Hopp til innhold

Melby kritiserte skuleprioritering i Bodø utan å sjekke med kommunen: – Ganske drygt

Ordførar i Bodø, Ida Pinnerød, vart sjokkert då skulepolitikken i Bodø vart trekt fram som eit skrekkeksempel av kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Ida Pinnerød, ordfører Bodø kommune.

Ordførar i Bodø, Ida Pinnerød, synest det er drygt å setje strek mellom tilbod om gratis skulemat og kutt i lærarstillingar.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

– Bodø er ein av kommunane som faktisk har prioritert skulemat. Veit de korleis dei har finansiert det?

Det spurte kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby på kveldens partileiardebatt.

Ho venta ikkje på svar frå dei andre politikarane.

– Med å kutte i talet på lærarar.

Det er Ordførar i Bodø, Ida Pinnerød (Ap), ikkje einig i.

Vart sjokkert

– Det er ganske drygt. Det er ein så grov forenkling at eg er sjokkert over at ein statsråd i det heile tillét seg sjølv å gjere noko slikt.

Det seier Ida Pinnerød frå Arbeidarpartiet som er ordførar i Bodø.

Melby hadde nemleg uttalt seg utan å undersøke det med korkje Pinnerød, kommunen, eller rådmannen.

Partilederdebatt i Bodø

Det var på partileiardebatten i kveld at Melby kritiserte prioriteringa i skulen i Bodø.

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

Partileiar i Ap Jonas Gahr Støre kunne ikkje svare programleiar Fredrik Solvang på om det stemte under debatten i kveld.

Han sa i staden at det skuldast at kommuneøkonomien har vore alt for stram.

Det kan Pinnerød i Bodø skrive under på.

– Det stemmer at vi i år måtte kutte i nokre lærarstillingar i år, men det er rett og slett fordi vi har beintøffe kår i Kommune-Noreg.

Pinnerød seier at under deira styre har dei hatt tidenes kommuneløft i Bodø, og tilsett meir enn hundre nye i skula i Bodø.

Ho skuldar på kraftige kutt og effektivisering frå Solberg-regjeringa si side for at dei har måtta kutte i lærarstillingar.

I tillegg seier ho at Bodø kommune har fått eit lågare elevtal.

– I Bodø har fått ein privatskule mot kommunestyret sin vilje. Det gjer at elevar vert flytta frå den kommunale fellesskulen til privatskular. Då vert pengane og flytta med dei.

Og når det kjem til skulematen – det har Pinnerød òg eit svar på.

– Skulematen er finansiert som eit forprosjekt fram mot 2023. Då skal han verte rulla ut fullt i skula.

Difor meiner ho at det ikkje stemmer som kunnskaps- og integreringsministeren seier -at dei brukar mange millionar på skulemat i dag.

– Horribelt å bruke pengar på skulemat

Ida Gudding Johnsen i Nordland Venstre stiller seg derimot rett bak sin partileiar.

– Viss ordføraren skvett av eigen politikk er det på tide at ho ser at ho prioriterer lærarstillingar framfor skulemat.

Ida Gudding Johnsen

Ida Gudding Johnsen meiner at om ordføraren skvett av eigen politikk er det på tida å prioritere lærarstillingar framfor skulemat.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Ho er samd med Pinnerød om at det er trong kommuneøkonomi.

– Og det er nettopp derfor horribelt å bruke pengar på gratis skulemat. Ein kan i staden bruke pengane på å ha lærarane i klasserommet.

Johnsen seier òg at det ikkje er rett å skulde dette på den nye privatskular i byen.

– Det kuttet som vert gjort i lærarstillingar står ikkje i forhold til talet på elevar som byter over til privat skule, seier ho.

Ho kan vere med på at elevtalet vert redusert på sikt, men seier at den nedgangen ikkje kjem i år.

– Eg forstår ikkje korleis ordføraren kan meine at det er gale å seie at ein kuttar i lærar samstundes som ein bruker pengar på gratis skulemat, seier ho og legg til

– Vi får heller fase inn gratis skulemat når kommuneøkonomien tilseier at vi har råd til det.