NRK Meny
Normal

Mishandla borna sine i 13 år, får ni månadar fengsel

Ei kvinne i 40-åra mishandla borna sine i 13 år. Aktor bad om tre års fengsel. I dag blei ho dømt til ni månadar, men verken av partane er nøgd med dommen.

Bistandsadvokat Kristin Hammervik

Bistandsadvokat Kristin Hammervik og aktor Charlotte Ringkjøb i Salten tingrett under rettssaka.

Foto: Gisle Forland / NRK

– Påtalemyndigheita er ikkje einig i at rett straff for påstandane om vald og mishandling tiltalen omtalar berre skal gje ei fengselsstraff på ni månadar, seier politiadvokat Charlotte Marie Ringkjøb.

I juni blei ei kvinne i 40-åra tiltalt i Salten tingrett. Ifølgje tiltalen skal mora blant anna ha låst borna sine inne, og berre slept dei toalettbesøk, køyrd borna til ein aude stad kor dei måtte overnatte aleine som straff for ikkje å ha gjort husarbeid, og ved minst eit høve ha spylt borna med vekselvis varmt og kaldt vatn.

I sluttforhandlingane bad aktor i saka om tre års fengsel for mora og bistandsadvokaten bad om 130.000 kroner i erstatning til kvar av dei tre borna. I tillegg skulle ho betale sakskostnadane.

Slik blei ikkje dommen.

Charlotte Ringkjøp i Salten tingrett

UBEHAGELEG: Då borna skulle forklare seg tidleg i rettssaka, gjorde dei det frå eit anna rom via ein skjem. Dei ynskja ikkje vere i same rom som mor si.

Foto: Gisle Forland / NRK

Ingen er nøgd med dommen

Kvinna blei i dag dømd til ni månadar vilkårslaus fengsel og må betale 90.000 kroner til kvart av borna. Ho må ikkje betale sakskostnadane.

– Påtalemyndigheita vil be Statsadvokaten i Nordland om at saka vert anka til Hålogaland lagmannsrett, skriv aktor Ringkjøb i ein e-post.

Ho seier Politiet er nøgd med at tingretten fann bevis for at mishandlinga tiltalen fortalde om fann stad. Likevel er dei ueinige då retten ikkje ser på dette som grov mishandling i nære relasjonar – eit lovbrott som krev strengare straff enn berre «vald i nære relasjonar».

Men heller ikkje den dømte kvinna eller hennar forsvarar er heilt einige i dommen. Kvinna har heile tida nekta straffskuld, og gjer det framleis.

– Ho meiner ho er uskuldig. Ho har ikkje tatt stilling til ei eventuell anke til lagmannsretten, men eg trur det kjem til å skje, seier forsvarar Tor Haug.

Tor Haug

USKULDIG: Forsvarar Tor Haug har gjennom rettssaka peika på manglande bevis og at dette burde sjåast på som streng barneoppseding, ikkje vald.

Foto: Gisle Forland / NRK

Ei eventuell anke frå ein av partane vil tidlegast verte behandla i lagmannsretten til hausten.