Hopp til innhold

Mindre trygdejuks

Berre halvparten så mange nordlendingar vart anmeldt for trygdejuks fyrste halvdel av 2007 samanlikna med året før.

 

Penger
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Årsaka er ikkje at folk har vorte ærlegare men at kapasiteten i NAV er for dårleg, seier direktør Magne Fladby for innkrevjing og kontroll i NAV.

Han fortel at dei hadde fleire saker i fyrste tertial enn dei klarte å behandle.

 

Fladby seier at det betyr at dei til hausten sit på meir kapasitet til å ta unna desse sakene. I tillegg kjem dei til å samle alt ansvar for å melde saker til politiet på ein stad.

 

 

Spår meir juks

Fladby er sikker på at trenden frå fleire år tilbake, nemleg at stadig fleire vert tekne for trygdejuks vil fortsette.

 

I fyrste tertial i år vart 366 nordmenn meldt til politiet for trygdejuks. Det er berre halvparten så mange som i same tidsrom året før.

 

 

42 menneske i Nordland, Troms og Finnmark vart også meldt til politiet, og det er særskilt svindel av dagpengar og sjukepengar det dreiar seg om. 

Grovare bedrageri

Magne Fladby i NAV ser også at svindelforsøka vert stadig grovare.

- Me har fleire grove bedrageri enn før, og ser også oftare systematisert misbruk seier Fladby. 

Arbeids og velferdsetaten ser også geografiske skilnadar. Fleire vert meldt til politiet i distrikta samanlikna med sentrale strøk.