NRK Meny
Normal

Mor tiltalt for grov vald – aktor ber om 3 års fengsel

Aktor la i dag ned påstand om 3 års fengsel for den tiltalte kvinna i 40-åra. – Tiltalte har utøvd psykisk og fysisk vald over minst 13 år, meiner aktor.

Bistandsadvokat Kristin Hammervik

Bistandsadvokat Kristin Hammervik og aktor Charlotte Ringkjøb i Salten tingrett tidlegare denne veka.

Foto: Gisle Forland / NRK

Sluttforhandlingane i rettssaka mot den tiltalte kvinna i 40-årene held i dag på i Salten tingrett. Ifølgje tiltalen skal kvinna blant anna ha slått borna sine og spyla dei utandørs om vinteren.

Mishandlinga skal ha starta i 2003 og heldt fram til i fjor. Ifølgje tiltalen skal mora blant anna ha låst borna sine inne, og berre slept dei toalettbesøk, køyrd borna til ein aude stad kor dei måtte overnatte aleine som straff for ikkje å ha gjort husarbeid, og ved minst eit høve ha spylt borna med vekselvis varmt og kaldt vatn.

– Tiltalte meinte at å teipe barnet sitt for munnen berre skjedde ved eitt høve var meint som tull og leik. Det er ikkje dei fornærma einige i. Det er klårt at mora gjorde de for å få borna til å halde kjeft, sa aktor Charlotte Ringkjøb då ho la ned påstand om tre års fengsel.

Ho meiner handlingane vil prege borna, som i dag er i slutten av tenarane, i fleire år framover.

– Alt me har prata om i retten dei siste dagane ser eg på som alvorlege hendingar som kan merke borna psykisk i framtida.

Bistandsadvokat Kristin Hammersvik fremma eit erstatningskrav på 130.00 kroner for kvar av dei tre råka barna.

Sprikande forklaringar

Den tiltalte kvinna og borna sine forklaringar sprikar på forskjellige punkt. Borna meiner mellom anna at dei sjølve måtte sørge for å kle seg etter vêr og vind, medan mora meiner ho tok vare på ungane.

– Barna mine betyr alt for meg. Eg håper at de ein dag skjønar at alt eg har gjort var av kjærleik, sa den tiltalte mora.

I dei fornærma si forklaring av då dei måtte sove ute, tok mora ifrå dei mobiltelefonen slik at dei ikkje skulle “ringje heim og lage styr”, forklarar aktor. Kvinna si forklaring er at ho ringde til borna for å sjekke at dei hadde det bra.

Korkje forsvarar, bistandsadvokat eller forsvarar la fram nye bevis i retten. Det er no berre oppsummering og prosedyrar som står att.

– Tiltalte skal ikkje bevise uskyld

Kvinnas forsvarar Tor Haug meiner aktors påstand vil vere svært øydeleggande for den tiltalte kvinna. Ho meiner straffa vil sette livet til tiltalte på vent, og at alle fakta må kome på bordet.

– Utgangspunktet i denne saka er berre ord mot ord. Der ligg få objektive prov på bordet. Då kan ikkje mora straffast, rimeleg tvil skal alltid komme tiltalte til gode, seie Haug.

Tor Haug

Kvinnas forsvarer Tor Haug.

Foto: Gisle Forland / NRK

– Dette er ei straffesak, og då må kvar ein stein snuast. Det er ikkje den tiltalte som skal bevise si uskuld, det er påtalemyndigheita som må bevise skuld. Eg seier ikkje dette for å leggje press på ungane, men me må vere sikre på at alt i denne salen skjer som det skal.

Skjelv i stemma

Heilt mot slutten av rettssaka gjev borna sine forklaringar. Ein etter ein fortel dei om sin oppvekst. ei av dei skjelv i stemma då ho fortel om å bli slått og lugga. Mora møter ikkje blikket til ungane, og då ho gjev si forklaring, gret ho. Det same gjer nokre av borna.

Kvinna erkjente seg ikkje skuldig då ho møtte i Salten tingrett måndag denne veka.