Mikkel (9) er den einaste nynorskeleven i Nordland

Nynorsk er snart heilt borte frå grunnskulen i Nordland. På 20 år har talet på elevar med nynorsk som hovudmål gått ned frå 450 til ein elev dette skuleåret. – Litt dumt, meiner Mikkel Landro.

Mikkel (9) er den eneste nynorskeleven i Nordland. Nynorsk er snart helt borte fra grunnskolen i Nordland. På 20 år har tallet på elever med nynorsk som hovedmål gått ned fra 450 til en elev dette skoleåret.

Folkeeventyr er tema når tredje og fjerde trinn har norsktime ved Digermulen skole i Lofoten. Alle har same bøker bortsett frå ni år gamle Mikkel Landro.

Mens nynorsken har styrka seg på Vestlandet, har talet på nynorskelevar i Nord-Noreg og Trøndelagsfylka gått ned frå nesten 1.200 i 1996 til 15 elevar i år. For 20 år sidan fekk nærmare 450 elevar i grunnskulen i Nordland all undervisning på nynorsk. No er det berre ein elev igjen.

– Det er litt rart at det er berre eg. Litt dumt eigentleg, seier Mikkel Landro (9).

I fjor flytta han til Digermulen i Lofoten saman med familien frå Voss. Det var aldri aktuelt å bytte målform.

– På Voss hadde alle i klassen nynorsk. Ingen hadde bokmål. Det var litt rart i byrjinga, men no er eg vant til å vere den einaste med nynorskbøker, fortel niåringen.

Lange tradisjonar

Nynorskelev Mikkel Landro ved Digermulen skole i Lofoten

– På Voss hadde alle i klassen nynorsk. Ingen hadde bokmål, fortel Mikkel.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Nynorsk har lange tradisjonar i Nordland, spesielt på Helgeland. I Vefsn kommune har nynorsken hatt sterke røter, men ved Olderskog skole i Mosjøen er det no sju år sidan dei siste nynorskelevane gjekk ut. Inspektør Trine Bukten må på lageret for å finne spor etter språktradisjonen.

– Her fann eg ei nynorskbok. Eg veit ikkje heilt kvifor nynorsken vart borte. Tidlegare hadde vi mange nynorskelevar. Vi hadde gjerne ein klasse på kvart trinn, fortel Bukten.

– Tragisk

I 2003 blei Opplæringslova endra, og norske skuler kunne samle både nynorsk- og bokmålselevar i same klasserom. Fordelen med å gå i ein eigen liten klasse om du valde nynorsk vart borte.

Norsklærar på Mosjøen vidaregåande skole Per Sjåvik og mangeårig mållagsmann meiner endringa blei nådestøtet for nynorsk som hovudmål i nord.

– Det gjorde at mange foreldre gav opp. I dag kjempar nynorsken i motvind på alle frontar. Det er tragisk. Det å ha to målformer gjer språket vårt rikare. Nynorsk ligg dessutan nærmare dialektane på Helgeland enn bokmål, seier han.

– Ikkje skulen si skuld

I Noregs Mållag vil dei ikkje gje endringane i skulen all skuld for at nynorsken er svekka nord for Dovre.

Ingar Arnøy, Noregs Mållag

– Når du sjeldan høyrer nynorsk oppfattast det som unøytralt, mens bokmål blir oppfatta som det normale og naturlege, seier rådgivar Ingar Arnøy i Noregs Mållag.

Foto: Geir Røed / NRK

– På Vestlandet er nynorsk eit bruksmål i dagleglivet, både i kommunen, i næringslivet, organisasjonar, i media og privat. Då står nynorsken sterkare som språk i skulen, seier rådgivar Ingar Arnøy.

Frå Trøndelag og nordover finst det svært lite nynorsk utanfor skulen.

– Då opplever foreldra som ynskjer at borna deira skal læra seg nynorsk at skilnadane blir for store.

Tilbake i Lofoten er det klart for langfriminutt. På toppen av snøborga står Nordland sin einaste nynorskelev. Til sommaren flyttar han tilbake til Voss, kor han blir ein av mange i ein rein nynorskklasse.

– Eg trur ikkje det blir så stor forandring. Men det blir fint, seier han.

Mikkel Landro, nynorskelev ved Digermulen skole

Mikkel Landro (t.h.) har fått kompisen sin Kristoffer til å seie ikkje i staden for ikke.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål nord for Dovre

1995-1996:

1173 elevar

(Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark: 74 + 538 + 364 + 197 + 0)

1996-1997:

1254 elevar

(75 + 523 + 447 + 209 + 0)

1997-1998:

879 elevar

(36 + 558 + 119 + 166 + 0)

1998-1999:

845 elevar

(96 + 476 + 111 + 160 + 2)

1999-2000:

804 elevar

(99 + 442 + 95 + 167 + 1)

2000-2001:

658 elevar

(96 + 369 + 74 + 118 + 1)

2001-2002:

728 elevar

(85 + 471 + 63 + 109 + 0)

2002-2003:

445 elevar

(36 + 283 + 40 + 86 + 0)

2003-2004:

440 elevar

(84 + 239 + 38 + 79 + 0)

2004-2005:

357 elevar

(79 + 181 + 29 + 67 + 1)

2005-2006:

226 elevar

(75 + 91 + 12 + 47 + 1)

2006-2007:

178 elevar

(55 + 56 + 11 + 55 + 1)

2007-2008:

160 elevar

(50 + 48 + 11 + 50 + 1)

2008-2009:

138 elevar

(42 + 36 + 10 + 50 + 0)

2009-2010:

109 elevar

(35 + 32 + 12 + 30 + 0)

2010-2011:

89 elevar

(33 + 34 + 11 + 11 + 0)

2011-2012:

62 elevar

(39 + 0 + 2 + 21 + 0)

2012-2013:

52 elevar

(40 + 0 + 1 + 10 + 1)

2013-2014:

65 elevar

(52 + 2 + 1 + 10 + 0)

2014-2015:

58 elevar

(44 + 0 + 2 + 10 + 2)

2015-2016:

15 elevar

(5 + 0 + 1 + 9 + 0)

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Nynorsk-elevar i Noreg

1995-96

77.904 av 395.161 elever (16,4).

2001/2002:

89.235 av 510.667 elever (14,8).

2009/2010:

81.214 av 615.719 elever (13,2).

2015/2016:

76.389 av 623.755 elever (12,2 prosent).

Kilde: Grunnskolens Informasjonssystem - GSI

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Adrian (27) må vise finger, rope, rekke tunge og lage kysselyder. Helst når det passer ekstremt dårlig.
Venke opplevde enhver hesteeiers mareritt da hun oppdaget en fremmed mann i stallen hennes.