dette skrittet, seier Marlene Sæthre.

Etter forvaltningslovas §30 skal klaga og lovlegskapskontrollen bli fremja for det organet som behandla vedtaket.

Viss organet står ved vedtaket, skal saka sendast til departementet. Gjeld lovlegskapsklaga vedtak treft av eit folkevalt organ, skal administrasjonen førebu saka og leggje fram ei innstilling for dette.

Her skal ein vurdere dei innvendingane som er retta mot vedtaket.

Opphevar vedtak

Etter denne vurderinga meinte kommunedirektør Steinar Sæterdal i Moskenes at vedtaket må opphevast.

Steinar Sæterdal

Kommunedirektør Steinar Sæterdal i Moskenes meiner at vedtaket må opphevast.

Foto: Kari Skeie / NRK

– Vi er svært glade for at kommunedirektøren har snudd i denne saka, påpeikar Sæthre.

I kommunestyret gjekk behandlinga utan særleg motstand, men SV fremja eit tilleggsforslag der det heiter:

«Kommunestyret ber om at det blir klargjort om aksept for ev. opptak / kringkasting av kommunale møte. Utover dette gjeld norsk lov.»

Dette punktet vart vedteke mot fire stemmer, dei to uavhengige og to frå felleslista, som meinte dette ikkje var nokon grunn til å vedta denne ordlyden.

Runhild Olsen seier at ho i ettertid angrar ho på at dette forslaget vart fremja. Ho er ein av SVs tre representantar i kommunestyret.

– Vi ser at det er eit ikkje-vedtak. Vi seier jo eigentleg berre at vi skal følgje lova, og det treng vi ikkje å vedta, seier Olsen.

Heit debatt

Ordførar Lillian Rasmussen seier at vedtaka i saka har vorte tolka medan det var mykje diskusjon om ulike saker i kommunen.

Lillian Rasmussen

Lillian Rasmussen, ordførar i Moskenes

Foto: Tommy Johansen

– Eg trur nok at i ein oppheita debatt vart vedtaket frå september tolka i alle retningar og det var ikkje heldig. No har kommunedirektøren hatt ein gjennomgang og det var semje om å oppheve vedtaket.

– Men òg at vi skal ta med vidare at det er ønske om at ein skal seie ifrå, eller spørje. Og ein må respektere det svaret ein får, dersom ein ønskjer å ta opp eller kringkaste, seier Rasmussen.

Paragrafen i kommunelova 11.6 seier at løyve til opptak og kringkasting av møte skal givast dersom nokon ber om det og det ikkje verkar forstyrrande på møtet.

Kommunedirektøren ser delar av det gamle vedtaket som eit problem. Han meiner at det treng ei presisering eller annan ordlyd.

«Vedtaket må vurderast ut frå kva som var bakgrunnen for at problemstillinga kom opp og det vart innkalla til eit ekstraordinært kommunestyre på kort varsel» skriv Sæterdal.

Starta med foreldremøte

Kommunedirektør Steinar Sæterdal ønskjer ikkje å bli intervjua. Han skriv dette i saksframlegget:

For ordens skyld: eit foreldremøte i ein barnehage er ikkje eit kommunalt møte som blir omfatta av kommunelova.

Alle har rett til å gjere opptak utan å gjere andre merksam på det, i samtalar eller møter der ein sjølv er deltakar.

Etter kommunestyremøtet vart vedtaket sletta, og SVs nye forslag vart vedtekne, mot fire stemmer og éin SV-representant som stemde for men skulle ønske det ugjort.