NRK Meny
Normal

Mørkved-drapet til Riksadvokaten

Statsadvokaten i Nordland har no sendt alle saksdokumenta som gjeld drapet på Mørkved i Bodø til Riksadvokaten.

Kvinne drept

Tobarnsmora Ann-Mari Solås vart stukke ned og drept på si eiga trapp like før jul.

Foto: Lunde, Bjørn Erik Rygg / SCANPIX

Like før jul vart tobarnsmora Ann-Mari Solås stukke ned av ein 43-åring på trappa utanfor heimen sin.

To sakkyndige har vurdert 43-åringen, og konkludert med at han er og var psykotisk, ifølgje forsvararen til mannen Nils Aga.

LES OGSÅ: Venter på psykiatri-rapport

LES OGSÅ: Psykotisk i gjerningsøyeblikket


Til Riksadvokaten

- Det er riksadvokaten som avgjer om det skal takast ut tiltale mot mannen. Dersom det vert teke ut tiltale, startar rettssaka 4.mai, seier statsadvokat Erik Thronæs.

Han kan ikkje seie noko om korleis statsadvokaten i Nordland vurderer saka.

LES OGSÅ: Fire nye uker i varetekt

LES OGSÅ: Sykehuset taus om Mørkved-drapet